Artikkel i Klassekampen, 20.10.1998

Guovdageaidnu: Ingen pengar til miljøvern

Trass i at miljøproblema i landets største kommune er større enn nokon gong, kjem det forslag om å legge ned både miljøvernkontoret og utmarksstyret. For kommunekassa er tom og kommunen er fråtatt både inntekter og myndigheit.

Av Svein Lund, Guovdageaidnu

På nytt har det kome meldingar om at reinlaven på Finnmarksvidda er iferd med å forsvinne. Lavdekket var redusert kraftig i løpet av 80-tallet, og no viser nye data at ein dei siste ti åra igjen har fått ei halvering. Omlag halve Finnmarksvidda hører til Guovdageaidnu (Kautokeinu) kommune.
Overbeite er langt ifrå einaaste miljøproblemet her. Naturen er utsett for press pga. kjøring i utmark, turisme, jakt og fiske, forureining av Alta-Kautokeino-vassdraget m.m. Men i staden for å styrke miljøetaten i kommunen vedtok utmarksstyret i Guovdageaidnu i haust eit forslag om å legge ned seg sjølv og samtidig legge ned miljøvernkontoret i kommunen. Grunngiinga er den vanskelige økonomiske situasjonen i kommunen. Oppgåvene til utmarkstyret og miljøvernkontoret skal i såfall overførast tildels til Statskog, dels til teknisk etat i kommunen.

Frikommunen som blei vekk

Frå 1992 hadde Guovdageaidnu status som frikommune med eiga styring av utmarksforvaltninga. Kommunen fikk blant anna selge eigne fiskekort og jaktkort, ein tok gebyr for behandling av dispensasjon for kjøring i utmark osv. Disse inntektene finansierte i stor grad drifta av miljøvernkontoret.
Men i 1996 var det jamt slutt. Heile frikommunen blei avskaffa utan anna argument enn at tida var over. Under frikommuneperioden var det kommunen som langt på veg hadde utøva grunneigarmyndigheiten over "statens grunn" i Guovdageaidnu. Denne myndigheita gikk no tilbake til Statskog, som saman med sentrale styresmakter sørga for å oppheve alle lokale særordningar blant anna for jakt. Samtidig overtok Statskog alle inntektene som kommunen hadde hatt av fiskekort og jaktkort.

Stor arbeidsløyse

Guovdageaidnu kommune er trulig den kommunen i landet som har størst permanent arbeidsløyse. Den registrerte arbeidsløysa varierer mellom 10 og 15 prosent, men den reelle arbeidsløysa er langt større, trulig er omlag 40 prosent av arbeidsstyrken utan ordinær full sysselsetting.
Mange har blitt tvungne ut av reindrifta utan å ha fått noko anna å gå til, og mange er framleis ledige etter at Bidjovagge gruver la ned for nokre år sidan. I tillegg har forsvaret lagt ned mesteparten av arbeidsplassane sine i kommunen. Dette gjør at skatteinntektene blir dårlige, mens sosialbudsjettet klatrar mot himmelen.
For å gjøre krisa komplett kom nylig meldinga om at miljøverndepartementet har avvist å gi støtte til renseanlegg for kloakk. I dag går kloakken så godt som ureinsa ut i elva, noko som er ein stor fare for laks og anna fisk i Alta-Kautokeino-vassdraget.

Saka ikkje avgjort

Vedtaket i utmarksstyret om nedlegging av miljøvernkontor og utmarksstyre blei gjort mot bare ei stemme, Heaika Skum frå RV. Likevel er ikkje saka avgjort, for fleire av medlemmane som ikkje var til stades har no kravd nytt møte og saka kjem opp på nytt.


Til startsida

sveilund@online.no