Innlegg sendt aviser i Finnmark 21.05.2015

Gruveselskap med samfunnsansvar?

Arctic Gold AB har ikkje gitt opp trua på å få igang gruve i Biedjovággi. Nyvald nestleiar i styret, Hanne Markussen Eek fortel til avisa Ávvir 19.05.2015 at ho vil besøke Guovdageaidnu i nær framtid for å få reist saka igjen i kommunen. "Eg har samfunnsdimensjonen sentralt og kva slags samfunn folket i Guovdageaidnu ønsker i framtida", seier ho til avisa.

Arctic Gold er altså opptatt av kva folket i Guovdageaidnu ønsker. Men kva no om folket rett og slett ikkje ønsker gruva deira? Om det samfunnet folket ønsker er eit samfunn utan nye store naturinngrep, der vi tar vare på grunnlaget for friluftsliv, utmarkshausting og reindrift? Folket har vald eit kommunestyre, som to gongar har sagt nei til gruve i Biedjovággi, og alt tyder på at fleirtalet i kommunestyret her har støtte av eit fleirtal i folket. Men folket skal ikkje få bestemme om dei bestemmer feil, for i det same intervjuet uttaler Eek: "... etter mi meining skal ikkje kommunane ha lov å avvise kunnskap og verdiar som ei slik utgreiing kan bringe".

Kva Arctic Gold virkelig vil, kjem ikkje fram i dei store overskriftane, men med små skrift: 17.12.2013, dagen etter at kommunestyret sa nei til gruve, sendte selskapet ut ei pressemelding. Nederst på arket sto det kva selskapet står for: "Arctic Golds affärsidé är att bedriva prospekteringsarbete för att hitta och påvisa kommersiellt utvinningsbara guld och basmetallfyndigheter i Norden. Strategin är att i första hand bedriva prospekteringsarbete och antingen avyttra projekt inom några år eller etablera gruvdrift i egen regi eller i samarbete med andra bolag." Det vil seie at selskapet skal seljast så snart nokon kjem med eit bod som gjør at aksjonærane får dekka utgiftene sine til no og helst ein liten gevinst attpå. Her ligg motivasjonen til Arctic Gold. La oss slippe å få det kamuflert med omsorg for ei bygd som etter deira meining ikkje veit sitt eige beste.

I intervjuet får vi vite at det er tre målsettingar med konsekvensutgreiinga: "– Det er geologien, som kan vise om det i det heile er mogleg å hente ut minerala. Teknologien, korleis ein kan hente opp minerala, og påverknad på samfunnet som sikrar at verdiar i størst mogleg grad blir igjen i kommunen." Det siste punktet ville Arctic Gold opprinnelig ikkje greie ut, det kom først inn etter at kommunen hadde sagt nei, som ein del av tiltaka for å få kommunen til å snu. Verknadar for naturen og reindrifta har nestleiaren ikkje funne det verd å nemne.

Etter nederlaget i kommunestyret har Arctic Gold gjort ei rekke tiltak for likevel å få starte opp gruve:
– forsøkt å få erklært kommunestyrerepresentantar inhabile
– bestilt juridisk utgreiing om at kommunestyrevedtaket var ulovlig
– love pengar til kultur, skole, helse, byggefelt, veg m.m.
– fått lokal bedrift å kjøpe aksjar

Alle tilbod om bidrag til kommunen kom ETTER at kommunestyret hadde sagt nei første gongen. Hadde Arctic Gold fått gjennomslag for at kommunen ikkje skulle ha lov å seie nei, hadde dei ikkje trengt å tilby noko. Er det noko som helst grunn til å tru at samfunnsansvaret til Arctic Gold strekker seg lenger enn til deira eiga lommebok?

Svein Lund, Guovdageaidnu

(PS. Sitata på norsk er mi omsetjing frå den samiske teksten i Ávvir)


Til startsida

sveilund@online.no