Svein Lund:
Eit anna sterkt argument mot at eg bør seie noko her er at eg lenge har vore og framleis er tillitsvald i ein naturvernorganisasjon som alltid har hatt som prinsipp å ikkje aksjonere ulovlig. Det skal eg komme tilbake til.
Kortversjonen av kva det går ut på er slik, ifølge Wikipedia: "Sivil ulydighet er et politisk virkemiddel som brukes for å markere motstand mot en spesiell politisk sak ved å bryte utvalgte lover på bakgrunn av samvittighet og moralske overbevisninger." Alle saker har to sider, og sivil ulydnad kan ikkje forståast utan at ein ser på kva slags overgrep som har skjedd og som dette kampmidlet har vore brukt mot. I starten var det mest slaveri og kolonialisme, seinare er sivil ulydnad mest kjent frå aksjonar mot rasering av natur og kulturverdiar. Aksjonistane har ikkje sett på det dei har gjort som ulovlig, men meint at det var det dei protesterte mot som var ulovlig – etter nasjonal lov, internasjonale konvesjonar og avtalar, eller etter ein høgare moralsk lov.
I Noreg var omgrepet lenge lite kjent, sjølv om prinsippet hadde vore gjennomført allereie av haugianarane tidlig på 1800-talet. Mange aksjonar har blitt gjennomført av einskildpersonar, som militærnekting, men vi skal her halde oss til organiserte aksjonar der mange aksjonerer i lag, gjennom f.eks. å hindre eit uønska arbeid gjennom å sette seg i vegen for maskinane.
Den politiske teorien om sivil ulydnad kom til Noreg eit par år før Mardøla-aksjonen, og her kjem også det første møtet mitt med prinsippet. Det var den norsk-kanadiske professoren Christian Bay som i det berømte året 1968 gav ut boka «Civil Disobedience – Theory and Practice», og same året kom ho ut på norsk under tittelen «Når lov må brytes». Eg var da 16 år og elev ved Skien gymnas. Der var på denne tida eit aktivt politisk miljø, med skarpe motsetningar, blant anna knytt til krigen som da raste i Vietnam. Eit av felta for den politiske kampen på skolen var skoleavisa Pultposten, der eg ei tid var med i redaksjonen. Noko av det første eg skreiv der var nettopp ei bokmelding av den nemnde boka. Her skreiv eg blant anna:
«Sivil ulydighet er et forholdsvis ukjent begrep her i Norge. Denne er så vidt jeg vet den første og hittil eneste boka som er kommet ut om emnet her i landet. Ikke desto mindre tar den opp et spørsmål som alle mennesker i ethvert ordna samfunn må ta stilling til: Er vi moralsk forplikta til å følge enhver lov som en eller annen øvrighet pålegger oss, eller finnes det situasjoner der den enkelte har moralsk rett til å bryte loven? Bay kommer her til den konklusjon at dersom det å følge en bestemt lov strir mot ens overbevisning eller samvittighet, har en ikke bare moralsk rett, men også plikt til å bryte loven. I enkelte tilfeller, som nazistenes krigsforbrytelser under 2. verdenskrig eller USA's folkemord i Vietnam i dag, kan det å følge loven være en forbrytelse mot menneskeheten. ... Bay mener at sivil ulydighet vil få stadig større betydning, som et middel for å utjevne forskjellen mellom demokratiske idealer og udemokratisk virkelighet.»
Å rose ei slik bok var i den tida såpass suspekt og ekstremistisk at eg frå da av blei sett på overvaking av det vi da kalla SIPO, seinare kjent som PST og POT, som kopierte avisinnlegget og arkiverte det til eg 35 år etterpå fikk utlevert mappa mi.
