Kvifor trekke den gamle historia og fjerne verdsdelar inn i norsk naturverndebatt? Jo, fordi at vi faktisk har ein parallell på heimebane i dag. Og eg vil her stille spørreteikn ved kva rolle Naturvernforbundet spelar.
Eit fleirtal av nasjonalparkane i Noreg, og over halve det samla arealet er i samiske bruksområde, men dette faktum har fått forholdsvis liten merksemd i behandlinga av og informasjonen om desse nasjonalparkane.
A er det tradisjonelle samiske synet. Naturen har vore spiskammers, der ein har henta ved og materiale for handarbeid (duodji), der ein har jakta, fiska og plukka bær. Fram til i dag hentar befolkninga i alle fall i Indre Finnmark meir ressursar frå naturen enn det som er vanlig elles i landet. Og for ein stor del brukar folk område som tradisjonelt har vore brukt av deira familiar og bygdelag gjennom mange generasjonar.
B er synet til gruveselskap, kraftutbyggarar, oljeselskap osv. Dei ser bare kva som kan vere lønnsamt å vinne ut, og bryr seg mindre om korleis naturen ser ut etterpå. Ein kan trygt legge ein stor del av sentrale og lokale partipolitikarar til denne gruppa.
C er eit utbreidd syn i turistforeningar, jeger- og fiskarforeningar og naturvernorganisasjonar.
For å sette det på spissen: Naturvernforbundet står som eksponent for C, kjempar mot B og overser eller avviser A.
Eg skal gi eit par eksempel på den siste påstanden, henta frå NNV sine eigne internettsider:
1) 25.11.2004 skreiv Jan Wengen, Naturvernforbundets kontaktperson i Vadsø, eit innlegg som blir presentert som at han «har skrevet et godt tilsvar», noko eg oppfattar som at NNV går god for synet hans:
«Naturvernforbundet er en organisasjon som støtter naturfolks kamp for deres rettigheter over hele verden. Når vi snakker om naturfolk, menes det mennesker som lever i takt med naturen. Det er ikke slik at all kultur, som var et resultat av den tid en levde i, nødvendigvis skal føres videre i dag. I de tider der høsting i utmarka var en nødvendighet, brukte alle, også nordmenn og finner, alle tilgjengelige midler for å skaffe seg mat. I dag er dette ikke nødvendig. Det er billigere å kjøpe maten på butikken enn å kjøpe seg en 4-hjuling for å kjøre til fjells for å hente maten der. Der motoriserte hjelpemidler brukes i næring i utmarka, aksepteres det. Der det brukes i "kulturbasert utmarkshøsting", aksepteres det ikke. Dette er ikke næring.»
(Kjelde: http://www.naturvern.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=67892)
Her seiast det i klartekst at sidan dei i dag kan kjøpe mat på butikken, har det ikkje lenger noko verdi at folk utnyttar naturen til matauk. Det er ei skremmande arrogant urban haldning. Bare utnytting av naturen for å få pengeinntekter blir akseptert, ikkje mat og ved til eige hushald.
2) NNV sin fagleiar Arnodd Håpnes avviser 08.03.2008 lokal forvaltning med at staten veit best:
«- Selve meningen med vern er å hindre at områdene benyttes på slike måter som de lokale forvaltningsmyndighetene har åpnet for. Naturfaglig kompetanse om og hvordan de best tas vare på, er helt avgjørende for at et forvaltningsregime skal kunne gjøre en god jobb. I dag er det stor mangel på denne kompetansen lokalt, noe som svekker en slik forvaltning, heter det videre i Naturvernforbundets brev.»
(Kjelde: http://naturvern.imaker.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=128475)
Ikkje eit ord om at lokale brukarar av områda kan ha kunnskapar og meiningar som kan vere noko verdt.
Finnmarkslova seier at ein skal ta omsyn til tradisjonell bruk ved endra bruk av utmark, og heller ikkje vernearbeidet kjem unna dette. I samband med verneplanane for Guovdageaidnu har Fylkesmannens miljøvernavdeling tinga ei undersøking både av bruken av dei aktuelle verneområda spesielt og av utmarksbruken i Guovdageaidnu generelt.
Frå Naturvernforbundet har det og kome nokre signal i samme retning. Det første var forbundsleiaren sitt møte med representantar for Sametinget i vinter, det neste at NNV Finnmark på arbeidsplanen har vedtatt at ein skal arbeide med spørsmål som gjeld «Samiske rettar, naturbruk og natursyn». Men resultata står enno igjen å sjå.[1] Eit godt tiltak ville vere om nokon vil følge opp dette innlegget.
Svein Lund
leiar i Naturvernforbundet - Guovdageaidnu
[1]