Samisk naturbruk mellom tre stolar

(Noko revidert utgåve av innlegg på seminar for Naturviterne, Tromsø 22.03.2019)

Det er gledelig at i alle fall nokon av dei som arbeider innafor offentlig naturforvaltning ønsker å høre om korleis forvaltninga blir oppfatta frå litt andre synsvinklar. Eg har aldri jobba i forvaltninga, men har opplevd regelverk og forvaltning som naturbrukar og som tillitsvald i to forskjellige organisasjonar, Naturvernforbundet og Guovdageainnu meahcceguovddáš. Sjølv om eg vil bruke litt røynsler frå begge desse organisasjonane, vil eg understreke at konklusjonane mine her står bare for mi eiga rekning.

Søringen som ikkje snudde

Bakgrunnen for at eg har engasjert meg i desse spørsmåla er at eg er ein søring som kom nordover i 1973. I motsetning til dei aller fleste andre søringar som kom på den tid hadde eg aldri vett til å snu, men etter kvart etablerte eg meg og engasjerte meg i den kommunen i landet som har mest natur, mest naturbruk og mest motsetningar i forhold til styresmaktene sitt regelverk for korleis denne naturbruken skal utøvast.

Ein fisketur på vidda

Som eksempel på forholdet mellom samisk naturbruk og andre interesser vil eg ta ein minneverdig fisketur eg sjølv var med på for eit par tiår sidan. Eg hadde da vore eit par år i Guovdageaidnu, men så langt bare fiska aleine med stang og pilka på isen, og ikkje fått med meg så mye av den lokale naturbruken i praksis. Så blei eg bedt med på ein tre dagars fisketur innover vidda, ved eit vatn ei knapp mil frå næraste bilveg. Sjølv surra eg sekken på trøsykkelen og sette i veg etter ein rimelig synlig traktorveg. Etter ei tid blei eg forbikjørt av fiskekameratane på ein firhjuling opplasta med lávvu, gummibåt, fiskegarn, fiskekasser, soveposar, salt og det som elles trengtest for ein slik ekspedisjon. Vi sette opp lávvu, pumpa opp gummibåten og ut med garna. Så var det å legge seg i lávvuen og vente og fortelje historier, inntil det var tid å sjå til garna. Ikkje trekke dei opp, slik eg var vant med, men „oahppat firpmiid” bokstavelig talt „lære garna”, sjekke om der var fisk og ta han ut for så å la garnet fiske vidare på same plassen. Etter kvart blei det sløying, salting av sik og røyking av gjedde i lávvuen, mens eg fikk utvida det samiske ordforrådet mitt for fisk og fiske.

Motorferdsel for kven?

Nokre år seinare hamna eg midt i den harde striden om motorferdsel på vidda. Naturvernforbundet i Finnmark gikk hardt ut mot all barmarkskjøring på vidda, og krevde at ingen måtte få lov å kjøre utan at dei oppfylte kravet til 50000 kr. i registrert næringsinntekt. Det bidrog til at forbundet klarte å gjøre seg svært upopulært på vidda, og da fylkesleiaren gikk ut med harde åtak på dei samiske kommunane som ikkje respekterte norsk lov, men ønska seg ein samisk stat, da kjente eg at medlemskapen min hang i ein ganske tynn tråd.

Eg tenkte tilbake på ein fisketur nokre år tidligare. Eg spurte aldri om fiskefølget mitt hadde søkt dispensasjon for denne turen. Trulig hadde dei ikkje det, da dei visste at etter lovverket ville dei allikevel ikkje få det. Dei kjørte ei knapp mil innover etter ein gamal traktorveg, som før traktoren kom sikkert var brukt med hest. Kjøretøyet sto der i ro i tre dagar, til vi frakta alt heim igjen med tillegg av eit godt tilskot til vinterforsyning av salt sik og røyka gjedde for oss alle. Den som meiner vi kunne gjort det til fots skal få lov å vise det i praksis. Og ingen tenkte på å selje noko av fisken, noko vi i følge styresmaktene skulle ha gjort for å drive næring i ei verd der pengar er alle tings mål.

Kva trugar naturen i nord?

