Begge rapportane blei gjort på oppdrag av Olje- og energidepartementet. Og her finn vi trulig årsaka til denne spesielle ordbruken. OED har ansvar for to område: Utvinning av den ikkje-fornybare olja og produksjonen av elektrisk energi, som ikkje på same måte brukar opp ressursar heile tida. Det dreier seg altså om den "fornybare" delen av OED sitt ansvarsområde. Når ein lever i ein boks, og ikkje ser verda utafor, blir dette da det fornybare pr. definisjon. Dette gjør denne næringa til noko særskilt høgverdig, bærekraftig, grønn, miljøvenlig osv., noko som sjølvsagt gir "fornybarnæringa" eit fortrinn ved alle konfliktar med andre næringar og omsyn, som da ikkje kan vere fornybare, ettersom det pr. definisjon bare finst ei fornybarnæring.
Kva består så denne fornybarnæringa av? Det kan vi sjå av ein figur på side 55 i den nemnde stortingsmeldinga. Figuren fortel kor mange årsverk det er i det som da til ein variasjon er kalla "fornybarbransjen". Denne består av: – Landbasert og havbasert vindkraft – Solkraft – Vasskraft – Bioenergi – Kraftnett – Kraftmarkedhandel
Alt dette er dermed definert som fornybart. Produksjonen av innsatsfaktorar for fornybarnæringa blir dermed også fornybar, som vindturbinar og betongfundament for desse, kraftleidningar og master, vasskraftdammar, solpanel osv, og da sjølvsagt sementen, jernet, kopparen, nikkelen, neodymen og alle dei andre metalla som går med i denne produksjonen og gruvedrifta etter kalkstein og malm. Glømt er det at sementfabrikkar og gruver er blant verdas aller største kjelder til CO2-utslepp. For fleire av desse metalla fører vindkraftsatsinga til ein stor auke i verdsproduksjonen. Fornybart?
Satsinga på vindkraft tar store område frå primærnæringar som hittil har vore dei som har vore omtalt som "fornybare næringar". I Noreg går landbasert vindkraft ut over reindrift, havbasert vindkraft tar fiskefelt. I andre land er det ofte jordbruk som blir ofra. Kva er fornybart?
"Fornybarnæringa" blir velsigna av mange fordi ho skal bidra til å erstatte forbruk av fossile brennstoff. Som ein ordførar som vil ha vindkraftanlegg i kommunen sin seier: "Når vi skal fase ut olja, treng vi meir straum". Men er det det vi gjør? Er det nokon som trur at OED vil la olja fasast ut? Da bør dei lese Stortingsmeldinga om vindkraft. Der står det nemlig om prognosene for energibruken framover: "I petroleumssektoren brukes det i dag 9 TWh elektrisitet ... NVE legger til grunn at forbruket øker med 13 TWh til 2030 og blir på dette nivået til 2040." Det vil seie at over halvparten av den forventa auken i kraftproduksjon vil skje i olje- og gassutvinning.
Fornybart?
Svein Lund