Er nasjonalparkar godt naturvern?
Innleiing på fylkesårsmøte i Naturvernforbundet i Finnmark 09.04.2011
Oppretting av nasjonalparkar og andre verneområde har vore eit sentralt krav frå Naturvernforbundet i 1914 blei oppretta under namnet Landsforeningen for Naturfredning. Det har vore eit sjølvsagt fundament som få eller ingen har stilt spørreteikn ved. Så seint som i vinter uttalte forbundet at nasjonalparkplanen av 1993 må gjennomførast snarast, og det var ingen forbehold ved dette kravet.
Eg vil i dette innlegget stille nokre spørreteikn ved korleis nasjonalparkar virkar i Noreg og på verdsbasis og ut frå det spørre om det ikkje er på tide å ta opp ei kritisk vurdering av den politikken Naturvernforbundet har på dette området.
Naturbruk eller naturforbruk?
Folk som har levd i nær kontakt med naturen har oftast også visst å ta vare på ressursane, dei visste kor mye dei kunne jakte og fiske utan at bestanden blei truga. Om vi går tilbake til den samiske siidaordninga, ser vi at dei fordelte jakt- og fiskeområda seg i mellom, mens visse aktivitetar som villreinjakt kunne bli organisert samla. Dei visste kor mye dei fanga, og ikkje minst dei visste kven som utnytta naturressursane i eit område. Dette var god naturforvaltning og naturvern i praksis. På Finnmarksvidda har meir avsides bygdelag drive slik opp mot vår tid. Dette betyr ikkje at dei ikkje påverka naturen rundt seg. Frå fleire fjordar i Nord-Noreg veit vi at samar tilbake på 1500-1600-talet flytta buplassane når dei hadde hogd ned skogen i nærområdet, og så kunne dei flytte tilbake når denne var vakse til etter eit par tiår. Dette fungerte så lenge det var ledige område å flytte til.
Men langt tilbake veit vi at naturressursane også var tiltrekkande for folk utafrå. Det førte til eit press på ressursane på to måtar: Enten ved at dei sjølve byrja å jakte eller fiske, eller ved at dei pressa lokalbefolkninga til å auke ressursuttaket gjennom skattlegging og handel. I Sápmi var den siste metoden sterkt medverkande til utrydding eller drastisk reduksjon av bestandane av villrein, bever og pelsdyr, med påfølgande overgang til reindrift som hovudnæring.
Dei som kom utafrå utnytta gjerne ressursane utan tanke på balansen i naturen. Sidan dei ikkje hadde noko fast tilknyting til landet, kunne dei tømme eit fiskevatn eller ein fjord, utrydde ein bestand av pattedyr, fugl eller fisk eller hogge ned ein skog. Neste år kunne dei bare flytte til ein annan stad, eller eit anna land.
Størstedelen av verda har vore eller er framleis styrt av folkeslag som opprinnelig ikkje hørte til i området, men som var kolonistar eller deira etterkommarar. Nettopp utnyttinga av naturressursane var hovuddrivkrafta i koloniseringa, anten det gjaldt mineralar, jordbruksområde eller fisk, anten det var i Amerika, Afrika, Sibir eller på Nordkalotten. "Vi har ett Indien i norr", som ein svensk stormann sa på 1600-talet da han tok til orde for kolonisering av område der samane enno var aleine om å bu.
Kolonistane si utnytting av naturressursane førte mange stadar til enorme endringar av naturmiljø. Råstoffa som blei tatt ut av naturen blei i svært stor grad ført tilbake til kolonimaktene og foredla og forbrukt der. Dette mønsteret kjenner vi frå Finnmark til Latin-Amerika. Kolonistar ønska og ønsker minst mogleg restriksjonar på si utnytting av naturressursane. Sjølv om det tidligare koloniveldet i stor grad er formelt avskaffa, ser vi framleis mye av det samme mønsteret, no med den overnasjonale storkapitalen som kolonimaktene sin etterfølgar, og med støtte av dei gamle kolonimaktene, verdas fremste koloniststat USA og deira internasjonale organisasjonar som WTO og Verdsbanken.
Idear om vern
Gjennom hundrevis av år har det vore folk som har åtvara mot at kortsiktig forbruk av naturressursane kunne utarme dei på lengre sikt. I Noreg kjenner vi lovar til vern om laksebestanden heilt frå 1100-talet. Etter kvart har det både i Noreg og andre land kome reguleringar på bruken av ressursane, f.eks. begrensing av jakt, fiske og tømmerhogst.
