Debattinnlegg i Finnmarksaviser, prenta bl.a. i Altaposten 27.10.2008 og Ságat 28.10.2008.

Naturvernforbundet mot sameretten?

Flere aviser i Finnmark har den siste tida slått opp at leiar for Naturvernforbundet i Finnmark, Dag T. Elgvin, åtvarar mot ein samisk stat. Han hevda at ein samisk stat er ein konsekvens både av at kommunar ikkje vil følge motorferdselslova og av at det blir oppretta stadig fleire samiske institusjonar, og at dette er samepolitikarane sitt eigentlige, skjulte mål. Med dette har fylkesleiaren kasta seg på bølga av angrep på samiske organisasjonar og institusjonar og på den rettsutviklinga som har vore i forhold til samiske rettar i Finnmark. Finnmark Dagblad framstiller saka slik: "Finnmark Naturvernforbund tror noen samer jobber aktivt for etablering av en egen stat." Så vidt eg veit har ikkje Naturvernforbundet verken på fylkesplan eller sentralt gjort noko vedtak om kva ein trur om dette, men slik Elgvin har uttalt seg, forstår eg det godt om både lesarar og journalistar oppfattar dette som Naturvernforbundet sitt syn.    

        Underteikna er medlem av Naturvernforbundet og støttar i prinsippet forbundet sitt arbeid for å redusere bruken av motorkjøretøy i utmark. Eg støttar også forbundet sin kritikk av den slepphendte dispensasjonspraksisen i mange kommunar. Men når Naturvernforbundet blir brukt til eit angrep både mot Finnmarkslova, Sametinget og samiske institusjonar, og til skuldingar om at samiske organisasjonar er uærlige og har ein skjult agenda om samisk stat, da er eg ikkje med lenger.

        Elgvin har lagt fram desse påstandane i intervju der han står fram som leiar for Naturvernforbundet i Finnmark. Med dette gjør han det omtrent umogleg å arbeide for Naturvernforbundet i samiske område, fordi forbundet må bli oppfatta som ein motstandar av kampen for samiske rettar generelt. Eg vonar at både Naturvernforbundet sentralt og fleirtalet i fylkesstyret i Finnmark vil gå ut og ta klar avstand frå dette utspelet. Dersom det ikkje skjer, vil nok mange med meg måtte ta opp medlemskapen i Naturvernforbundet til alvorlig vurdering.

Svein Lund
Guovdageaidnu

PS. For dei som vil sjekke kva som har stått på prent, viser eg til bl.a. Ságat 18.10, Ávvir 23.10 og Finnmark Dagblad 24.10.2008


Til hovudsida.