Norsk etisk gruvedrift?

Klassekampen har 13.03.2018 gitt plass til ein kronikk som fortel at norsk gruvedrift trengst for at vi skal kunne forbruke med godt samvet. Utgangspunktet er kobolt, men tilsvarande argumentasjon blir no brukt over heile linja for å forsvare planlagt gruvedrift i Noreg. Er slik at norsk gruvedrift er meir etisk enn anna?

For å få oppslutning om statlig mineralstrategi og aktuelle gruveprosjekt må tilhengarane av desse ty til stadig nye argument. Når argumenta med arbeidsplassar, nasjonal og kommunal økonomi ikkje strekk til, er metoden å appellere til folk sitt miljøengasjement og sosiale samvet. | „Det grøne skiftet” har på kort tid blitt eit hovudargument for auka gruvedrift, og blir også brukt for gruver som har vore planlagt lenge før dette argumentet kom på banen. Logikken er at alt som kan bidra til meir fornybar energi, automatisk blir grøn gruvedrift, og mineral som koppar, litium, sjeldne jordmetall, bly, grafitt, kvartsitt, aluminium, jern, kalkstein osv. blir „grøne mineral”. Kongo er rikt på mineral, men landet er rasert av kolonivelde, borgarkrig og gruveselskap.

Mange fattige familiar må grave i jorda etter mineral som gull og kobolt, og heile familiane deltar i arbeidet, slik det har vore vanlig også her i tider da folk var fattigare og skolesystemet var dårligare utbygd. Slikt arbeid er sjølvsagt ikke bra for helsa for verken barn eller vaksne. Spørsmålet er korleis dette har blitt eit argument i norsk gruvedebatt, og om vi hjelper barna i Kongo med å auke norsk mineralutvinning.

Utstillinga „Gullets mørke side” blei vist ved Norsk Bergverksmuseum i 2015, og seinere ved flere andre museum. Ho var ein fotodokumentasjon av barnearbeid i gruver i Filippinene, Burkina Faso og Indonesia. I sjølve utstillinga var det ingenting som tilsa at dette skulle brukast i norsk gruvedebatt. Likevel antyda presentasjonen frå Bergverksmuseet at det ville vore betre om denne produksjonen hadde foregått i Noreg. Dette blei følgd opp Norsk Bergindustri, som uttalte: „... Norge og vesten for øvrig har ikke bare økonomiske incentiver til å utvinne mer råstoffer lokalt, vi har også en moralsk forpliktelse til å bli mer selvforsynt med råstoffer. Vi kan ikke lenger overlate den brysomme delen av verdikjeden til noen andre.” Å bygge ut mineralutvinninga i Noreg er altså moralsk, å gå i mot dette er umoralsk!

Så kjem da i Klassekampen enno eit gruvemuseum på banen, gjennom museumspedagog ved gruvemuseet på Blaafarveværket. Etter utgreiing om koboltutvinning i Noreg og Kongo, kjem konklusjonen: Noreg må starte eiga koboltutvinning igjen ved dei gamle gruvene som blei nedlagt i 1898. Dette vil bli intet mindre enn „etisk kobolt”. Det artikkelen ikkje seier er at dei funna som australske og kanadiske selskap har gjort der viser rester av koboltmalm med opp til 0,2% kobolt. Med andre ord minst 99,8 % avgang. Det seiast ikkje noko om kva inngrep ei slik drift vil føre til i naturen og kor mange kvadratkilometer natur som skal gravleggast under avgangsdeponiet.

Kva er det som er etisk ved gruvedrift i Noreg? At den norske staten i større grad enn den kongolesiske er i stand til å overvake forbodet mot barnearbeid? I forhold til naturen er ikkje norsk gruvedrift meir etisk enn drifta i andre land. Tvert om, Noreg er eit av dei få landa som ikkje bare tviheld på retten til å dumpe gruveavgang i sjø, men også promoterer denne retten internasjonalt.

Kongo-argumentet er brukt langt ut over spørsmålet om kobolt. I striden om Nussir ASA skal få driftskonsesjon til koppargruver, blir Kongo stadig brukt som argument også for at denne gruva må få starte opp, sjølv om ikkje det er koppar som blir drive ut med barnearbeid. Gruveprofitørane sine representantar fortel stadig at „vi” må ofre oss, „vi” må gi litt av vår natur for å gi „etisk gruvedrift” her og for at barna skal slippe å slite i gruver i Kongo. Det dei ikkje seier er kven „vi” er som må finne oss i å ofre, sjølv skal dei bare tene.

Eg skal ikkje påstå at verken artikkelforfattaren eller Klassekampen sin redaksjon har noko medvite ønske om å vere ein del av denne kampanja for norsk gruvedrift på kapitalen sine vilkår. Eg bare konstanterer at artikkelen fungerer som det.


Til hovudsida