Kronikk sendt Klassekampen 04.11.2019. Ikkje prenta så langt, ingen svar frå avisa.

Med Klassekampen for gruver?

For ti år sidan fikk Noreg ei ny minerallov med det uttalte formålet å auke mineralutvinninga i Noreg. I det tiåret er det ikkje starta nye gruver her i landet, trass i ein mineralstrategi som har som målsetting at Noreg skal vere attraktivt for gruveinvesteringar. Kvifor? Laurdag 02.11.2019 intervjuar Klassekampen leiar for Norsk Arbeidsmandsforbund, som har som sitt fremste politike mål å «åpne folks øyne for mineralutvinning i Norge». Striden om etablering av nye gruver har i dette tiåret blitt stadig skarpare. Miljørørsla, fiskerinæringa og reindrifta står på eine sida, gruveselskapa, NHO og LO på den andre. Kva side står Klassekampen på?

Motstanden mot gruveetableringar har til no ført til at igangsettinga av ei gruve (Biedjovággi) er lagt på is, mens andre (Repparfjorden, Førdefjorden og Nasafjell) er kraftig forsinka og ingen av desse har enno det avgjørande løyvet for å starte opp. Hovudfokus i kampen har vore dumping av avfallsmassar i sjø og om inngrep i reindriftsområde. Det har ikkje vore ein kamp mot gruver generelt, men tilhengarane av dei omstridde prosjekta har heile tida forsøkt å framstille det som eit spørsmål om at vi treng minerala og at vi treng arbeidsplassane.

Dei siste par åra har det utvikla seg ei tydelig samordna kampanje med ein tredelt argumentasjon for gruveprosjekta. Denne er brukt aktivt av gruvebedrifter og organisasjonane deira, av NHO, LO med fleire. Argumenta er: 1) Vi må ha gruve for å få arbeidsplassar 2) Vi treng meir mineral for det grønne skiftet 3) Vi må ha gruver i Noreg for å hindre barnearbeid i Kongo.

Dei forskjellige aktørane for gruvedrift serverer desse argumenta i kvar sine forum. Eit viktig forum er her «Venstresidas dagsavis», Klassekampen. Avisa blir lest av mange som venstreorienterte, fagorganiserte og miljøengasjerte. Trulig er Klassekampen sine lesarar jamnt over meir kritisk til gruveprosjekta enn lesarar av andre riksaviser. For gruveforkjemparane er det ein svært viktig arena å vinne. Her slår det ikkje an med ein søkkrik gruvemagnat frå Canada eller Australia som seier vi vil investere i Noreg, for der kan vi dumpe gratis i sjøen. Men om ein kvinnelig gruvearbeidar promoterer same bodskapen, da har det mye større sjanse å slå inn. I det tiåret gruvekampen har pågått, har dekkinga i Klassekampen vore svært sporadisk. Nedlegging av gruver har fått større merksemd, som spørsmål om arbeidsplassar. Ikkje ein einaste gong har avisa tatt standpunkt på leiarplass til stridane om Førdefjorden, Repparfjorden, Nasafjell, Biedjovággi, Elkem-Tana, Sydvaranger eller andre. Heller ikkje til mineralstrategien, prinsippet om sjødumping eller om samiske rettar i forhold til gruver. I denne perioden har det kome ut minst fem bøker om gruver i Noreg, og like mange i Sverige med relevans for norske forhold, men ingen av desse er omtalt i Klassekampen. Derimot prioriterer avisa gjennom eit sympatisk portrettintervju å presentere nettopp denne tredelte argumentasjonen, om kvifor vi treng fleire gruver i Noreg, og underforstått kvifor gruveselskapa må få sette i gang utan meir miljøkrav. Kvifor gjør avisa dette? Det skulle vel aldri ha samanheng med avisa sitt stadig nærare forhold til LO og LO sin gruvepolitikk?

Om avisa vil gi spalteplass, vil eg i tre artiklar ta opp dei tre argumenta og kvifor ingen av dei held mål.

Tomme argument for gruver – 1 – Norske gruver for barna i Kongo?

Rundt om i verda er det i følge offisiell statistikk tilsaman omlag 214 millionar barnearbeidarar. Om alt det arbeidet dei gjør i staden hadde blitt gjort i Noreg, hadde alle desse barna sluppe å arbeide og i staden gått på skole.