Eg nemnde Naturvernforbundet. Ein tildels krass strid endte for eit tiår sidan med at fleirtalet slo fast at det største trugsmålet mot naturen i Finnmark ikkje var samisk naturbruk, men naturinngrep utafrå, i form av kraftutbygging, gruver, olje og oppdrett. Resultatet var at eg ikkje bare opprettholdt medlemskapen, men blei leiar av lokallaget, noko eg har vore mesteparten av tida sidan. Det har vore og er framleis ein posisjon mellom to stolar, mellom den samiske lokale naturbruken og dei generelle prinsippa for norsk naturvern. Det har vi fått merke ikkje bare i spørsmålet om motorferdsel, men også saker som nasjonalparkar, rovdyr og jakt- og fiskereglar.

To eller tre stolar?

Samisk naturbruk mellom to stolar. Det var det eg blei bedt om å snakke om. Eg trur faktisk det er tre stolar. Den eine er sjølvsagt samiske naturbrukstradisjonar. Den andre er statlige styresmakter si forvaltning og den tredje er natur- og miljørørsla på nasjonalt nivå. Dei to siste står ofte mot kvarandre, i spørsmål som gjeld naturinngrep og forureining. Samtidig står dei i ein del tilfelle saman, med samisk naturbruk som motpol. Det gjeld saker som motorferdsel i utmark, rovdyr, verneområde og vårjakt på ender. Og vi som Naturvernforbundet i Ávjovárri har gjerne statlige styresmakter som motpart, mens vi prøvar å halde oss inne med begge dei andre stolane. Og det er ikkje alltid så lett.

Kva er samisk naturbruk?

Kva er så samisk naturbruk? Dei fleste vil kanskje forbinde det med reindrift, og reindrift er samisk naturbruk, både sjølve drifta og flyttingane med reinen, og alle dei aktivitetane som følgjer med, hogging av ved, gjerdestaur, duodjimateriale, jakt, fiske, bærplukking, sennagras osv. Men samisk naturbruk er i like stor grad bruken som blir utøva av fastbuande samar, i innlandet, ved kysten og med særeigne variantar langs dei store elvene. Både tida og dei avgrensa kunnskapane mine tilseier at eg her snakkar mest om naturbruken til dei fastbuande samane i innlandet, med hovudvekt på min eigen kommune, Guovdageaidnu.

No hører eg allereie innvendingane at dette er eit stereotypt bilde, at ikkje alle samar har same naturbruken og at også mange nordmenn gjør det same. Det er det jo noe i, men vi kjem likevel ikkje bort frå at det er nokre typiske trekk ved samisk naturbruk som skiljer denne ut frå det som ligg til grunn for norsk forvaltning.

Plutselig vern

For eit tiår sidan instruerte daverande Miljøverndepartementet daverande Direktoratet for Naturforvaltning å instruere Fylkesmannen i Finnmark om å lage planar for oppretting og utviding av verneområde i Finnmark.

Bakgrunnen var på eine sida at Finnmark låg på underskot og etterskot i forhold til nasjonale og internasjonale målsettingar for kor mange prosent av arealet som burde ha status som nasjonalpark eller naturreservat.

På andre sida hadde ornitologar og botanikarar sørfrå i lengre tid saumfart vidda etter spesielt rike førekomstar av fjellmyrløper, brannmyrull og rikmoseflarkmyr, og konkludert med at nokre av desse førekomstane var så spesielle at dei trengte eit lovfesta vern. Mot eit eller anna hypotetisk trugsmål.

På tredje sida hadde Noreg bruk for nokre fleire turistmagnetar i Finnmark, da det var grenser for kor mye ein kan gjøre ut av Nordkapp og helleristningane i Alta. Resultatet var at plutselig kunne vi lese i avisa at det skulle opprettast Goahteluoppal nasjonalpark og naturreservat i nasjonalparkstorleik ved Opmoáhpi, Náipolsáiva, Stuorajávri, Áidejávri, Suolovuopmi, Ginaljeaggi og enno ein 3-4 til bare i Guovdageaidnu kommune. Desse områda blei av styresmaktene definerte som villmark, og skulle vernast som det. Om nokon hadde brukt desse områda ein gong, ville øvrigheita helst slippe å få vite det. Enn kanskje nokon enno brukte dei, måtte Gud forby, det var jo i strid med Villmarka.

