Av SVEIN LUND, Dividalen
Med denne sangen blei dei to politifolka frå Målselv lensmannskontor møtt da dei måndag føremiddag blei sendt opp i Dividalen for å fjerne 13 unge demonstrantar. Demonstrantane sperra inngangen til tunnelen som skal byggas opp til toppen av fjellet Njunis, der NATO skal bygge ein ny radar.
Det var AMOK (Aksjon mot opprustning og krig) som stod bak aksjonen i lag med Natur og Ungdom. Demonstrantane kom frå Tromsø og Narvik. Dette er tredje gangen at det blir demonstrert mot denne utbygginga. Første gangen var i desember i fjor, før anleggsarbeidet starta. For tre veker sidan satte aktivistar frå NU og AMOK seg for første gong i tunnelopninga og hindra arbeidet i 4-5 timar. Måndag morgon slog dei dei til igjen, og holdt tunnelen sperra frå kl.06.00 ti1 kl. 13.00
Det kan av og til vere lurt å ha sjekka ein del ting på førehand. Slikt som arbeidstida. «Alle» visste at dei byrja kl.07.00. Men klokka var knapt 06.00 da dei første maskinane starta opp. Og da litt slukøra og morgontrøtte demonstrantar kom seg på plass, hadde ein maskin alt kome seg inn i tunnelen for å hente utsprengt masse. Etter fem minutt slapp han ut igjen, men så blei det stengt. Tunnelinngangen blei nesten stengt av eit stort lerret med «Stans opprustninga - Spar Njunis!» og bakom det laga dei bål for å holde varmen. Eit par gonger forsøkte anleggsarbeidarar å kjøre inn i tunnelen, men ga opp da demonstrantane ikkje lot seg skremme.
Etter 3-4 timar kom det alle venta på; Statsmakta representert ved to betjentar frå Målselv lensmannskontor. Dei skreiv opp namn og adresser og etter kvart som dei fikk det, jaga dei demonstrantane ned i teltleiren. Til slutt kom dei sjølv etter, for å forsikre seg om at dei hadde fått alle forbrytarane inn i boka. Plutselig spring alle demonstrantane tilbake til tunnelopninga, fire av dei lenkar seg saman, og da lensmannsbetjentane kjem etter, kan dei bare riste på hovudet og kjøre bort.
Etter ein times tid er dei tilbake. Dei samme to. Fortsatt utan anna utstyr enn penn, papir og fotoapparat. Besluttsamt går dei laus på dei fire i lenker. Det fell ikkje særlig heldig ut for representanantane for Makta.
Dei forsvann igjen, og klokka 12.00 melde NRK-Troms at Målselv lensmannskontor hadde bede om forsterkningar frå Tromsø, og at dei no var på veg. Ein time seinare vedtok aksjonistane med knapt fleirtal å blåse av for dagen. Og da den samme politibilen kom igjen for tredje gang, sto 13 reiseklare ungdommar i teltleiren og vinka til dei.
Kor mange bilar som måtte gjøre vendereis til Tromsø veit vi ikkje. Men våre venner frå Målselv ville ikkje gi seg så lett, og da Klassekampens utsendte var på veg bort frå anleggsområdet, kom dei oss i møte og ba om førarkortet. Og no skal vi få den ære som journalist å ha brote loven ved å hjelpe ulovlige demonstrantar. Bevis: Ein demonstrant som passasjer og 9 lavvostenger på takgrinda. Vi ser fram til ei interessant rettssak.
Tunnelarbeidet er berekna å ta tre år. For kvar dag dei blir forsinka må maskinenentreprenøren ut med 50000 kroner i dagmulkt, og aksjonistane er truga med 20000 i erstatningskrav.
Til no har det vore nokså lite bråk omkring Njunis-utbygginga. Aksjonistane håper dei med dette kan få meir offentlig diskusjon og at fleire vil engasjere seg i saka. I går fikk aksjonen støtte frå leiaren i AUF i Troms. Såvidt vi kjenner til er det første gang nokon har prøvd å stoppe ei forsvarsutbygging i Norge. Det er svært lite som tyder på at det er siste gangen. Aksjonistane har lova å komme tilbake, og dei oppmodar og andre som vil verne naturen og freden om å delta i kampen mot Njunis-utbygginga.
Bilettekst:
Demonstrantar frå AMPK (aksjon mot opprustning og krig) i lag med Natur og Ungdom aksjonerte mandag mot utbygginga av radaranlegget på Njunis i Dividalen, (Foto: Svein Lund)
Såvidt utafor øvre Dividalen nasjonalpark ligger fjelltoppen Njunis, (1703 moh), ein av dei aller høgaste i Troms. På toppen her skal NATO bygge ein silo-radar, som kan senkas ned i fjellet ved angrep. Frå Dividalen like ved garden Frihetsli er det bygd 2 km anleggsveg oppover fjellsida. Herifrå skal vegen gå 9 km i tunnel gjennom fjell opp til toppen. Til no er det bare sprengt ut 50-60 meter.
-Når Norge gir Gorbatsjov fredsprisen, kvifor treng da Forsvaret å investere 5 milliarder i Nord- Norge på å forsvare oss mot han? Det lurte demonstrantane på, og det kan nok vere mange som lurar med dei.
Men NATO sine vedtak om «modernisering" av radarsystemet i Nord-Norge blei fatta under den kalde krigen, og lar seg ikkje endre så lett. Ved sida av Njunis-radaren skal det byggas ein tilsvarande på Senja. Kvar radar kjem på 5-600millionar, omlag 1/4 av dette må Norge betale, resten kjem frå NATO sitt infrastrukturprogram.
Fleire av utbyggingsprosjekta i Troms kjem klart i strid med miljøverninteresser, samiske interesser og lokale skyte -og øvingsfelt i Mauken/Blåtind (Balsfjord/Målselv kom munar) og ammunisjonslageret ved Skoddebergvannet i Skånland kommune.
Bilettekst:
Demonstrantar ved tunellopninga til Forsvarets nye radaranlegg på Njunis, der anleggsarbeidet blei stoppa på mandag. (Foto: Svein Lund)
Til startsida