Etterkvart innsåg også folk blant kolonist- og bybefolkninga at det var nødvendig å sette grenser. Ein var i ferd med å dyrke opp alt som kunne dyrkast, hogge ned alt som kunne hoggast og fiske opp alt som kunne fiskast, samtidig som at problema med avfallsstoffa frå menneskelig produksjon og forbruk blei stadig større.
Tiltaka som har blitt foreslått og delvis gjennomført kan delast i tre hovudgrupper: Utslippsregulering, artsvern og områdevern. Desse heng tildels saman, for eksempel kan eit verneområde bli oppretta for å verne om bestemte sårbare artar.
Ideen bak områdevernet var å bevare samanhengande område med nokonlunde intakt natur, der det ikkje skulle vere lov å bygge vegar, gruver osv., og der dyre- og plantelivet skulle få vere i fred. Motiva for dette kunne vere ymse, dels vitskapelige, dels estetiske, dei ville ha ein stad der dei kunne sjå "vill" natur, gamle tre og ville dyr. Samtidig innsåg ein tidlig at dette også kunne trekke turistar frå nær og fjern, og at det såleis var pengar å tjene på å verne nokre område.
Nasjonalpark bygd på fordriving
Den første nasjonalparken i verda blei oppretta i 1872 i Yellowstone i USA. Den blei oppretta kort tid etter at dei kvite hadde fått kontroll over området. Urfolka i området blei forviste, og nasjonalparken blei lenge administrert av den amerikanske hæren! Når urfolka i det heile har vore nemnd i samband med nasjonalparken, har det anten vore påstått at dei ikkje brukte området, eller at dei forlot det frivillig. I 2004 kom det ut ei bok som tilbakeviste begge desse løgnene, under tittelen Restoring a Presence: American Indians and Yellowstone National Park. Etter det har det blitt vanskeligare å skjule denne historia, og på nettsidene til National Park Service står det i dag:
From about 11,000 years ago to the very recent past, many groups of Native Americans used the park as their homes, hunting grounds, and transportation routes. These traditional uses of Yellowstone lands continued until a little over 200 years ago when the first people of European descent found their way into the park.
Det som ikkje står er korleis dei opprinnelige brukarane av området blei fordrive.
Yellowstone er bare litt mindre enn Guovdageaidnu kommune, litt større enn det største verneområdet på Nordkalotten, Laponia-området i Sverige. Parken har årlig omlag 3 millionar besøkande og 3500 tilsette. Han har fått status som UNESCO verdsarv, men i UNESCO sin informasjon om nasjonalparken er det ikkje sagt noko om kven området er tatt frå.
Nasjonalparkideen spreier seg
Frå Yellowstone har ideen om nasjonalparkar spreidd seg over verda og namnet National Park har blitt direkte omsett til andre språk, utan noko kritisk vurdering av om det er snakk om parkar og om dei er nasjonale.
I Sverige blei det allereie i 1909 oppretta 9 nasjonalparkar, omlag halvparten i samiske bruksområde.
Det første forslaget om nasjonalparkar i Noreg kom i 1904 frå Yngvar Nielsen. Han var formann i Den norske Turistforening, historikar og geograf og kjent for sine teoriar om at sørsamane ikkje kom til Trøndelag før i nyare tid. Han hadde eit svært negativt syn på samar og skriftene hans har fram til vår tid vore brukt som argument mot sørsamiske rettar til reinbeite.
Det skulle ta lang tid før vi fikk nasjonalparkar i Noreg, men vi fikk freda område med andre namn, bl.a. Sylene botaniske park i 1917. I grunngivinga for denne kjem det klart fram den todelte grunngivinga for verneområde: "at søke de vakre turistdistrikter omkring Sylene fredet paa betryggende maate, saa de vedblivende kan faa bevare sin tiltrækning for turistene".
Den første norske nasjonalparken var Rondane i 1962, den andre Børgefjell i 1963. Børgefjellparken blei oppretta i eit reinbeiteområde, men utan at samane som dreiv reindrift her hadde noko dei skulle ha sagt, og først i 1990 kom det samiske namnet Byrkije i bruk på nasjonalparken. I dag har Noreg 34 nasjonalparkar1, godt over halvparten av dei er i reinbeiteområde.
