Ei viktig skiljelinje mellom MDG og Raudt går på regjeringsspørsmålet. MDG vil ikkje binde seg til å støtte nokon av regjeringsalternativa, da dei begge står for like dårlig miljøpolitikk. Raudt har derimot tatt mål av seg til å bli eit kritisk støtteparti på Stortinget for vidare "raud-grøn" regjering.
Ronny Kjelsberg (R) kritiserer 29.07.2013 MDG for at dei ikkje vil plassere seg etter ein "høgre-venstre-akse". I teorien har Kjelsberg heilt rett: Det bør vere ein samanheng mellom raud og grøn politikk. Kampen for sosial og økonomisk rettferd både på nasjonalt og internasjonalt nivå heng saman med kampen for å ta vare på naturen og naturressursane for framtida. Kjelsberg slår fast at ein slik politikk får ein aldri støtte for på høgresida, og at denne politikken aldri "kan få støtte noe annet sted enn på den politiske venstresiden". I prinsippet er eg framleis med på argumentasjonen, men så kjem det store spørsmålet: Kva med praksis? Kven er Kjelsberg si "venstreside"? Sidan Raudt kritiserer MDG for ikkje å velge side i regjeringsspørsmålet, må det bety at Raudt har tenkt å vinne fram med miljøpolitikken gjennom støtte til eit regjeringsalternativ som gjennom 8 år har vist kva dei står for:
– Full fart på oljeutvinninga, inkludert dei mest sårbare områda ved Lofoten og Barentshavet.
– Ein mineralstrategi for å endevende landet etter mineral utan omsyn til naturen.
– Fortsatt auke i CO2-utslippa når verda treng kraftig innstramming.
– Statsstøtta rasering av dei siste ubygde vassdraga og vindmøller på kvart nes.
– Eit oljefond som brukast til å styrke den internasjonale monopolkapitalen si rasering av natur og utbytting av arbeidsfolk over heile verda.
Lista kunne gjørast mye lenger. Er dette raud-grøn politikk som fortener Raudt si støtte? Kan ein føre ein raud og grøn politikk med å binde seg til eit slikt regjeringsalternativ?
Eg må seie eg ønskar meg heller tilbake til den tida da Raud Valallianse torde å seie sanninga om regjeringsalternativa rett ut: "A=B".
Svein Lund
Til startsida