Eg skal ikkje seie så mye om Mardøla-aksjonen, det er andre som kan det mye betre enn meg. Eg vil bare nemne eitt spørsmål av historisk interesse, nemlig kva rolle dei forskjellige miljøorganisasjonane spela. I Naturvernforbundet si eiga oppsummering av 100 års historie, står det å lese: «En ny, konfronterende linje oppsto med Mardøla-aksjonene i 1970, der Naturvernforbundet deltok sammen med lokalbefolkninga og uformelle aksjonsgrupper.»[1] Eg er ikkje sikker på at denne historieskrivinga held. Jo, det var ei ny linje med Mardøla-aksjonane. Og Naturvernforbundet var mot utbygginga. Men korleis forholdt ein seg til aksjonane? Ein annan artikkel i bladet Natur&Miljø gir meir informasjon om kva som skjedde og kva rolle Naturvernforbundet hadde.[2] Initiativtakar til aksjonen, Sigmund Kvaløy Sætereng, starta nemlig med å gå til Naturvernforbundet og be dei om å aksjonere. Svaret frå generalsekretæren var at Naturvernforbundet som demokratisk organisasjon ikkje kunne bryte lova. Han var likevel så positiv at han oppga ein del kontaktar som han trudde ville delta. Dei danna da organisasjonen (snm), Samarbeidsrådet for natur- og miljøvern, som organiserte aksjonen. Det var ikkje meint som nokon alternativ permanent organisasjon, og han varte bare nokre år utover 1970-talet. Noko av det siste eg har funne frå (snm) er at lokalgruppa i Tromsø i 1974 ga ein krass uttale mot Altautbygginga, der ein oppfordra til å danne aksjonsgrupper og gå mot utplyndring. Kvifor (snm) gikk i oppløysing, er ei anna historie, som ikkje eg skal dømme om. Eg vil bare nemne at da eg spurte Bredo Berntsen, som har skrive historia om miljørørsla i Noreg, meinte han det var daverande SUF(m-l) / AKP(m-l) som øydela (snm). Det er vel eit spørsmål det kan vere delte meiningar om. Kanskje nokon her veit meir?
Dette var ikkje dei einaste hendingane rundt omstridde vasskraftutbyggingar den veka. Samtidig pågikk det på Island ein hard strid om utbygging av eit kraftverk i Laxå / Myvatn. Ein påbegynt dam blei sprengt i lufta, og heile lokalbefolkninga på omlag 300 personar erklærte seg skuldig. Det blei aldri mogleg å dømme nokon som ansvarlige og oppdemmingsplanen blei lagt bort. No var sprenginga kanskje på kanten av sivil ulydnad, men effektivt var det. I ettertid blei sprengarane sett på som heltar på Island, i motsetning til dei som seinare med langt dårligare resultat prøvde seg med sprenging i Alta.
Demonstrasjonen i Máze var første gong i historia at samar møtte norske styresmakter med ein samla aksjon mot eit naturinngrep. Planane om oppdemming av Altaelva med fleire vatn i nærleiken hadde da allereie versert i over 50 år, men planlegginga hadde mest gått føre seg i løynd, utan at dei som ville bli ramma var blitt involvert eller informert. Folk i Máze hadde fått informasjon bakvegen om kva styresmaktene pønska på og desse blei nøydd å stå fram og orientere om at dei verkelig for alvor planla å legge heile bygda, og resten av busettinga opp til Guovdageaidnu under vatn i ein 10 mil lang kunnstig innsjø. Tre år seinare måtte dei gi opp planen om å legge Máze under vatn, men andre utbyggingsplanar heldt fram.
Sjølv var eg enno sørpå under demonstrasjonen i Máze, og om eg hørte om han da dette skjedde eller først i ettertid, er eg ikkje i stand til å erindre. Men i 1973 forflytta eg meg nordover, og det som skjedde rundt Altaelva kom mye nærmare. Ikkje lenge etter byrja eg å skrive nokre små artiklar i Klassekampen om hendingar i Finnmark, og i 1976 skreiv eg ein artikkel om utbyggingsplanane. Da var nettopp utbygginga gått gjennom i Finnmark fylkesting, mot fleirtalet i dei berørte kommunane. Enno var ikkje utbygginga vedtatt i Stortinget og i den grad det var motstand, gikk den ut på politisk påverknad på Stortinget. To år seinare var det "lovlig fatta stortingsvedtaket" gjort og spørsmålet var kva kunne ein no gjøre.