Dobbel målsetting
Nasjonalparkane har beholdt den doble målsettinga frå Sylene botaniske park, og mange har innsett at det lett kan bli ei motsetning mellom dei. I boka Finnmark fra 1979 (i serien Bygd og by i Norge) skriv Steinar Wikan: "Hovedhensikten med å opprette nasjonalparker er å bevare urørt, opprinnelig og særpreget natur for etterslekten. ... Dernest skal nasjonalparkene være hele landets "grønne lunge", et sted hvor vi og vår stressede og oppjagede tilværelse kan finne fysisk og psykisk fred og avkopling. Denne siste hensikt kan i enkelte tilfeller være vanskelig å forene med hovedhensikten om å bevare et område urørt med alle de dyr og planter som der er å finne."
Likevel var det i denne tida enno lite snakk om korleis desse områda er brukt av lokalbefolkninga. I ein 10 siders artikkel om dei daverande 3 nasjonalparkane i Finnmark er reindrifta så vidt nemnd for to av dei, anna bruk er ikkje drøfta.
Også Direktoratet for naturforvaltning har aktivt fremma turismen i nasjonalparkane. I brosjyra Norges nasjonalparker - kart og informasjon blir alle ønska velkommen til nasjonalparkane, kva desse parkane betyr for lokalbefolkninga er ikkje nemnd. I tillegg til brosjyrer, bøker og internettinformasjon om nasjonalparkane, er det oppretta heile 20 nasjonalparksenter. Desse er private, men "autorisert av miljøforvaltningen". Dei skal gi informasjon om nasjonalparkane, men samtidig tjene pengar på dei.
Nasjonalparkar er den mest kjente form for områdevern, både i Noreg og i mange andre land. Det er nasjonalparkane som blir innteikna på kart, det er dei som får eigne bøker. Eg kjente til boka og bokserien "Norges nasjonalparker", men korleis nasjonalparknamnet virkar som ein turistmagnet såg eg først klart da eg i ein bokhandel i Polen kom over ei heilt liknande bok med tittelen "Parki narodowe w Polsce", heilt tilsvarande den norske boktittelen.
Både i Noreg og Polen har eg inntrykk av at nasjonalparkane i første rekke tiltrekker seg innanlandske turistar, sjølv om det og kjem ein del utlendingar. Andre land har satsa langt meir på å bruke nasjonalparkane til å trekke utanlandske turistar til landet. Kjente eksempel er her nasjonalparkar i Tanzania og Sør-Afrika. Men også Finland satsar stort på dette. Denne oppfordringa er lagt ut på http: lapland-travel-info.com: "Come and Experience the Wilderness and Solitude of the Finnish National Parks of Lapland".
Fleire vernekategoriar
Nasjonalparkar er altså eit internasjonalt fenomen, men både internasjonalt og i Noreg finst det fleire andre kategoriar av verneområde. IUCN - International Union for Conservation of Nature - er ein internasjonal organisasjon stifta i 1948, med over 1000 statlige og ikkje-statlige organ og organisasjonar som medlemmar i 140 land. IUCN opererer med 7 hovudtyper av verneområde:
Strict Nature Reserve, Wilderness Area, National Park, Natural Monument, Habitat/Species Management Area, Protected Landscape, Managed Resource Protected Area.
Eg vil her spesielt nemne den siste, som er definert som "protected area managed mainly for the sustainable use of natural ecosystems."
I den nye naturmangfoldlova er det lagt opp til ei forenkling, i det ein bare vil ha fire hovedvernekategoriar:
.
Nasjonalparker
Landskapsvernområder
Naturreservater
Biotopvernområder
Mens tidligare lovar om naturvern har blitt vedtatt utan omsyn til samiske interesser, var dette ikkje lenger mogleg da naturmangfoldslova skulle behandlast i 2008. Vi hadde da fått Samelova og i samband med Finnmarkslova blei det innført ei ordning med konsultasjonar mellom Sametinget og aktuelle departement. Før naturmangfoldslova blei vedtatt hadde Sametinget derfor konsultasjonar med Miljøverndepartementet. Her klarte ein å få inn i lova meir omsyn til samiske interesser enn før, men Sametinget fikk ikkje gjennom sitt syn på områdevern:
"Sametinget mener det kan være hensiktsmessig å opprette ressursforvaltningsområde i samsvar med IUCNs vernekategori VI, som er en ny vernekategori fordi det på en bedre måte vil ivareta bærekraftig bruk og høsting. Departementet viser til at gjeldende naturvernlov ikke har en slik ressursforvaltningskategori, og at ressursbruk er ikke et mål for områdevern. Der målet med arealet er ressursbruk er ikke naturmangfoldsloven hovedadressanten, men ulike ressurslover og plan- og bygningsloven. Departementet foreslår derfor ingen endringer på dette punktet. Sametinget tar dette til etterretning." (Mi utheving. SL)
Verna område i Noreg
Mengda av verna område i Noreg har stadig auka, og det har vore gjennomført fleire samla verneplanar. Fleire har kome til siste året og andre saker er under behandling. Det er derfor vanskelig å finn heilt oppdaterte tal, så desse tala er bare omtrentlige.
