Debattinnlegg 02.02.2020

Klimakur – eit nytt angrep på reindrifta!

Når den norske staten lagar planar for å møte klimaendringane, er det aldri snakk om å ta eit oppgjør med årsaken til problema, den hemningslause forbrukskapitalismen, som bygger på bruk og kast for å få størst mogleg profitt. Derimot skal klimasaka brukast til å gi nye argument og virkemiddel til å gjennomføre den politikken ein likevel ønsker, slik som å bli kvitt hinder for utbygging av profitabel gruvedrift og kraftproduksjon i inngrepsfrie naturområde. I den samanhengen er det eit viktig mål for staten å bli kvitt den plagsomme reindrifta, som på 40% av Noregs areal stadig skaper hinder for effektiv, moderne og profittabel utnytting av naturområda, ikkje minst til vindindustrianlegg.

No har dei funne ein ny reiskap i denne kampen, nemlig Klimakur 2030. Det nesten 1200 sider lange dokumentet (!) nemner knapt reindrift med eit ord, og da bare i forklaring på uttrykket LNFR i arealplanlegging. Derimot er eit hovudpoeng i kampanjen at vi skal slutte å produsere og spise raudt kjøtt, noko som vil gå hardt ut over beitenæringar som sauedrift og reindrift. Det er allereie sagt at dette vil legge om lag 30% av norsk landbruksareal aude. Verknadane for reindrifta er i det heile ikkje vurdert.

Dette går inn i ein lang tradisjon i norsk forvaltning, der nye tiltak og reformer blir innført utan at verknadane for samisk næringsliv, kultur og språk blir vurdert. Samtidig er lovforslaget om konsultasjon med samiske interesser til høring, og kommunepolitikarar frå alle parti bærer seg over om kor forferdelig det er at dei skal måtte ta omsyn til verknadane for den samiske befolkninga i kommunen når dei gjør vedtak som vil ramme dei. Klimakur er nettopp eit eksempel på manglande konsultasjon og manglande medvit hos sentrale byråkratar og politikarar om at det faktiske er grunnlovsfesta at den norske staten har eit ansvar for samisk språk og kultur, herunder reindrifta.

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no