Eg jobba da som industrimekanikar på Findus i Hammerfest og var aktiv i diverse både lydige og mindre lydige organisasjonar, som eg ikkje skal gå nærare inn på her. Vi var mange rundt om som lurte på om folk i Alta og Guovdageaidnu ville finne seg i dette overgrepet, og i 1978 dro nokon av oss frå Hammerfest til Alta for å delta i eit møte der om kva som kunne gjørast vidare. Det endte med danning av Folkeaksjonen, og ikkje så lenge etter danna vi lokallag i Hammerfest. Vi delte ut løpesetlar, samla inn pengar og ikkje minst mobiliserte vi folk til å dra til Alta og delta i leirar og aksjonar der frå sommaren 1979. Nokre av oss gav alt. Ein av arbeidskameratane mine på Findus sjukmeldte seg på jobben for å dra til Stilla og aksjonere. Det var ikkje så lurt, for ho syntest tydelig på innslaga på Dagsrevyen, og personalsjefen sat framføre TV-en den kvelden. Resultatet blei at ho fikk sparken for falsk sjukmelding, og ho pakka og drog frå både jobben og byen.
Sjølv var eg litt for glad i jobben min og våga meg ikkje på slike sprell, men brukte bare lovlig ferie i Alta. Og ferie kunne vi bare få når vi søkte i god tid i forvegen. Vi visste det ville bli aksjonar og konfrontasjonar, men ikkje når, og resultatet var at eg alltid bomma på dei. Eg fikk med meg ei veke i leiren i Detsika og kanskje tilsaman eit par veker i forskjellige beredskapsleirar som Folkeaksjonen arrangerte, på Gargia fjellstue, i telt oppe i elva i Væhæniva og ei kald natt ute i snøhule. Ved det berømte nullpunktet i Stilla var eg bare med eit par dagar, mens vi låg og heldt vakt og venta på politiaksjonane. Dei kom da eg var vel tilbake på jobb, og eg hadde brukt opp ferien for året.
I forhold til nokre hundre aktive i Mardøla, blei Alta-kampen i langt større grad ei masserørsle. Folkeaksjonen hadde på det meste over 20.000 medlemmar og det var fleire tusen som deltok i forskjellige aksjonar i Alta. Etter at Stortinget for andre gong vedtok utbygging, vedtok eit 16.01.1979 Folkeaksjonen sitt folkemøte med ca. 350 deltakarar samrøystes å halde fram motstanden, om naudsynt med sivil ulydnad. Folkeaksjonen sitt styre sto også på dette prinsippet heile tida, og i styret var det medlemmar av så godt som alle parti.
Allereie i 1973 fikk Naturvernforbundet professor Anders Bratholm til å utarbeide eit notat om sivil ulydnad mot f.eks. utbygging av vassdrag. Bratholm konkluderte: ... den som viser sivil ulydighet mot stortingsvedtaket ... gjør seg skyldig i en ulovlig handling." Etter det vedtok landsstyret i Naturvernforbundet at det "finner ikke å kunne sette i verk sivile ulydighetsaksjoner". Da aksjonane byrja i Alta, kom denne debatten opp igjen, men eit fleirtal i landsstyret heldt fast på vedtaket frå 1973. Ein av dei mest kjente leiarane i Altaaksjonen var Per Flatberg. Han sa opp jobben som generalsekretær i Naturvernforbundet for å kunne jobbe som informasjonssjef for Folkeaksjonen. I den tida var desse to funksjonane ikkje bare praktisk, men også politisk uforenlige. Korleis ville det vore i dag? I ettertid har Per bidratt mye med sine røynsler og tankar ut frå Mardøla, Alta og ei rekke andre kampar om vasskraftutbygging, og eg bygger også her på mye av det han har skrive og fortalt. I ei av oppsummeringane sine skriv han "Formannen i forbundet, Hans J.Engan begrunnet ... Forbundets syn ytterligere. Han hevdet at deltagelse i sivile ulydighetsaksjoner kunne føre til slutt på løyvingane fra Staten. Formannen skrev at et enkeltmedlem vil måtte følge sin egen samvittighet, men at av tilltitsvalge må en kunne kreve at de holder seg til de arbeidsmetoder som organisasjonen har." Det vil seie at midt under Altakampen, mellom den første og andre store aksjonen, krevde leiaren for Naturvernforbundet at ingen tillitsvalde medlemmar skulle delta. Eg kjenner meg ganske trygg på at noverande leiar ikkje vil gjenta det kravet.