På Noregs fastland er det
34 nasjonalparkar - 30000 km2 - derav 5 i Finnmark
1900 naturreservat - 4000 km2 - derav 66 i Finnmark
160 landskapsvernområde - 17000 km2 - derav 5 i Finnmark
80 andre verna område 900 km2 - derav 4 i Finnmark
I tillegg er store delar av Svalbard verna.
Mange slags vern i verda
Så godt som alle land i verda har nasjonalparkar, naturreservat eller andre verneområde. Det varierer svært korleis desse er oppretta og styrte. I verste fall er befolkninga i området, svært ofte urfolk, fordrive frå parken og storsamfunnet har sett inn sitt maktapparat for å halde dei ute. I andre tilfelle har dei fått bu, men nekta å drive si tradisjonelle hausting av naturen og forviste til å leve av sosial stønad eller suvenirsalg til turistane. I beste fall har verneområda verna om lokalbefolkninga sin naturbruk, og dei har sjølve spela ei sentral rolle i forvaltninga av områda. Her er ikkje plass å gå inn på eksempel, eg vil vise til to bøker, The Law of the Mother, som tar opp forhold i andre verdsdelar, og Omstridd natur, som behandlar Noreg, Sverige og Finland.
Kven skal styre nasjonalparkane?
Tidligare har nasjonalparkar og andre verneområde i stor grad vore sentralstyrte frå Direktoratet for naturforvaltning. Frå 2001 blei det gjennomført forsøk på lokal forvaltning i fire verneområde, men trass i positiv evaluering konkluderte DN med at lokal styring ikkje bør vidareførast.
Hausten 2009 vedtok regjeringa å etablere ein ny forvaltningsmodell for nasjonalparkar og store verneområde. Det skal opprettast områdestyre med representantar frå kommunar, fylkeskommunar og samiske representantar "der hvor det er aktuelt". Dei første styra blei konstituerte i november 2010. Så langt er 20 lokale styre oppnemnde.
Men det var ikkje bare DN som var skeptisk til dette. Naturvernforbundet sendte i mars 2009 eit brev til Miljøverndepartementet, der ein gikk mot lokal styring og krevde fortsatt sentralstyring av nasjonalparkane!
Noverande verneplanar
Stortinget vedtok i 1993 ein verneplan som skulle vore gjennomført i løpet av 2010. Det aller meste av denne er no gjennomført, seinast med oppretting av Rohkunborri nasjonalpark i Troms og ei stor utviding av ein nasjonalpark i Oppland no i vinter.
Det som da står igjen er i første rekke tre planar som gjeld Finnmark:
- Goahteluoppal nasjonalpark
- Utviding av Øvre Anárjohka nasjonalpark
- 23 naturreservat i myr- og våtmarksområde
Når desse planane ikkje er gjennomførte, skuldast det i første rekke at det har vore stor motstand, både frå lokalbefolkning, kommunar, fylkeskommunen, Finnmarkseiendommen og Sametinget.
Naturvernforbundet sitt lokallag i Guovdageaidnu har uttalt seg både om Goahteluoppal og myr- og våtmarksplanen, og gått inn for vern som landskapsvernområde i staden for nasjonalpark/naturreservat. Samtidig har ein understreka at tradisjonell bruk må få halde fram og kritisert saksbehandlinga, der ein ikkje ga den lokale arbeidsgruppa den tida dei trengte. Naturvernforbundet i Finnmark har bare uttalt seg om Goahteluoppal. Her var det klart delte meiningar i fylkesstyret, men uttalelsen som blei vedtatt hadde mye av samme kritikk og konklusjonar som lokallaget sin uttalelse.
