Innlegg i Altaposten 06.06.2012

Denne artikkelen på samisk / Dát artihkkal sámegillii

Ja til meir fortjeneste – for kem?

Om det på Nordkalotten hadde vore ein marknadsføringskonkurranse – korleis best marknadsføre skadelige prosjekt som lys framtid – så veit eg om ein ganske sikker vinnar: Arctic Gold sin direktør Lars-Åke Claesson. I avisa Ávvir 01.06. har han publisert ein kronikk, til og med på samisk, der overskrifta fortel kva som er formålet med planane for gruver i Biedjovággi: "Juo eambbo máhttui" – ("Ja til meir kunnskap"). I artikkelen viser han det brennande engasjementet sitt for arbeidsplassar og framtid for ungdommen i Guovdageaidnu. Han fortel at på Finnmarkskysten er det no ei veldig utvikling, på grunn av gass- og gruveaktiviteten, mens det i innlandet er naud og arbeidsløyse.

Her skal eg ikkje skrive så mye om det at denne utviklinga til no er i bare 3-4 av dei 17 kystkommunane, heller ikkje om at i Hammerfest og Sør-Varanger blir denne utviklinga følgt av ei kollosal forureining, og heller ikkje om at den største gruveplanen på kysten no går ut på å ta livet av ein heil fjord.

Claesson bryr seg også veldig om reindrifta: "Arctic Gold har til hensikt å legge til rette for framtida i desse områda i lag med reindrifta." Reindrift har det i "desse områda" vore i minst 400 år, og før det har det vore villrein i kanskje 10000 år. Dersom naturen ikkje blir øydelagt, så kan rein og reineigarar nyttiggjøre seg desse områda i mange hundreår framover. Kor lenge varar så Arctic Gold si framtid? Sjølv seier dei at dei ønsker å arbeide der i ti år, men det krev at dei finn meir malm enn det dei har funne til no. Meir trulig er det at denne framtida ikkje vil vare lenger enn 5-6 år, omtrent like lenge som kvar av dei to driftsperiodane som har vore i gruva tidligare.

Einkvar kan dra til Biedjovággi og sjå korleis naturen der ser ut etter 2x5 års gruvedrift. I fjor var eg der i lag med NRK, to reindriftssamar og ein tidligare gruvearbeidar. Eg hugsar godt kva ein av reineigarane sa da han såg utover det tidligare gruveområdet: "Dáppe ii goassege šat šaddá ealát!" (Her blir det aldri meir livsgrunnlag/reinbeite). Det blei da tatt vassprøver der, og resultatet av dei viser 6 metall, blant dei var både koppar, sink, kadmium og nikkel målt til klasse 5: ”Meget sterkt forurenset”. Det finnes ennå i Statsarkivet papir som fortel om da det var rettssaker mellom gruva og reindrifta og om korleis forureininga ramma rein og reindrift, men dessverre har ingen grundig undersøkt dette materialet i samband med dei nye planane.

Eg har lest Arctic Gold sitt første og andre planprogram. Programmet har etter kvart blitt noko betre, etter som det har kome opp kritikk både på folkemøte og i høringsuttalar. Etter som folk viser skepsis til planane, så må gruveselskapet ta omsyn til innvendingane. Kommunen hadde tidlig krevd at konsekvensvurderinga skulle undersøke kva verknadar gruvedrifta vil ha på heile lokalsamfunnet i Guovdageaidnu. Arctic Gold ville ikkje gjøre det – før fleirtalet i kommunestyret avviste heile planprogrammet. Da skulle dei plutselig gjøre også denne undersøkinga. Da kunne dei også ta det sørligaste området ut av planen, i forsøk på å tilfredsstille reindrifta. Dette viser at dei bryr seg akkurat så mye som dei må for å få lov å grave opp dei verdfulle minerala i Biedjovággi.

Gruvekapitalen er internasjonal. Det er store konsern som opererer over heile verda, og som har ødelagt store område og livsgrunnlaget til folk i f.eks. regnskogane i Sør-Amerika, ørkenområde i Australia, på Kola og i Nord-Finland. I Sør-Varanger er det no australsk kapital, på Stjernøya amerikansk, i Austertana kinesisk. I Guovdageaidnu er det no svenskar, etter at tidligare eigarar har vore frå Danmark, Sverige, Noreg og Finland. Etter at minst 5 selskap har gravd i Biedjovággi og gått konkurs eller solgt rettane, så har de ikkje hatt noko ansvar for korleis tilstanden er der no og for framtida. Arctic Gold er ikkje eit firma som er starta for å gi folket i Guovdageaidnu kunnskap, arbeidsplassar og framtid. Det er eit firma som er starta for å tjene pengar der det er mogleg, og no er det særlig mye å tjene på koppar og gull. Dei har allereie brukt 50 millionar på undersøkingar, og sjølv om dei må betale eit par titalls millionar til, vil det vere svært lønsamt å tømme Biedjovággi-området for alt av verdi på 5-10 år, før dei forlater det øydelagde området for evig og alltid. Alle erfaringar til no viser at gruveselskap ikkje ryddar opp etter seg meir enn dei blir tvunge til.

Naturvernforbundet er ikkje mot all gruveverksemd. Men vi krev at når gruvedrifta er avslutta, så skal naturen førast tilbake til den tilstanden som var før, så langt det er mogleg. Denne tilbakeføringa skal gjelde både fysiske, kjemiske og biologiske forhold. Revegeteringsprosjektet som var i Biedjovággi på 1990-talet var ikkje stort meir enn eit interessant eksperiment, det dekka knapt ein prosent av det øydelagde området. Dersom Arctic Gold skal få lov å grave i Biedjovággi, så må vilkåret vere at dei har ein truverdig plan for tilbakeføring til naturen, og da må dei også rydde etter tidligare drift. Om dei ikkje kan gjøre det, er det betre å stanse denne prosessen med det samme.

Svein Lund
Leiar for Naturvernforbundet i Guovdageaidnu/Kautokeino


Til startsida

sveilund@online.no