Like over Kjølen har det i fleire år rasa ein kamp som få her i Norge har hørt om. Dette trass i at den på mange vis kan samanliknas med Alta-kampen her. Kampen for å berge dei fjellnære skogane er både ein kamp for samiske rettar og for å verne nokre av dei siste urskogane i Europa.
Frå 15-1600-talet trengte svenske nybyggarar samane lenger og lenger opp mot fjellet. Jordbruk, skogbruk og gruvedrift har redusert reindrifta sine område. Nokre gonger har ein satt grenser som skulle avgrense enten samane sitt område eller nybyggarane sitt, slik som Lappmarksgrensa og Odlingsgrensa. Men gang på gang blei disse grensene undergravd. Idag står den svenske staten for eit nytt framstøt, som vil kunne bli eit dødsstøt for reindrifta i store delar av Sverige.
Tidleg på 50-talet satte Domänverket (svenske statens skogbruksselskap) ei skogsodlingsgrense. Ovafor denne grensa skulle det ikkje hoggas, dels fordi det ikkje var rekna for lønnsamt, dels fordi ein ikkje var sikker på om det gikk å få ny skog å vekse opp her om ein avvirka den gamle.
I bortimot 30 år blei denne grensa overholdt, men da var det hogd ned så mye nedafor grensa at den svenske skogsindustrien byrja å få mangel på virke. Da kasta dei auga på det som kallas dei «fjällnara urskogama» ovafor skogsodlingsgrensa. Og trass i løfter om det motsatte fjerna Domänverket i 1982 heile skogsodlingsgrensa, og satte i gang å hogge. Fortsatt var det tvilsamt om dette eigentlig var lønnsamt, men staten gir så stor støtte til bygging av skogsbilvegar at det blei avgjørande. Med andre ord: Staten støttar staten, og plutselig er drifta blitt bedriftsøkonomisk lønnsam. Men mange meinte disse skogane hadde andre verdiar enn å bli papirmasse, og alt året etter blei «Fjällnara Urskogars Räddnings-Aktion» - FURA danna.
På den nordiske samekonferansen i Åre i Jämtland treff vi Olof Johansson, som er reindriftssame og styremedlem i FURA. Vi spør kva verknad denne hogginga vil ha for reindrifta.
- For reindrifta kan disse skogane vere heilt avgjerande. På ettervinteren når det er mye skare kan reinen ha vanskelig for å komme ned til bakken og finne seg mat. Da brukar han å ete hengelav som heng i disse gamle trea. Om det er ein hard vinter, blir det katastrofe om denne skogen er hogd ned.
- Kva har så reindriftssamane gjort for å hindre hogginga?
- Først blei det forsøkt den politiske vegen. Saka kom opp i regjeringa, som sørga for at 3 område blei verna. Nå syntes regjeringa dei hadde gjort sitt, sjølv om dette bare var ein liten del. Ellers heldt hogginga fram som før.
I fjor blei så dette arbeidet utvida med kontakt nedover kontinentet, og i sommar blei det arrangert ei stor skogsreise. Reisa starta lengst nord i Sverige og dro med tog nedover. Der vi stoppa var det møte og utdeling av informasjon. På vegen nådde, vi med ei stor tørrfuru. Det var gateteater, utstillingar og rockegrupper. Til denne turen fikk vi støtte frå mange kantar, frå Skogsarbetarforbundet og Sveriges Jamvagar. Vidare fortsatte ferda over til England og nedover Europa, og gikk gjennom både Aust- og Vest-Europa. Vi fikk til og med med nokre av dei statsgodgjende miljøvernorganisasjonane i Aust-Europa.
For oss samar som er vant med å vere få og stå aleine er det litt av ei oppleving å ha så mange å stå såman med. Vi har og nytta dette til å informere om samiske spørsmål, ettersom det er svært lite folk veit. Det er slikt som gir optimisme, seier Olof Johansson, som lurer på om det ikkje og trengs eit større engasjement på norsk side for å berge skogane.
Til startsida