Eg vil tru dei aller fleste lesarar ser at dette ikkje heng på greip. Men nettopp denne logikken blir brukt i forhold til barna i gruvene i Kongo. Det skjedde seinast i Klassekampen 02.11.2019 i intervju med Anita Johansen, leiar av Norsk Arbeidsmandsforbund: «Jeg synes det er helt forkastelig at vi lar unger i Kongo ta ut de mineralene istedenfor at vi utvinner det selv i Norge, hvor vi har strenge krav til miljø og arbeidsforhold.» Nettopp dette har blitt eit av dei tre store standard argumenta for forkjemparar for alle gruveplanar i Noreg, inkludert bruk av sjødumping av gruveavgang: arbeidsplassar, det grønne skiftet og barna i Kongo. Det er altså eit moralsk spørsmål at vi utvinne minerala sjølv, for gjør vi det slepp ungane i Kongo å arbeide i gruver. Dette heng ikkje meir på greip enn påstanden først i dette innlegget, men sidan det tydelig slår gjennom, er det nødvendig å ta det med teskjeier:

– Kongo: Barna i Kongo arbeider som andre barnearbeidarar i verda fordi folk er fattige og treng inntekten frå barna sitt arbeid. Dette blir ikkje endra om etterspurnaden og dermed prisen på mineral skulle gå ned.

– «De mineralene»: Dei minerala som er aktuelle å utvinne i Noreg er i svært liten grad dei same minerala som blir utvunne av barn i Kongo.

– «Utvinne det selv i Norge»: Utvinnbare konsentrasjonar av mineral er så ujamnt fordelt på jorda, at det aldri har vore snakk om at noko land skulle bli sjølvberga. Allereie i bronsealderen måtte vi importere tinn, fordi vi ikkje hadde det sjølv. I dagens globaliserte økonomi blir smartelefonar og datamaskinar produserte i Asia. Meiner NAF vi skal produsere dei sjølv i Noreg eller utvinne metalla for å sende dei til Kina for å få dei tilbake i elektroniske apparat? I same intervjuet forsvarar Johansen EØS-avtala, som nettopp bygger på fri flyt av varer, kapital og arbeid. Det blir da enno meir ulogisk å snakke om å utvinne metalla våre sjølv.

– «Strenge krav til miljø»: Nei, Noreg har ikkje strenge krav til miljø i samband med gruver. Noreg er eit av 5 land i verda som dumpar gruveavfall i sjø. Miljødirektoratet har ALDRI avslått ein utsleppssøknad frå eit gruveselskap. Etter gruvedrift blir det i liten grad reinska opp og revegetert. Prinsippet om at forureinar betalar gjeld ikkje for gruver i Noreg.

Johansen ser det som sitt viktigaste politiske mål å starte opp fleire gruver. Verken ho eller journalisten spør kva er det som hindrar gruveoppstart i dag. Det er at selskap med gruveplanar ønsker å ta ut minerala på billigaste moglege måte, uansett skadar på naturen. Dette har ført til så stor motstand at mange gruveplanar er forsinka eller gitt opp.

Det dreier seg ikkje om for eller mot gruver, men om vi skal godta at gruvene får gjøre store inngrep i landskapet og forgifte fjordane. Unødige naturøydeleggingar er ikkje noka god sak å marknadsføre gruver på, så da tyr dei heller til fantastiske forteljingar om at dei norske gruvene skal vere hjelp til barna i Kongo. At gruveselskap brukar slikt er kanskje ikkje så rart, men kan ein ikkje vente meir av fagrørsle enn å vere forlenga arm av gruveselskap og NHO? I same intervjuet skryt Johansen av at ho lærte å arbeide tidlig i barndommen og mjølka kyrne aleine i ein alder av 12 år. Var ikkje det barnearbeid?

Tomme argument for gruver – 2 – Grønt skifte for mineral?

Blant hovudargumenta for fleire gruver i Noreg er det grøne skiftet. Dette hørte eg første gong da miljøstiftinga Zero på Geonor-konferanse i 2016 var invitert til å snakke om «mineralenes betydning i det grønne skiftet». Seinare har dette argumentet slått inn hos alle som vil ha gruvedrift på kostnad av natur, fiske og reindrift. Det gjeld jo å ta miljørørsla på heimebane.

I intervju med Klassekampen 02.11.2019 seier Anita Johansen, leiar i Norsk Arbeidsmandsforbund: «– Jeg vil at vi skal starte opp flere gruver her hjemme. Det grønne skiftet er avhengig av at vi henter ut flere mineraler. En vindpark trenger for eksempel mineraler fra over 16 forskjellige gruver. Det kan vi hente ut i Norge.»

Kva er det grønne skiftet? Vi treng eit skifte til ein grøn politikk, der vi tar vare på det vi har igjen av natur og samtidig reduserer kraftig på utsleppa av klimagassar. Men det er ikkje det som skjer i Noreg. Her herskar ei forvrengt utgåve som seier at grønt skifte betyr å produsere og forbruke mest mogleg «fornybar energi» i form av vindkraft og kjøre mest mogleg med elbilar, samtidig som vi held fram fossilproduksjonen for fullt. Den utgåva krev utvilsamt meir mineral, det er nettopp derfor mineralnæringa er så begeistra for dette «grønne skiftet», fordi det kan grønvaske ei næring kjent for naturrasering og forureining. Om all elektrisitetsproduksjonen i verda skal skiftast ut med vindkraft, trengs det omlag 3.000.000 turbinar. I tillegg kjem straumen til elektrifisering av over 1 milliard kjøretøy. Dette krev ekstreme mengder mineral, så mye at vi må drive på langt fattigare malm enn i dag. Det vil skape enorme naturinngrep og enorme avgangsmassar. Er det dette vi ønsker?

