Debattinnlegg sendt Finnmark Dagblad 01.08.2013.

Miljø og leikepolitikk

Nokre politikarar har tydelig fått utdelt "frekkhetens nådegave" til overmål. Blant dei som har fått mest er Ane Hansdatter Kismul, som i FD 01.08.2013 har eit innlegg under tittelen "Miljø er ikke lekepolitikk". Der presenterer ho seg som "1. kandidat Oslo Sp og statssekretær i Olje- og energidepartementet. Ho er altså den næraste medarbeidaren til olje- og energiminister Ola Borten Moe, ein mann så oljekåt at andre i regjeringa må forsøke å roe han ned når han vil bore overalt opp til Nordpolen. Olje- og energidepartementet er ein pådrivar for oljeleiting overalt og for at ingen område skal fredast. Departementet er øvste ansvarlige for seismikkskyting som har ført til store skadar for fiskebestandar, sjøfugl, kval og anna liv i havet, noko som blei grundig dokumentert bl.a. av Bjørnar Nicolaisen i ein innlegg i FD bare to dagar før. Det same departementet støttar fullt opp om Statoil sitt oljesandprosjekt i Canada, ei av dei største planlagte naturraseringane i verdshistoria. Ein av dei fremste representantane for dette departementet er det som vågar å skrive om "alle oss som jobber for miljøvern". Det er rett at Kismul tidligare har jobba FOR miljøvern, ho har faktisk vore leiar for Natur og Ungdom 2003-05. Sidan har ho tydelig skifta side i praksis, men hugsar nokre fraser som ho no snur på hovudet. Det er vel ein "skjebnens ironi" at FD nettopp på same sida som dette innlegget har prenta ein kort notis om kva avisa skreiv same dagen for 20 år sidan. Der står det: "1993. Miljøstiftelsen Bellona og Natur og Ungdom vil stanse all oljeleting i Barentshavet." Men det er jo ikkje noko ukjent fenomen at meiningane endrast etter den taburetten ein sit på. Innlegget er retta mot Miljøpartiet De Grønne, og sidan dette partiet no har mandatsjansar i Oslo, og er ein direkte konkurrent til Kismul, er det forståelig at ho slår til med storslegga no før valet. For ei regjering som har marknadsført seg som "raud-grøn" er det jo plagsomt når partiet Raudt kan vise at SV sin politikk ikkje er raud og Miljøpartiet De Grønne kan vise at SP sin politikk ikkje er grøn. Den regjeringa vi har hatt i dei siste 8 åra vil i ettertida framstå som oljesvart, med ein glans av fargane av forureininga frå gruvesatsinga i nord. MDG kan sikkert forsvare seg sjølv, men dette innlegget er ikkje bare eit angrep på dei, men på heile miljørørsla, i praksis inkludert organisasjonar som Naturvernforbundet og Natur og Ungdom. Innlegget viser at Senterpartiet ikkje har noko alternativ til den politikken som har ført oss ut i dagens ressurs- og klimakrise, men ønsker å halde fram i same retning, med stadig større forbruk og tømming av naturressursar. Samtidig held ho narr av dei som ser behovet for ei ny økonomisk verdsordning. Kismul skryt av dei "grønne sertifikata" ei ordning der statsstøtte skal brukast til å gjøre det lønnsamt å rasere dei siste urørte vassdraga våre og å bygge ulønsame vindmølle"parkar" på kvart nes etter kysten, bare for å selje denne krafta på det europeiske marknaden og auke kraftsløsinga ytterligare. Vegen til å gjøre Noreg til eit "meir fornybart samfunn" kan ikkje vere gjennom å rasere dei siste naturområda vi har igjen. Eg må innrømme at eg ein gong har røysta på Senterpartiet. Etter dette innlegget og det eg har sett av Sp sin olje- og miljøpolitikk i regjering, kan eg love ein ting: Det skal aldri gjenta seg! Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no