Bortsett frå sentrale uttalelsar og rettssaka, som Naturvernforbundet styrte frå sentralt, kan eg ikkje hugse at organisasjonen hadde noko framtredande rolle i Alta-kampen. Det var nok ein del lokallag som engasjerte seg, men sett frå Hammerfest og Alta var dei lite synlige, og sjølv om eg var aktiv i kampen, kan eg aldri hugse å ha fått noko spørsmål om å bli med i Naturvernforbundet. Det blei eg først nesten eit tiår etterpå og da på eit heilt anna grunnlag.
Kva har så skjedd av aksjonar etter Alta som kan kallast for sivil ulydnad? Eg har ikkje sett noko fullstendig oversikt, så eg vil bare nemne nokre:
– Titania
Aksjon mot sjødumping frå gruve. Denne gongen var det Natur&Ungdom som ikkje ville aksjonere ulovlig, og Bellona blei danna som aksjonerande alternativ. (I dag er det NU som vil aksjonere mot gruveprosjekt som Bellona støttar. Ja tidene forandrast, på godt og vondt.)
– Gasskraftverk
Aksjonane mot gasskraftverk på Vestlandet pågikk i omlag eit tiår.
Oppslag frå NTB 1997: Politimester Oluf Sundt i Hordaland politidistrikt vurderer å gi folkevalgte i sivil ulydighetsaksjoner i tilknytning til gasskraft-utbyggingen dobbelt så høye bøter som andre. Han legger vekt på at stortingsrepresentantene selv er medlem av forsamlingen som har gitt grønt lys for utbyggingen. Hordalands politimester lover ellers at politiet vil være knallharde til å bøtelegge samt til å inndrive bøter i forbindelse med de planlagte gasskraft-aksjonene. Det blir snakk om bøter på firesifrede beløp, uten at eksakte beløp foreløpig er fastsatt.
I 2007 stengte aktivistar frå NU porten til Mongstad og fikk skyhøge bøter.
– Snøhvit – Melkøya, Hammerfest
I 2002 var det fleire aksjona, til saman 72 aksjonistar, mest frå Natur og Ungdom, blei arresterte og bøtelagde. Blant dei var Heidi Sørensen, da stortingsrepresentant for SV, seinare statssekretær i Miljøverndepartementet.
– Monstermastene 2011 – Hordaland
Aksjonistar ville stoppe bygging av kraftlinje 93 km gjennom Hordaland. Om desse aksjonane er det laga ein film, og hovudrolla har aksjonsleiar Synnøve Kvamme, forøvrig noverande fylkessekretær for Naturvernforbundet i Hordaland.
– Førdefjorden
I 2016 aksjonerte Natur og Ungdom mot prøveboring på Engebøfjellet. Dette var ei prøve på dei store aksjonane som er varsla dersom utbygginga kjem i gang for alvor.
– Fleire ?
Ei rekke mindre aksjonar i regi av Bellona, Neptun Networks, Miljøvernforbundet og Greenpeace.
Kva skal reknast med til sivil ulydnad? Det kan vere vanskelig å sette grenser. Nokre aksjonar har vore massive med mål å fysisk stoppe utbygging, og sitte til ein blir fjerna av politiet. Mange aksjonar har vore lynaksjonar, som bare har vart eit par dagar eller eit par timar, og mest som markering for publisitet om saka.