Kva har så Naturvernforbundet sentralt gjort? Da striden sto i fjor uttalte dei ingen ting, men på spørsmål frå lokallaget i Guovdageaidnu svarte dei at det var ei sak for lokallag og fylkeslag. Likevel ser vi at no i samband med nasjonalparkutvidinga i Oppland, uttaler Naturvernforbundet sentralt: "Vi vil også benytte anledningen til å ønske regjeringen lykke til i innspurten av arbeidet med de resterende nasjonalparkene som skal komme, Goatheoubbal (4 skrivefeil! SL.) nasjonalpark i Finnmark, ... Øvre Anarjohka nasjonalpark i Finnmark."
På eit tidspunkt da departement og direktorat har møtt stor motstand fordi dei først la opp til overkjøring av lokale interesser, men så har tatt ei tenkepause, kva gjør så Naturvernforbundet? Dei ønsker regjeringa utan forbehold lukke til med å få gjennomført den opprinnelige planen, trass i at dei må vite at dette betyr overkjøring av så godt som alle organ som har uttalt seg i det fylket der planen skal gjennomførast!
Kor står så saka i dag? Goahteluoppal- og Anárjohka-planane ligg begge i departementet til sluttbehandling. I løpet av våren 2011 skal det bli konsultasjonar med Sametinget og ein legg opp til vedtak i statsråd før sommaren. Sametinget har tidligare sagt nei til desse planane, der blir derfor interessant å sjå om det er mogleg å finne eit kompromiss eller om Staten bare vil kjøre på utan å ha fått Sametinget med seg. For myr- og våtmarksplanen har planprosessen stoppa opp. Når dei andre planane er vedtatt, vil departementet avklare den vidare behandlinga i samråd med Sametinget.
Fleire slags motstand
På same vis som det kan vere fleire ulike, og tildels motstridande motiv for oppretting av nasjonalparkar kan det og vere ulike og motstridande motiv blant dei som har motsett seg slik oppretting. Gruveselskapa vil f.eks. opplagt vere mot eit kvart områdevern dersom dei ser utvinnbare mineral i området. Mange kommune- og fylkespolitikarar er mot av same grunn, dei ønsker ingen hinder for potensiell lønnsam aktivitet i området. Folk som har brukt områda til beite, jakt og fiske fryktar (med rette eller urette) at dei ikkje kan halde fram denne aktiviteten.
Det tragiske i behandlinga av verneplanane i Finnmark er at desse gruppene, som i stor grad har motstridande interesser, her har funne kvarandre i motstanden mot freding, noko som i stor grad skuldast framgangsmåten til Staten med å sette igang verneprosessen ovafrå utan å ta tid å høre på lokale innvendingar. Dette fører til at lokalbefolkninga, som ønsker å verne bruksområda sine mot store inngrep utafrå, ikkje oppfattar vernetiltaka som ei støtte, men som ei ny form for fjernstyring eller kolonisering. Særlig reagerer ein på at når staten har overført eigedomsretten til utmarka i Finnmark til Finnmarkseiendommen, så kan Staten ta disse områda tilbake mot Fefo sin vilje.
Kven vernar vi for, og kva vernar vi imot?
Vi vernar i første rekke for naturmangfaldet, fordi plantelivet, dyrelivet og det økologiske samspelet har ein eigenverdi, og menneska har ikkje rett til å øydelegge det som er igjen av natur på kloden.
Vi vernar også for menneska si skuld. Både fordi skog og vidde er viktige i klimabalansen, for framtidig utnytting av planter og dyr til mat, medisin og anna nyttig bruk, som friluftsområde for befolkninga sine naturopplevingar og fysiske og psykiske helse.
Men det er eit anna element som og må vere med, som ikkje har vore anerkjent av sentrale styresmakter. Det kjem tydelig fram av Miljøverndepartementet sin uttalelse: "ressursbruk er ikke et mål for områdevern". Skal verneplanar få lokal oppslutning i Finnmark og elles i landet, må departementet gå tilbake på dette, og ha som utgangspunkt at lokalbefolkninga sin tradisjonelle ressursbruk ikkje skal sjåast på som eit trugsmål mot vern, men som ein del av verneformålet. Det betyr ikkje at denne bruken skal vere heilt fri og ukontrollert, den må også regulerast, men slik at tradisjonell bruk så langt som råd kan vidareførast.
Vernearbeidet på nasjonalt og lokalt nivå kan ikkje bare vere nasjonalt og lokalt. Ein må og ta omsyn til den internasjonale situasjonen og internasjonalt samarbeid for å verne visse artar og naturtypar. På same vis må regionale og lokale styresmakter forholde seg til nasjonale avgjerder om vern av nasjonale verdiar.