Desse minerala vil NAF at vi skal hente ut i Noreg. For nokre av dei er det mogleg. Vi kan f.eks. Bruke alt jern frå Sydvaranger, alt koppar frå Kvalsund og all kalkstein frå Verdal til å bygge vindturbinar. For andre mineral er det fullstendig urealistisk, da dei knapt finst her i landet.

Argumentasjonen med mineral for det grønne skiftet er no akseptert av alle som frå før ønska gruver, og vedtatt som ein del av grunnlaget for den felles mineralstrategien for Nord-Noreg. Ingen ting er endra frå ein ønska gruver av andre grunnar, det er bare grunngivinga som er oppdatert. Denne er til og med tiljubla av klimafornektarar, som FrP og redaktøren i gruvetidsskriftet GEO.

Vi treng eit grønt skifte. Det må gå ut på å forbruke mindre og ta meir vare på naturen. Det er det motsette av det som gruveforkjemparane no legg opp til.

Tomme argument for gruver – 3 – Trygge gruvearbeidsplassar?

I argumentasjonen sin for kvifor vi bør få fleire gruver, seier Anita Johansen at gruver er trygge arbeidsplassar. Det kan tolkast på to måtar, at arbeidsplassane er trygge mot ulukker og skadar, eller at dei er trygge mot nedlegging og konkursar. Begge delar er feil.

I verdsmålestokk er gruvedrift kanskje den næringa som gir mest dødsulukker og skadar i forhold til talet på arbeidsplassar. I tillegg kjem at gruver ofte er ein svært farlig nabo for dei som bur i nærleiken. Også i Noreg har mange møtt døden alt for tidlig på grunn av gruvearbeid, anten som eksplosjonar, ulukker i gruva, eller på grunn av sjukdommar påført av kol- og steinstøv eller kjemikaliar. Dei fleste som har hatt gruver i lokalsamfunnet har også kjent folk som har gått bort alt for tidlig på grunn av dei.

Det finst gruver som har vore i drift i lang tid. I Finnmark har vi ganske stabil mineralutvinning ved Sibelco Stjernøya, Elkem Tana og skiferdrifta i Alta. Sydvaranger starta opp for over hundre år sidan, og sidan har det vore stopp «bare» 4 gongar. Røros og Løkken dreiv i over 300 år, Sulitjelma i 100. Dette er likevel unnataka. Dei aller fleste gruvene som er starta i Noreg og i andre land, har vore svært kortvarige foretak. Det gjaldt allereie for hundre år sidan. For eit par år sidan viste eit tv-program historia om ein gruvearbeidar på 1800-talet som starta i Troms og så reiste vidare etter heile kysten ettersom gruvene blei nedlagte. I Salangen bygde ein først på 1900-talet opp eit jerngruveanlegg som skulle bli eit av Noregs største. Etter få år var det slutt.Det gjaldt for den store satsinga på koppargruver på 1970-talet, som kollapsa med det internasjonale prisfallet. I Biedjovággi var det lova minst 20 års drift, det blei 2x5år, med 10 år i mellom. I Kvalsund varte det 7 år. Det gjeld i like stor grad for gruveboomen frå omlag 2006. Sydvaranger laga Noregs største konkurs etter 5 års drift, i Sverige fikk vi Nordens største konkurs etter bare 2 års drift i Pajala. Før kunne det vere tusenvis av arbeidsplassar i gruvene. Samtidig skjer det ei stor effektivisering og automatisering av gruvedrifta. Det trengst langt færre enn før til langt større maskinar, og det er allereie under planlegging gruver som skal vere så automatiserte at det ikkje skal vere folk i sjølve gruva.

NAF ønsker ein kraftig auke i gruvedrifta i Noreg. Kor skal desse gruvearbeidarane hentast frå? I svært liten grad vil ein finne kvalifiserte arbeidslause i lokalsamfunna. Det vil uansett bli folk som må pendle eller flytte. Men med fri arbeidsmarknad i EØS, som altså NAF støttar, vil arbeidarane like gjerne kunne komme frå gruvedistrikta i Polen, der det nok er lettare å finne kvalifiserte gruvearbeidarar enn her i landet. Og langt billigare for gruveselskapa.

Det finst gode argument for at vi framleis bør ha gruvedrift i Noreg. Barna i Kongo, det grøne skiftet og dei trygge arbeidsplassane for norske gruvearbeidarar er ikkje blant dei.

Svein Lund
redaktør gruve.info