Men faktisk var det nokon som brukte dei foreslåtte verneområda, og dei var så frekke å spørje om nokre av dei tre nemnde motiva for vern var så viktige at det kunne forsvare at dei sjølve skulle vike. Ein eldre kar som heile livet hadde fiska vinterforsyninga til familien i området som no skulle bli nasjonalpark sa det som så: „Dei vil ta området frå oss og gi det til turistane”. Slik reagerte mange og ei spontan underskriftskampanje i Guovdageaidnu ga rundt 700 underskrifter mot nasjonalpark. Eg hørte ikkje til underskrivarane og det tok litt tid før eg forsto kvifor så mange reagerte så sterkt.

Verneprosess i vranglås

Etter initiativ frå Sametinget gikk direktoratet med på at det skulle opprettast lokale arbeidsgrupper som skulle få uttale seg, ikkje om kva som skulle vernast, men om regelverket for verneområda. Arbeidsgruppene fikk knappe fristar og lite pengar og resultatet blei at den eine leverte eit halvferdig resultat under protest, den andre leverte ikkje. Forslaget med arbeidsgruppa sine kommentarar blei sendt til Fylkesmannen, der miljøvernavdelinga synte ei viss forståing og gikk inn for å gjøre nokre innrømmingar. Deretter gikk saka til direktoratet, som sa tvert nei. Her skulle det ikkje giast nokon konsesjonar til den gjenstridige samiske allmue, men kjørast på etter nasjonale retningslinjer. Resultatet blei at alt gikk i lås. Kommunane, fylkeskommunen, Sametinget og ei rekke organisasjonar sa „Nei til alt vern!”.

Kva slags vern?

Vi i Naturvernforbundet hamna no mellom to stolar. Frå starten i 1914 har oppretting av verneområde vore ei av forbundet sine store kampsaker. For trulig første gong i forbundet si historie sa no eit lokallag nei til eit verneforslag, og også fylkeslaget var kritisk. Vi ønska vern, men mot inngrep og ikkje mot lokalt naturbruk. Vi var skarpt uenige i vedtaka som sa nei til alt vern, samtidig som vi forsto det, og vi anklaga i første rekke dei sentrale styresmaktene som ikkje var villige å finne eit kompromiss som alle kunne leve med. I ein uttalelse spurte vi: „Hva slags vern trenger Finnmark?”1. Sidan har vi følgt dette opp med vern og verneformer som tema på fleire møter. Vi har fått høre kva erfaringar lokale naturbrukarar har med nasjonalparkar, kva erfaringar nasjonalparkforvaltarar og nasjonalparkstyre har gjort seg. Konklusjonen er vel at verneområde er oppretta i strid og forvalta i strid. Nokre av desse stridane har vore nødvendig å ta, mens andre har vi ein mistanke om at kunne vore unngått eller redusertre med noko meir fleksibelt regelverk og handheving.

Vi har gått til utlandet og hørt om forvaltning av verneområde der, ikkje minst i Laponia i Sverige. Vi har sett på kva ordningar Noreg har, og kva andre land har, men ikkje vi. Da oppdaga vi ordninga „Verna bruksområde”, IUCN-kategori VI. Denne er praktisert i ei rekke land, ikkje minst i urfolksområde. I samband med naturmangfoldlova foreslo Sametinget at denne kategorien skulle inn i lova. Det avslo departementet med denne fantastiske grunngivinga: „Bruk er ikkje eit mål for vern.” Dette er eit kjernepunkt i konfliktane. Når gamle bruksområde blir verna, er det ikkje eit mål for Staten at dei fortsatt skal kunne brukast! Slike haldninga må det bli konflikt av. Og det blir det. Året etter at Goahteluoppal nasjonalpark var lagt på is, hadde eit kanadisk selskap kjøpt opp retten til mineralleiting i dette området. Det var konsekvensen av at ein ikkje klarte å bli samde om vilkåra for vern.

Opptining etter 9 år på is

Det skulle gå rundt 5 år og eit regjeringsskifte før miljøministeren avblåste heile nasjonalparken. Planen for naturreservat i myr og våtmark blei derimot bare lagt på is. I 2019 blei planen hakka laus av isen og tint opp og viste seg å vere ganske uskadd. Den blei pussa litt på og så presentert som ny, i von om at ingen hugsa kva som skjedde ti år tidligare. Intet nytt under solen som det heiter, heller ikkje da saka kom opp igjen midt i mørketida. Ikkje bare naturvernarar og naturbrukarar, men også kommunale myndigheter blei gjort kjent med saka gjennom media. Departement, direktorat og Fylkesmann demonstrerte for all verda at dei ikkje hadde nokonting lært og heller ikkje tenkt å lære noko.