Bærekraftig bruk av naturen er bra, og ein bør ikkje velje strengare verneformer enn det som er nødvendig for å gi det nødvendige vern.
Alternativet
Så langt har eg mest rive ned, men kva er så alternativet? Det er IKKJE å seie som Fylkeskommunen, Sametinget og FeFo: "Nei til alt vern!".
Mi meining er at NNV både i Finnmark og på landsbasis bør gå inn for:
- Støtte Sametingets forslag om IUCN-kategori VI inn i naturmangfoldlova.
- Dei foreslåtte verneområda i Finnmark må få status som landskapsvernområde. Vernereglane må ikkje vere til hinder for tradisjonell bruk.
- Finnmarkskommisjonen må vurdere om lokalbefolkninga sine rettar til bruk av utmarka er brote ved oppretting av nasjonalparkar, og om desse rettane kan og bør tilbakeførast, evt. erstattast.
- Det settast i gang ein ny landsplan for vern, der hovudformen er landskapsvernområde og der målsettinga er vern av store område i alle fylke. Vernet skal ikkje bare gjelde "urørt" natur, men og kulturlandskap og område med ein del inngrep der det blir verna mot ytterligare inngrep og der ein forsøker å reversere nokre av inngrepa. Planen må starte ut frå registreringar og ønske på lokalt plan, ikkje som eit skrivebordsprodukt i direktoratet.
- Naturressursane er grunnlaget for busettinga i Finnmark. Når Staten bandlegg område for nasjonale formål er det da naturlig at kommunar og lokalsamfunn får ei erstatning, anten det gjeld militære øvingsområde eller nasjonalparkar. Ved freding av Trillemarka på Austlandet betalte staten 100 millionar i erstatning til skogeigarane, ved oppretting av verneområde i Finnmark har ingen fått erstatning, fordi det har vore "Statens grunn" og no har Staten sørga for at i Finnmarkslova er det opna for at Staten kan ta tilbake område dei ønsker å verne, utan erstatningsansvar.
- Vern av kystområde og fjordar må få langt større vekt.
- Stopp utbygging av kraftlinjer, gruver, vasskraftverk og vindkraftverk inntil naturverdiane i områda er vurderte.
Til sist eit eksempel på nettopp korleis ein ikkje skal drive vernearbeidet:
Frå Direktoratet si brosjyre om Stabbursdalen nasjonalpark:
Stabburselva er ei god lakseelv. Laksen var tidligere en viktig matressurs, og ble fisket med garn og tradisjonelle stengsler. I dag har sportsfiske overtatt, og mange søker til Stabburselvas stryk og kulper i håp om å få laks på kroken.
Kan det seiast tydeligare: Nasjonalparkstatusen og andre statlige reguleringar har tatt elva frå lokalbefolkninga for å gi henne til turistane.
Svein Lund
Kjelder:
Berntsen & Hågvar: Norsk natur - farvel? Unipub 2008
Derås, Kjell M.: Urfolk og miljøbevegelsen – allierte eller fiender? Innleiing på seminaret "Bruk og vern av naturen i Finnmark, Guovdageaidnu 2011. http://naturvernforbundet.no/finnmark/informasjon-til-organisasjonen/kjell-m-deraas-urfolk-og-miljoebevegelsen-allierte-eller-fiender-article23671-2066.html
Direktoratet for naturforvaltning: Brosjyre http://www.dirnat.no/content/1459/Norges-nasjonalparker---kart-og-informasjon
Direktoratet for naturforvaltning: Stabbursdalen nasjonalpark (brosjyre) http://www.dirnat.no/content/1547/Stabbursdalen-nasjonalpark
Felles saksdokument mellom Sametinget og Miljøverndepartemetet om ny naturmangfoldslov. 31.12.2008
Håpnes, Arnodd: Må få bedre forvaltning av verneområder 08.03.2009. http://naturvernforbundet.no/nyheter/maa-faa-bedre-forvaltning-av-verneomraader-article8288-796.html
IUCN: http://iucn.org
Kemf, Elisabeth: The Law of the Mother. Protecting indigenous peoples in protected areas. Sierra Club books 1993
Lapland in my heart. http://www.lapland-travel-info.com/Finnish-National-Parks.html
NOU 2004: 28 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold
Sandström m.fl. (red): Omstridd natur. Trender och utmaningar i nordisk naturforvaltning. Borea 2008
Wikan Steinar: Nasjonalparker i Finnmark. I: Finnmark. Bygd og by i Norge. 1979
Til hovudsida.