Dialog?

Mellom bakkar og berg ut med havet – heve nordmannen funne sin heim. Og over viddene har reindriftssamen følgt flokken sin i generasjonar. Begge trudde dei at dei hadde rett til landet, til framleis å bygge og bu og flytte som dei alltid hadde gjort.

Så kom eit kanadisk og eit kinesisk gruveselskap og sa dei hadde retten til å endevende fjellet. Så kom eit tysk pensjonsfond og eit finsk bensinselskap og sa dei hadde rett til å sette vindturbinar på nordmannen sitt berg og på samen si vidde. Så kom eit japansk oppdrettsselskap og sa fjorden var deira, for dei hadde fått konsesjon.

Så sendte dei som nylig hadde fått retten sine utsendingar til dei som trudde dei hadde retten og sa: Vi må ha dialog! Vi må snakke saman om korleis vi kan tilpasse oss best mogleg til kvarandre, så vi får fredelig sameksistens. Bare vi kan få tømme berget ditt og fylle fjorden din og stenge vidda di, så skal vi saman finne løysingar så du kan få kompensasjon og jobb hos oss og vi kan sponse idrettslaget og kulturfestivalen og vi skal sette opp eit gjerde så ikkje reinen fell ned i gruva og du ikkje får iskast og drepte ørnar frå vindturbinen i hovudet. Men vi må ha dialog!

Så sette nordmannen og samen seg til bordet med alle dei fine utanlandske selskapa og konsulentane deira og det mangla ikkje på verken vått eller tørt til dialogen. Og før dei visste ordet av det hadde dei ein avtale. – Men det må bli oss i mellom, sa selskapet og skjenka opp eit nytt glass. – Ja sjølvsagt, sa samen og nordmannen i kor. Da dei dagen etter vakna med verdas verste skallebank og bondeanger, var det eine berget borte, det andre fyllt med vindturbinar og fjorden var full av oppdrettsmærer og gruveavgang. Og utbyggarane hadde kontrakten med alle underskriftane på. Bordet fangar.

Dette er ikkje eit folkeeventyr. Det skjer den dag i dag. Denne dialogen er alt anna enn likeverdig. I dialogen stiller utbyggar med dei beste ingeniørar, geologar, biologar, juristar, økonomar, kjemikarar og konsulentar som kan kjøpast for pengar. Dei har full lommebok og dialogen skjer sjølvsagt på deira godt betalte arbeidstid. Motparten har ingen formell ekspertise, bare sin eigen tradisjonelle og lokale kunnskap, som han ikkje har papir på. Han møter til dialogen på eiga ubetalte fritid eller tar seg fri med tapt arbeidsforteneste, og har knapt tid å lese ein tidel av alle sakspapira, som han likevel knapt forstår.

Likevel er det mange av dei som skal representere interessene til brukarane av bakkar, berg og vidder som har tatt til orde for dialog direkte med utbyggarane. For få år sidan klarte nokre smarte sametingspolitikarar å få intensjonsavtalar med tre gruveselskap, med eller utan reindrifta med på laget. På Varangerhalvøya gikk reindrifta i dialog med vindkraftutbyggarar og mot nokre små tilpassingar godtok dei ein konsesjon både til det som er bygd og det som er planlagt. På Laksefjordvidda sendte utbyggar sin agent for å snakke rundt tre reinbeitedistrikt, og klarte det med eitt av dei. Eit konsulentselskap kallar seg Protect Sápmi. Det er danna av reindriftssamane sin eigen organisasjon og skal verne om samiske interesser – gjennom dialog med utbyggarane. Kven kan vel seie nei når det er deira eigne som kjem og ber dei gå inn i dialogen?

Ein framtredande representant for det internasjonale konsulentkonsernet Control Risks brukte å seie til kundane sine i gruveselskapa at så lenge dei klarte å sikre dialog med kritikarane sine, så ville dei vinne. Men om dei møtte folk som ikkje ville kompromisse, da hadde dei eit problem. Eg trur faktisk denne konsulenten hadde rett.

Om du er grunneigar, fiskar, reindriftssame eller naturvernar og går inn i dialog med ein utbyggar, så anerkjenner du dermed at denne utbyggaren har legitime interesser i ditt fjell, din fjord og di vidde. Men det har han ikkje. Det finst noko som heiter alders tids bruk, som seier at den som har brukt eit område i alle år, har rett til å halde fram med det. Retten tilhører ikkje den som kom i forgårs og kjøpte opp eit papir i går.

Det er styresmaktene som er ansvarlige for at utbyggingstiltak bare blir tillatt i samsvar med norsk lov og internasjonale konvensjonar. Styresmaktene er også ansvarlige for at inngrep som ikkje lar seg stoppe blir kompensert økonomisk. Det er ingen grunn for verken nordmannen eller samen til å innlate seg i dialogar med utbyggarar som bare vil narre ein trill rundt og seier at du må ta i mot tilbodet mitt for elles får du ingenting.

Dialog med utbyggar er ei felle – Sei nei til dialog!

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no