Denne historia forsøker dei å få oss til å tru på, den heilage alliansen av regjeringspartia, Ap, Sp, NHO, LO, Bellona, Zero, Norsk Bergindustri m.fl. Men om vi går det litt etter i sømmane finn vi at det er mye som raknar.
– FrP er for alle «grønne tiltak» som vindkraftutbygging, elbilar og utvinning av «grøne metall». Samtidig er dei klimafornektarar, som ikkje trur på at klimaet blir endra av menneska sine utslepp. Derfor er dei mot all begrensing i utvinning og forbruk av olje og gass.
– Høgre trur derimot på klimaendringane, men konkluderer likevel på same måte med å satse på alle hestar.
– Equinor alias Statoil skal bygge vindturbinar for 100 mrd. kr. i Nordsjøen. Dette gjør dei sjølvsagt for å redde klimaet for oss alle. Samtidig satsar dei stort på oljeutvinning i Brasil, og skamrosar Brasil si behandling av regnskogen.
– Norsk Bergindustri vil ha meir utvinning av dei «grøne minerala» av omsyn til det grøne skiftet, men forsvarar like iherdig utvinning av gull, som bare har negative sider i klimarekneskapen.
– Selskapet Freyr vil starte batterifabrikk, sjølvsagt for det grøne skiftet. Direktøren kjem frå regnskogsrasering i Indonesia.
– Noregs største samla vindkraftanlegg er planlagt i Finnmark. Bak det står eit finsk oljeselskap. Ein representant for dei sa nylig at «vi» må jo ofre litt for klimaet. Dette sa han i samband med at reindriftsområde vil gå tapt.
– Trass alle store ord går utsleppa av CO2 ikkje ned i Noreg.
For eit tiår sidan var det miljøvernarar som sto i spissen for å krevje vindkraft og elbilar. No har dei fleste av dei sett baksida av desse tiltaka, samtidig som dei har blitt meir skeptiske til dei positive verknadane. No har det snudd slik at det er kapitalkreftene, høgresida og «kraftsosialistane» som går i spissen for «klimavenlig» energiproduksjon og forbruk. Det finst knapt eit energiselskap, eit oljeselskap eller eit gruveselskap som ikkje marknadsfører seg sjølv som bærekraftig, klima- og miljøvenlig.
«Det grøne skiftet» er ikkje eit skifte der ein skiftar ut dei gamle skitne kleda, ein tar bare nye og grøne utapå. Det skal gjennomførast utan å redusere på oljeutvinninga eller på unødig produksjon og forbruk. Forbruket av mineral skal derimot auke. Det grøne skal bare komme i tillegg, som eit nytt satsingsområde som kan gi profitt og kanskje arbeidsplassar.
Det dreier seg ikkje lenger om klima. Det dreier seg om at «grøne investeringar» er lønsame (og ofte får statsstøtte) og at bruk av grøne slagord kan gjøre det lettare å få gjennom tiltak som elles kunne bli stoppa av miljøomsyn. Det er jo utbyggarane som er miljøvernarar. Gruveavgang må dumpast i Repparfjorden, Førdefjorden og Bøkfjorden av omsyn til miljøet og klimaet. Reindrifta må raserast for å gi «grøn» energi. Naturen og naturbrukarane må ofrast. Sjølv ofrar dei ingen ting. Dei tener bare enno meir.
Og det er det som det dreier seg om.
Til startsida