Innlegg skrive 08.12.2015, dagen da Miljødirektoratet ga Nussir løyve å dumpe gruveavgang i Repparfjorden.

Farvel til gruvedialogen

Frå mineralnæringa er det stadig framheva at dei ønsker dialog. Dei vil ha dialog med fiskarar, med reindrifta, Sametinget, miljørørsla og med alle som den norske mineralsatsinga kan komme i konflikt med. Derfor har ein hatt dialogkonferansar, intensjonsavtalar og konsultasjonar, alt i beste meining for å oppnå semje og unngå konfrontasjonar, demonstrasjonar, rettssaker og klager til internasjonale organ.

I det lengste har eg prøvd å tru på dialogen. I fleire år har eg skrive på ein bokserie om gruver (tekstreklame: http://gruve.info). I den tida har eg hatt kontakt med alle partar, eg har deltatt på gruvekonferansar og til og med vore på Nussir sitt styremøte og snakka om bøkene mine og alternativ til sjødeponi. Gong etter gong har eg forklart at nei, eg er IKKJE gruvemotstandar, eg er for ei gruvedrift som tar omsyn til naturen og som samtidig utnyttar ressursane i langt større grad. Eg har hatt trua på at det må gå an å drive gruver der alt ein tar ut av berget blir utnytta eller ført tilbake i gruva. Eg veit det går an å bruke gruvemasse til bygningsmateriale, at omlag halvparten av uttaket kan førast tilbake til gruva. Eg har hatt ein illusjon om at opplysning kunne vise vegen til ei løysing på den fastlåste situasjonen, der staten vil ha satsing på mineralutvinning over heile landet, mens nesten alle gruveprosjekt møter motstand.

I boka mi "Gull, gråstein og grums 1" skreiv eg om gruveplanane i Kvalsund og at det var tre alternativ, konflikt, konkurs og konsensus. Eg hadde enno ei von om at ei omlegging av planane til bruk av gruvemassane i staden for dumping kunne føre til ein konsensus om ei gruve som alle kunne leve med. For knapt ein månad sidan skreiv eg i eit innlegg i fleire aviser at eit nei til sjødeponi kan bli eit ja til gruvedrift.

Eg har stått på sida og sett på den utolmodige ungdommen som har rasla med lenker og truga med å sette seg foran maskinane både ved Repparfjorden og Førdefjorden. Eg har sympatisert med krava deira, men syntest at dei rasla for tidlig, og at andre middel burde prøvast først.

I dag har Miljødirektoratet vald konflikt. Med det har dei tatt livet av den siste illusjonen min om at det går an å samarbeide seg til ei løysing på gruvekonfliktane. Med å gi løyve til dumping i Repparfjorden har Regjeringa gått til krig, mot miljørørsla, mot fjord- og elvefiskarar, mot reindrifta og sameretten og i det heile mot naturen og mot ideen om å tenke lenger enn nesa og pengepungen rekk. Nussir, Nordic Mining, Norsk Bergindustri og Miljødirektoratet må vite at det finst alternativ. Men dei vil ikkje vite av dei. Så lenge regjeringa har bestemt at bruk av sjødeponi skal vere gratis, og at det skal vere ein sentral del av den norske mineralstrategien, så er det ingen grunn for gruveselskapa til å lee ein finger for å utvikle andre former for drift og avgangshandtering. Derfor får heller ikkje forsking på alternativ gruvedrift og alternativ bruk av gruveavgang pengar frå staten, det er det bare forsking på grønvasking av gruvedrift som får.

Og dialogen – vi må dessverre innsjå at han ikkje har klart å stoppe eller endre eit einaste miljøskadelig gruveprosjekt.

Eg trur framleis på at det er mogleg å drive gruvedrift på ein annan måte. Utan dagbrot, utan ytre deponi og utan avrenning av giftstoff. Om gruveselskap forskarar og miljøvernarar hadde samarbeida om å utvikle slike løysingar, kunne Noreg blitt verdsleiande i miljøvenlig gruveteknologi. Men eg har no innsett at den norske regjeringa, i lag med gruveselskapa og organisasjonen deira, ikkje ønsker eit "grønt skifte" for mineralnæringa. Dei ønsker i staden å halde fram som verdas leiande på gruveforureining, som ei miljøsinke som skjemmer landet ut i verdsmålestokk.

I dag har trua på at det nyttar å snakke pent med regjering og gruveselskap fått ein alvorlig knekk. Eg tar gjerne opp igjen dialogen, men først når regjeringa og mineralnæringa har vist ei heilt anna haldning en det dei har vist i dag. Vi har ikkje ein uendelig klode, ikkje uendelig ressursar verken av natur eller mineral. Vi kan ikkje halde fram å rane ressursane og naturen for kortsiktig profitt for nokre aksjespekulantar. Når regjeringa viser vilje til å ta naturen og trugsmåla mot denne på alvor, kan vi tenke på dialog igjen. I mellomtida får vi ruste oss til kamp.

I dag har eg meldt meg på Natur og Ungdom si liste over folk som vil sette seg foran maskinane.

Svein Lund
http://gruve.info


Til startsida

sveilund@online.no