Debattinnleg sendt finnmarksavisene 08.04.2011.

Lokalstyring i verneområde?

Miljøvernminister Erik Solheim skreiv nylig eit høgstemt avisinnlegg om kor flott det blir når vi no skal få lokal forvaltning av nasjonalparkar. Han skriv at før sommaren tar ein sikte på å oppfylle heile nasjonalparkplanen av 1993, men nemner ikkje kva som står igjen på denne planen. Det er i første rekke tre verneplanar i Finnmark: Goahteluoppal, Øvre Anárjohka og ein myr- og våtmarksplan med 23 naturreservat. Han nemner heller ikkje kvifor denne planen, som skulle vore fullført i fjor, har blitt forsinka. Årsaka er først og fremst den store motstanden både blant lokalbefolkninga, kommune-, fylkes- og samepolitikarar. Han nemner ikkje korleis den oppskrytte lokale medverknaden har vore i verneprosessen. Opprinnelig var det lagt opp til at heile verneprosessen skulle vere sentralstyrt. Først etter at Sametinget hadde krevd det, blei det oppretta lokale arbeidsgrupper som skulle følge arbeidet med verneplanane og komme med innspel. Men Miljøverndepartementet hadde slik hastverk at desse gruppene ikkje fikk tid å gjøre jobben, og trakk seg på halvvegen.

Etter dette har saksbehandlinga gått vidare. Miljøavdelinga hos Fylkesmannen tok i stor grad omsyn til lokale innvendingar, og gikk inn for landskapsvernområde i staden for nasjonalpark i Goahteluoppal. Men Direktoratet for naturforvaltning gikk tilbake på dette, og ville ha den opprinnelige planen. No står bare konsultasjonar med Sametinget igjen før Miljøverndepartementet legg fram si innstilling for Regjeringa. Dette er situasjonen når ministeren skriv sitt innlegg, men i staden for å gå inn i dette forsøker han å feie bort motstanden med at det går nok over: "Men når nasjonalparken først er på plass, er spørsmålet heller blitt hvordan lokalsamfunnet kan bruke sin nye status til å trekke til seg flere turister og skape ny virksomhet." Her slipp Solheim katta ut av sekken. Regjeringa sitt mål med å opprette verneområde er ikkje å verne naturen mot inngrep og øydeleggingar, men å trekke turistar. Mange stadar i verda har vi sett at nettopp nasjonalparkstatusen blir ein turistmagnet, og at turiststraumen fører til ein stor belastning på naturen.

Ministeren skriv ingenting om kva desse områda brukast til no. Der er faktisk ikkje verken urørt natur eller villmark, men kulturlandskap der folk i alle år har henta sitt levebrød, gjennom jakt, fiske, bærplukking, vedhogst og reindrift. Det er dessverre ikkje tilfeldig at dette perspektivet manglar i regjeringa si haldning til verneområde. Før Naturmangfoldlova blei vedtatt var det konsultasjonar mellom Sametinget og Miljøverndepartementet. Sametinget ville ha med ein vernekategori som internasjonalt er kalla "verna ressursområde", for vern av bærekraftig bruk av naturlige økosystem. Departementet avviste dette med argumentet : "ressursbruk er ikke et mål for områdevern". Med slike haldningar hos styresmaktene er det forståelig at reaksjonen blant lokale utmarksbrukarar blir: "Staten vil ta området frå oss for å gi det til turistane".

I ein situasjon der naturen i Finnmark er truga på mange vis, av kraftleidningar, gruver, vindmølleparkar, hyttefelt m.m.m. er det absolutt behov for å verne store delar av fylket mot slike inngrep. Da er der tragisk at fylkespolitikarane våre seier nei til alt vern. Mens staten på eine sida pressar gjennom eit verneregime som nesten ingen lokalt ønsker, og på andre sida aktivt fremmer naturøydeleggingar med å presse gjennom kraftlinjer og gi støtte til mineralleiting og vindmølleparkar. I den samanhengen hjelper det lite at lokalpolitikarar skal få vere med å administrere våre nye turistmål ut frå reglar fastsatt i departement og direktorat.

Svein Lund
leiar for Naturvernforbundet i Guovdageaidnu


Til hovudsida.