Denne linja fikk si første store utholing på landsmøtet i 2013. Da blei det reist forslag om full støtte til aksjonane mot Gállok-gruva i Jokkmokk i Sverige[3]. Forslaget gikk samrøystes gjennom, utan at nokon i plenum stilte spørsmålet om dette var eit brot med Naturvernforbundet sin tidligare politikk. Det måtte altså ein aksjon i utlandet til, og eit forslag frå fylkeslaget i Finnmark. Ved aksjonane i Førdefjorden hørte daverande nestleiar Silje Ask Lundberg til aksjonistane som blei bore bort og bøtelagt. Naturvernforbundet støtta likevel ikkje aksjonen, sjølv om ein har gått hardt mot gruveplanen, og forbundet sin ungdomsorganisasjon Natur og Ungdom var drivkrafta i aksjonen. Det har klart vore ei rørsle her, men enno står det fast at Naturvernforbundet ikkje organiserer sivil ulydnad, og ingen sittande leiar eller generalsekretær har sjølv deltatt i slike aksjonar.
Når det gjeld vindkraftutbygginga har det nettopp kome ei stortingsmelding, som forsøk på å roe ned gemyttane. Det vil trulig ikkje verke særlig, sidan gitte konsesjonar skal gjennomførast. Vi kan derfor ikkje sjå bort i frå at også her kan komme fleire direkte konfrontasjonar utover. Ein viktig milepæl her er danninga av den landsomfattande organisasjonen Motvind Norge, som i stor grad har tatt opp i seg lokale aksjonsgrupper, og som ikkje har nokon av dei motførestillingane mot sivil ulydnad som Naturvernforbundet framleis har.
Eg starta med å fortelje at eg skreiv om sivil ulydnad i 1968. 52 år seinare skriv eg framleis, og det er vel i første rekke gjennom det prenta eller digitale ordet at eg har ytt ein smule bidrag til kampen for naturen og miljøet i Noreg og verda. Eg vil slutte med å nemne det siste bidraget, som eg har redigert og skrive med god hjelp av mange, rapporten "Vindkraft eller reindrift?", som 18.06.2020 blei publisert på nettsidene til Motvind og til Naturvernforbundet i Finnmark. Her viser vi at vindkraftutbygging no er det største trugsmålet både mot norsk natur og mot samisk reindrift, og at dette skjer trass i at det strir mot ei rekke lovar og internasjonale konvensjonar. Dette viser i alle fall at noko ikkje har endra seg sidan Alta-saka. Framleis fattar norske styresmakter på "lovlig" vis ulovlige vedtak. Framleis trengst det motstand, og framleis kan det moralsk og politisk absolutt forsvarast å bruke sivil ulydnad som eit av midla i kampen for naturen.
Bay, Christian: Når lov må brytes. Pax 1968
Gleditsch m.fl.: Mardøla-aksjonen. Institutt for fredsforskning 1971
Wadsten m.fl.: Eikesdalen. Det finst berre ein. Blomsterhaug forlag 2016
Nilsen, Alfred: Altakampen. Haldde 2019.
Guovdageainnu meahcceguovddáš: Guovdageaidnu-Alta-vassdraget og Alta-utbygginga.
Filmen Kampen om fjordane
Naturvernforbundet i Ávjovárri: Vindkraft eller reindrift? Motvind 2020.
Øvrige skrifter av meg om natur og miljøspørsmål:
http://sveinlund.info/miljo.htm
http://meahcci.info
http://gruve.info
PS. Sidan eg no skriv mye om Naturvernforbundet her, er det kanskje på sin plass å understreke at eg har skrive dette heilt på eiga rekning, og at ingen organisasjonsledd i Naturvernforbundet skal stillast til ansvar for det eg har skrive eller for synspunkta mine.
[1]
[2]
[3]