Innlegg i Finnmark Dagblad 20.02.2019

Krig om naturforvaltning

Den siste veka har Klassekampen fortalt om to saker der regjeringa si forvaltning av natur i Finnmark har ført til motstand. Slike motsetningar er det òg i andre delar av landet, men vi tar her utgangspunkt i Finnmark, der det for tida står skarpast. Mye av dette vil likevel vere relevant også i andre delar av landet.

Den største saka for tida er driftskonsesjonen til gruve ved Repparfjorden, som på eine sida er omtalt som norgeshistorias største planlagte forureining og på andre sida betyr alvorlige inngrep i reinbeiteområde. Den andre saka Klassekampen har omtalt, er planen om marine verneområde som møter motstand i Hasvik kommune. Den neste, som enno ikkje har kommet i Klassekampen, men er omtalt i nokre lokalaviser, er planen om ei rekke nye naturreservat.

Samtidig pågår det strid om oppdrettsanlegg, vindkraftanlegg på Laksefjordvidda, utviding av gruve og mudring av fjorden i Tana, gruve i Biedjovággi, nedskjæring av reintal, ved sida av kronisk strid om rovdyr og om andejakt i Guovdageaidnu. Frontane er langt i frå dei same i alle desse sakene, nokre gongar har regjeringa støtte av fylkeskommune og kommunar, andre gonger står desse steilt mot kvarandre. Nokre gongar står regjeringa for vern, andre gongar for inngrep. Det sprikar tilsynelatande i alle retningar, men likevel er ein fellesnemnar for alle sakene. Det er at regjeringa går inn for tiltak som fører til innsnevringar og hinder for lokalbefolkninga sin bruk av naturen, anten det gjeld reindrift, jakt eller fiske i sjø og ferskvatn, som næring eller matauk. Dei som tener på tiltaka er norsk og internasjonal gruve-, vindkraft- og oppdrettskapital, samt delar av turistnæringa og Noreg sitt internasjonale rykte som land med mye formelt vern.

Eg bur i ein kommunane som har hatt mye av desse konfrontasjonane. Kommunen har vore hardt ramma av inngrep i eigne område som Bidjovagge Gruber og utbygging av Guovdageaidnu-Alta-vassdraget og indirekte gjennom inngrep i sommarbeiteland, gjennom vass- og vindkraft, kraftleidningar, hyttefelt, osv. Da styresmaktene for eit tiår sidan lanserte ein stor ny nasjonalpark, skreiv over 700 seg på protestliste, og for ei veke sidan demonstrerte fleire hundre mot Nussir-gruva, som vil ramme reindrifta i vår kommune. Dette er bare toppane på kroniske motsetningar som slår ut på ei rekke område frå motorferdsel i utmark til reglar for garn- og notfiske.

I denne gjenstridige kommunen jobbar vi no med å bygge opp eit natursenter. Senteret skal i første rekke dokumentere og vise naturen i området og bruken av denne, på godt og på vondt. Det skal ikkje vere ein part i stridane, men vise begge sider. Det ønska vi å gjøre gjennom eit ope seminar det vi ville stille spørsmålet om det alltid må vere strid om naturforvaltninga, særlig i samiske bruksområde, eller om det er mogleg å finne fram til kompromiss og løysingar som alle kan leve med. Dit inviterte vi frå den sentrale forvaltninga Klima- og miljødepartementet, Miljødirektoratet og Fylkesmannen. Samtlige nekta å møte til debatt. Dei viste ingen interesse for utfordringa til å bli med å løyse problema. Inntrykket vi sat igjen med var at dei IKKJE ønska å løyse konfliktane, dei ville fortsatt barrikadere seg i kontora sine i Oslo og Trondheim og fjernstyre med minst mogleg direkte kontakt.

Ikkje før hadde vi avlyst seminaret av mangel på den eine parten, så kom meldinga om at planen om ei rekke gigantiske naturreservat på vidda blir tatt opp igjen. Nesten uendra blei planen tina opp igjen eit tiår etter at han blei lagt på is. Også metodane er resirkulerte: Lokale brukarar, og kommuneleiinga veit ingenting før dei les om planen i avisa. Planen var ikkje grunngitt med at desse områda måtte vernast for at dei var truga, eller at dei var viktige for lokal næring og kultur. Nei dei var vald ut frå „hvor det finnes områder som kan bidra til å nå Stortingets målsetning om representativt vern av norsk natur”. Ein har ikkje eingong som mål å komme fram til semje om kva som skal vernast og korleis. Regjeringa har nettopp vist at ho ikkje bryr seg om kva 87% av finnmarkingane har sagt i folkerøysting om fylkessamanslåing. Ei regjering som klarer det, kan også overkjøre motstand mot både gruver, vindkraft, oppdrett og naturreservat.

Dei nemnde sakene er ikkje alle like enkle. Naturen vår er meir enn truga, han er i rask tilbakegang, både lokalt og i verdsmålestokk, gjennom arealtap, forureining, klimaendring og kjemisk krigføring mot plante- og dyrelivet. For min del ønsker eg meir vern og eg ønsker å sikre levedyktige bestandar av alle rovdyrartane. Men måten desse sakene blir behandla på og det stadige presset mot naturen, reindrifta, sauedrifta og utmarkshaustinga gjør at det blir forståelig, om enn tragisk, at organisasjonar og institusjonar seier nei til alt vern.

I fjor oppretta Stortinget, ein sannings- og forsoningskommisjon om fornorskinga av samar og kvenar. Dei daverande regjeringspartia røysta imot opprettinga, da dei ikkje ønsker verken sanning eller forsoning. Samtidig held dei fram ei naturforvaltning som fleire og fleire omtalar som ei fortsetting av fornorskingspolitikken. Noko forsoning er ikkje i sikte. I første omgang får vi finne fram lenkene og vere klar for å slå ring om Repparfjorden og reindrifta der.

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til startsida

sveilund@online.no