Dialog?

Kven skriv boka om vindkraft? I samband med at eg nettopp har avslutta manuset til mi siste bok om gruver, og erklært at det også blir mi SISTE bok, har eg fått fleire oppmodingar til å ombestemme meg og også skrive ei bok om vindkraft. Eg takkar for tilliten, men står fast på at denne boka ikkje blir skrive av meg. Men boka trengs, og ho trengs raskt. Av arbeidet med gruvebøkene har eg sett at om ein forfattar aleine skal grave seg ned i alle sider ved ei sånn komplisert sak, så tar det vanvittig mye tid. Frå eg for alvor starta på gruvebøkene til siste bind kjem ut vil det ha gått 6 1/2 år, frå eg byrja å jobbe med gruvesaker nesten 10 år. I forhold til kampen om vindkraft har vi ikkje så mye tid. Min konklusjon er at boka om vindkraft må skrivast, men det må gjørast langt raskare og organiserast på ein annan måte. Eg tenker at vi kan bruke noko av måten vi jobba på med Samisk skolehistorie: Ein redaksjonskomite på 3-4 personar under leiing av ein hovudredaktør. Eit forlag og ein forlagskonsulent må vere klar frå prosjektet startar. Redaksjonen set opp kva tema boka skal dekke, og bestiller artiklar frå dei som kan dette best og skriv sjølv nokre kapittel. Delar av boka kan vere som intervju. Nokre artiklar er allereie skrive og er så gode at redaksjonen kan be om å få prente dei eller delar av dei. Vindkrafttilhengarane må få komme til orde, men på ein strukturert måte, der dei ikkje får snakke seg bort. Eg trur ein ofte gjør det best gjennom intervju. Her er nokre forslag til emne som ei slik bok bør ta opp (i tilfeldig kaotisk rekkefølge): – Grunnleggande info om vindkraft. Forskjellen på vindmølle og vindturbin. Effekt (W, kW osv.) og produsert energi (kWh, TWh), virkningsgrad. Oppbygging av vindturbinar (fundament, tårn, venger, generator, gir eller direktedrift) – Mineralforbruk til vindturbinar. Konsekvens for gruvedrift, landskapsrasering og forureining. – Vindkraftindustrien i verda. Turbinprodusentane som Siemens og Vestas – Utsleppsfri energi? Utslepp av CO2 og andre gassar ved utvinning av mineral, produksjon av turbinar, montering, demontering, destruering. – Vindkraft og dyreliv: Verknad på fugl, insekt, flaggermus osv. – Vindkraft og reindrift: Røynsler frå reinbeiteområde med vindkraftutbygging. – Urørt natur? Kven brukar dei «urørte områda». Kven sine interesser er tent med bruken av ordet «urørt»? – INON. Inngrepsfrie naturområder i Noreg. Korleis desse har blitt innskrenka og vindkraft som det største trugsmålet i dag. – Kva verdiar går tapt når vindturbinane overtar landskapet? – Vindkraft og jus. Kva rettar har vindkraftselskapa, kva rettar har grunneigarar og brukarar, bl.a. reindriftsamar? Kvifor gjeld ikkje plan- og bygningslova for vindkraft? – «Det grøne skiftet». Kva er det, kva skal skiftast ut med kva? Kven står bak? Kvifor er no alle blitt grønne? – Produksjon og forbruk av energi i verdsmålestokk. Produksjonstal for olje, gass og kol. Kor stor grad av dette brukast til energiproduksjon (via elektrisitet eller forbrenningsmotorar). Kva er utviklinga? Går bruk av kolkraft og atomkraft tilbake eller fram? Utvikling for vind-, vass- og solkraft. – Grønne sertifikat. Kor kom ideen frå? Korleis virkar dei? Er hensikta oppnådd? – Miljørørsla og vindkraft i Noreg. Kva fikk miljørørsla til å støtte vindkraft i utgangspunktet? Kva har fått delar av rørsla til å snu? Kor står dei forskjellige organisasjonane i dag? – Lokal og nasjonal motstand – på kva grunnlag? Lokale grupper, LNL, Motvind. – Klimaprofitørane. Kven står bak og tener pengar? Kven står bak utbygging i Noreg? Konsulentselskapa og miljøstiftelsene Zero og Bellona. Anleggsfirma, transportørar. – Vindkraft og arbeidsplassar. Gir vindkraftutbygging arbeidsplassar? Kor og for kven? Trugar vindkrafta arbeidsplassar i andre næringar? – NVE. Forvaltar eller pådrivar? – Havvind – eit betre alternativ enn vindkraft på land? – Andre «grøne» energiformer: Vasskraft, solkraft, jordvarme. Kva er realistisk og økonomisk? Gir dette meir eller mindre naturskadar enn vindkraft? Det er sikkert meir som bør vere med. Bare denne lista viser at dette er eit STORT prosjekt, og at det bare kan gjørast innafor overkommelig tid dersom ein har mange medarbeidarar og organiserer det godt. Er det realistisk å få ei slik bok ut hausten 2020? Kven melder seg til redaksjonen? Kva forlag vil gi det ut? Kor kan ein finansiere arbeidet og utgivinga? Ut frå mi røynsle som bokforfattar og redaktør, bør ei slik bok ha ein hovudredaktør på minimum halvtid, helst på heiltid. Kven kan gjøre dette? Det blir ikkje meg, men eg kan vere med i redaksjonen om nokon vil ha meg med, og prosjektet finn ein klar leiar. Svein Lund sitt bilete. 16Siri Broch Johansen, Jon-arne Jørstad og 14 andre 1 deling Lik dette Kommenter Del Kommentarar Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no