Innlegg i Finnmark Dagblad 21.05.2015

Landdeponi – eit miljøsikkert alternativ?

"Og vi presiserer; gruvedrift er greit, men med et trygt og miljøsikkert alternativ: Landdeponi." Dette står å lese i eit innlegg i Finnmark Dagblad 12.05.2015, underteikna av Hammerfest SV ved Reidar Johansen.

Da innlegget kom på prent var eg på reise i Nord-Sverige og Nord-Finland for å sjå på gruver der. I løpet av fire dagar fikk eg sett noko av resultata av koppar-, jern og gullgruver i Nord-Sverige og Nord-Finland. Alle desse gruvene har landdeponi. I Aitik-gruva, som er største koppargruva i Europa, blir nesten 40 millionar tonn avgang årlig pumpa ut i eit deponi som no er omlag 20 km2 stort, og skal bli både større og høgare. Det var ei skremmande oppleving å stå ved breidda av dette deponiet og skode ut over eit "hav" av finmala masse som for evig tid vil dekke over skog, vatn, elvar og liv som ein gong var her, ei eit område der reinen beita fram til Boliden fikk starte sitt landdeponi. Tanken gikk og til dei hundrevis av dambrota som har vore ved slike gruvedammar, med katastrofale verknadar for natur og vassdrag. Alle dammane har vore rekna som heilt sikre – til den dagen dei braut saman.

Etter denne turen les eg så avisene for siste veka, og finn innlegget frå Hammerfest SV med setninga som innleiar dette innlegget. "Eit trygt og miljøsikkert alternativ." Eg finn ikkje ord.

Vel og bra at SV no er mot sjødeponi, sjølv om partiet sentralt var for feigt til å sette foten ned da det hadde miljøvernministeren. SV i Kvalsund og Finnmark har deltatt aktiv i kampen mot dumping i Repparfjord, og eg har aldri sett at dei har lansert landdeponi som alternativ, slik Hammerfest SV her gjør utan forbehold.

Innlegget var retta mot Hammerfest AP, som allereie har svart. I motsetning til SV ser dei faktisk nokre av problema med landdeponiet: "Landdeponi som kan medføre forurensing av grunnvann, legge beslag på et stort landområde, blåse gruvestøv oppover Repparfjorddalen og lage ubehagelig lukt i nærmiljøet." Eg skal ikkje legge meg opp i valkampen mellom dei to partia i Hammerfest, da eg ikkje lenger har røysterett der, men eg skulle ønske at denne saka blei tatt så alvorlig at alle uansett parti ville konsentrere seg om å finne gode løysingar i staden for å bruke saka til lettvint stemmefiske på sviktande grunnlag.

Hammerfest SV gir inntrykk av at det bare finst to alternativ, sjødeponi og landdeponi. AP ser eit tredje, bygging av flyplass og industriareal, noko som vil vere eit viktig bidrag, men langt frå nok til å ta unna all avgangen som Nussir vil produsere. Begge partia overser at allereie konsekvensutgreiinga for Nussir peika på at avgangen kan vere råstoff for ei rekke produkt. I tillegg er det mogleg å fylle tilbake ein stor del av avgangen i gruva, og på det viset også gjøre det mogleg å ta ut meir av malmen. Miljødirektoratet har bede Nussir om nærare utgreiing av alternativa til sjødeponi, men Nussir har gitt eit svært einsidig svar. 90 % av svaret er konsentrert om å avvise landdeponiet. Ut frå røynslene med landdeponi i inn- og utland, synest Nussir sine innvendingar mot dette å vere ganske realistiske. Men Nussir brukar bare argumenta mot landdeponi som argument for sjødeponi, som er deira billigaste og lettvintaste alternativ. Nokre andre alternativ er svært summarisk nemnd og avvist, mens andre aktuelle alternativ knapt er nemnd. Så lenge selskapet framleis har von om å få dumpe alt avfallet gratis i fjorden, har dei jo heller ikkje noko interesse av at andre alternativ kjem fram. Det er forståelig, men det er mindre forståelig at heller ikkje Hammerfest SV ønsker dette.

Verken Hammerfest SV eller AP nemner i innlegga sine at dei aktuelle områda for landdeponi er på stadar som er midt i reinbeitet og i flytteleia til reinbeitedistrikt 20 Fála. Det var reindrifta sine interesser som var grunnlag for motsegna til Sametinget, som gjorde at behandlinga av reguleringsplanen blei løfta til departementsnivå. For reindrifta vil noverande gruveplanar vere svært skadelige, men med landdeponi vil det klart bli enno verre. Kvifor nemner ikkje partia dette? Er det mogleg at dei faktisk ønsker at gruva skal bidra til å knekke reindrifta på Kvaløya?

Kopparførekomsten i Nussir-fjellet og Ulveryggen er relativt store i norsk målestokk, sjølv om han er liten samanlikna med koppargruvene i Sverige, Polen og Chile. Det kan derfor vere at kopparet i Nussir bør takast ut før eller seinare. Men det kan bare gjørast ein gong, og da bør det gjørast skikkelig. Når det er tømt er det tømt for alltid. Når Repparfjorden er fylt, er han fylt for alltid. Eit landdeponi på f.eks. 100 mill. tonn masse er mogleg å fjerne igjen, men det er dyrt og tungvint og ei langt dårligare løysing enn å bruke minerala i avgangen etter kvart. Ettertida vil dømme oss hardt for at vi sløser med ressursane og bare tar vare på 1% av det vi tar ut av fjellet. Det finst mange verdfulle mineral i det berget Nussir vil gjøre til avgang. Nokre metodar for utnytting av desse er klare, om vi vil satse på dei. Andre krev meir utvikling av teknologi, men det er da slikt vi har forsking for. Treng vi nokre år for å gjøre det, så skal vi ta den tida. Dei einaste som har hastverk i dag er aksjonærane til Nussir og nokre overivrige politikarar, som ikkje tenker lenger enn til neste val. Kopparen har lege der i omlag 2 milliardar år og toler å vente nokre år mens vi utviklar betre alternativ enn både sjødeponi og landdeponi.

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no