Den norske mineralstrategien har to målsettingar:
– «Norsk mineralnæring skal være blant verdens mest miljøvennlige.»
– «Regjeringen ønsker at Norge skal være et attraktivt land å drive mineralvirksomhet i.»
Så lenge gruveindustrien er ein av dei mest globaliserte næringar som finst, og landa konkurrerer om å tiltrekke seg investeringar gjennom å tilby låge skattar, låge utgifter til arbeidskraft og låge miljøkrav, så vil den andre målsettinga slå den første i hjel. Utviklinga i dagens internasjonale gruveindustri går ikkje i retning av meir miljøvenlig drift. Gruvene blir stadig større, og blir drive av stadig større maskinar. Avfallet frå produksjonen blir lagra i stadig større dammar, resultatet er stadig større dambrot med stadig større skadeverknadar. Av det som blir tatt ut av berget blir ein stadig mindre del utnytta. Mens ein tidligare rekna 2% koppar som normalt i ei koppargruve, driv ein no på 0,2% og produserer altså 10 gongar meir avfall for kvar kg. koppar.
Noreg skil seg på ingen måte positivt ut i forhold til tendensen internasjonalt. Noreg er eitt av bare to land som har som strategi for nye gruver at avgangen skal dumpast i sjøen. Kva så med den nye teknologien? Det blir forska på meir effektiv leiting, på å automatisere bort arbeidsplassane i gruvene og på større maskinar. Derimot blir det nesten ikkje forska verken på korleis ein kan utnytte større del av det som blir tatt ut av berget, og dermed forureine mindre, eller på korleis ein kan drive gruver med mindre naturinngrep.
Bransjeorganisasjonen Norsk Bergindustri forsøker å legitimere dagens praksis med å vise til at vi alle treng mineral. Dei ønsker å vinne ut så mye som råd, uavhengig av om det er eit reelt behov eller ikkje. Da eg spurte dei om det var noko reelt behov for gull, sidan enorme mengder er lagra rundt i bankhvelv for rein spekulasjon, svarte dei at «så lenge det er etterspørsel er det behov»! Det seier det meste.
Likevel ønsker eg å ta dei på ordet, når dei seier vi skal drive gruvedrift for å fylle behova vi alle har. I den grad det er nødvendig skal vi sjølvsagt utvinne mineral gjennom gruver. Men om det er behovet som er utgangspunktet, må vi først spørje om dette kan oppfyllast utan å sette igang nye eller utvida gruver, og slik unngå ulempene som gruvedrift alltid fører med seg i form av uttapping av ikkje-fornybare ressursar, naturinngrep og forureiningsproblem. I stor grad er det mogleg, og også samfunnsøkonomisk lønsamt, særlig dersom ein tar skadeverknadane av gruvene med i reknestykket. Her er nokre moglege alternativ:
1. Redusere behovet for metall og andre mineral. Militær opprustning og overklassa sitt luksusforbruk gir mye unødvendig mineralforbruk. Men også på forbruket til vanlige folk kan mye sparast. I dag dyttar reklamen på oss ting vi ikkje treng og mange produkt er så dårlige at dei går i stykker på kort tid, så vi må kjøpe nytt.
2. Gjenvinning av metall kan aukast kraftig. Det bør vere krav til produksjon av forbruksvarer at dei lettare kan demonterast for gjenvinning. Gjenvinning bør ikkje bare vere passiv kjeldesortering av det som blir levert som søppel, men aktivt arbeid for å samle inn gjenstandar som ikkje trengst.
3. Separer gamalt gruveavfall. Ved gamle gruver ligg det mange millionar tonn med avgangsmasse. Med meir effektive separasjonsprosessar kan det takast ut store mengder mineral her, samtidig som ein får ein reinska opp i avgangsdeponi som er ei konstant forureiningskjelde så lenge dei får ligge. Om desse tre tiltaka blir sett i verk i verdsmålestokk, vil både behov og etterspørsel etter ny gruvedrift bli redusert kraftig. Likevel vil det vere behov for dei fleste gruvene som er igang og det vil vere aktuelt å sette igang nye. Det er derfor behov for å ha eit regelverk for gruvedrifta, slik av skadeverknadane blir så små som råd.
Som overordna ansvarlig for miljøet i Noreg, bør staten derfor stille følgande krav til nye gruver:
1. Vi må kunne utnytte mesteparten av det som blir tatt ut av berget.
2. Gruva må ikkje fortrenge eller øydelegge grunnlaget for eksisterande næringar.
3. Gruva må føre til minst mogleg øydelegging av natur. Det krev bl.a. mest mogleg av drifta under jorda, ingen avgangsdeponi utafor gruva og aktiv revegetering etter bruk.
4. Gruveselskapa må betale avgifter av alt dei tar ut og av alt avfall/avgang dei slepp ut. Dette vil vere den sterkaste motivasjonen dei kan få til å drive meir ressursøkonomisk og mindre miljøskadelig.
Når desse vilkåra er oppfylt vil eg vere «gruvetilhengar», det vil seie opne for at det også i Noreg kan startast nye gruver. Dei gruveplanane som no ligg føre, som nye gruver med sjødeponi i Repparfjord og Førdefjorden, nye gruver i område utan tidligare inngrep som Nasafjell, Linnajávri, Ljøsenhammaren og Raudfjellet, gjenoppstart av gruver i Sulitjelma, Sydvaranger osv., samt utviding av gruver i Tana, ligg alle eit godt stykke unna å oppfylle desse krava. Nokre av planane er så håplause at dei bare bør vrakast, andre bør få langt strengare krav før dei kan gjennomførast. Den gruvepolitikken som norske styresmakter fører i dag er så uforsvarlig at ein tilhengar av forsvarlig gruvedrift i dagens praksis må bli motstandar av dei aller fleste av dei føreliggande gruveprosjekta.
«Gruvetilhengarane» som forsvarer alle dei nemnde planane, bør derimot ikkje kallast for det. Det som er karakteristisk for dei er ikkje at dei er for gruver, men at dei er tilhengarar av å tillate forureining, store naturinngrep, rasering av fornybare næringar og eit vanvittig ressurssløseri.
Svein Lund
gruve.info
Til startsida