Inga forsoning

Vi må så spørje: Kvifor trur dei at det skal gå an no å tvinge gjennom det som ikkje gikk da? Eg kjenner ikkje tankegangen deira sett innafrå, men kan tenke meg ein ting. I løpet av dette tiåret har det skjedd ei klar utvikling i Noreg: Mens styresmaktene nokre år la vekt på å prøve å finne kompromiss, har det no igjen blitt ein politikk for å gjøre gjennom makta sin politikk med hard hand, slik det blei gjort under Alta-kampen. Vi ser det i tvangssamanslåinga av Finnmark og Troms, i nordområdesatsinga der utnytting av ressursane i nord gjennom gruver, vindkraft og oppdrett skal tvingast gjennom. Vi ser det i tvangstiltak mot reindrifta.

Det er tilsynelatande eit paradoks at det samtidig blir oppretta ein sannings- og forsoningskommisjon om fornorskinga av samar og kvenar. Men da skal vi hugse at kommisjonen blei oppretta av Stortinget MOT røystene til dei to daverande regjeringspartia. Dei ønsker tydeligvis inga forsoning, verken om fornorskinga eller om naturforvaltninga.

Forvaltning eller eigedom?

Tilbake til ein fisketur for mange år sidan. Vatnet hørte da til Statens umatrikulerte grunn i Finnmark, seinare blei det Finnmarkseiendommen. Det var eit bevisst val da Stortinget forkasta Samerettsutvalget sitt forslag Finnmark Grunnforvaltning, og kalte det Finnmarkseiendommen, for å understreke at det nye organet og ingen andre var eigarar av utmarka i fylket. Det var å seie at dei som i hundrevis av år hadde brukt fiskevatn, moltemyrer, sennagrasplassar, bjørkeskog og rypefangstkratt som sitt eige, dei var ikkje eigarar av eigne område, eigaren var eit kontor i Vadsø eller Lakselv, med Oslo som sikring i bakhanda. For å sikre legitimiteten til dette, blei det oppretta ein Finnmarkskommisjon som skulle gjøre den jobben Samerettsutvalet brukte over 20 år på å ikkje gjøre, nemlig slå fast kven som hadde rett til naturbruk på grunnlag av alders tids bruk. Til oppdragsgivars fulle tilfredsheit har denne kommisjonen gong på gong slått fast at alle rettar tilhører det nemnde kontoret i Lakselv.

Kven sin natur?

Eg veit ikkje kor langt tilbake familien til dei eg fikk vere med på fisketur hadde brukt det vatnet vi fiska i. Trulig hadde dei i mange generasjonar rekna det som sitt vatn. At dette ikkje var skrive ned nokon stad, var ikkje noko stort problem, så lenge dei fikk ha det i fred. Men med aukande kommunikasjonar og turisme har mange fiskevatn blitt meir tilgjengelige for kven som helst. Ei bygd i Guovdageaidnu hadde eit røyevatn som dei brukte i generasjonar. Dei visste kor mye det tolte av fiske, og bestanden heldt seg bra. Heilt til Forsvaret kom og sette opp ei hytte for sine soldatar. På Statens umatrikulerte grunn. På kort tid var vatnet tomt, og det har aldri kome seg.

Med modernisering og tilbakegang i jordbruk og utmarksnæringar, er mye av tradisjonen borte, men framleis har mange familiar sine „eigne” vatn og myrer, mange av dei milevis frå veg. Om dei ikkje jamnt har utnytta desse til kommersielt registrert inntekt, får dei ikkje kjøre dit. Det kan derimot naboen få, som driv turistfirma, ettersom det gir inntekt nok. Han kan da kjøre turistar inn dit, så dei kan få fiske i vatnet.

Tilbake til folket

Eg nemnde Finnmarkskommisjonen, som hittil har avvist dei fleste krav. No har tida kome til Guovdageaidnu. Mens andre krav om eigedomsrett og forvaltningsrett har blitt reist anten bare av reindriftssamar eller bare av fastbuande, er situasjonen i Guovdageaidnu ein annan. Her har kommunen bestemt seg for å reise krav på vegne av alle innbyggarane om at kommunen skal få forvalte utmarka si sjølv. Om det skulle gå gjennom, er ikkje dermed alle problem løyste, men etter mi meining vil det vere eit stort skritt i retning av ei forvaltning som har legitimitet i lokalsamfunnet.

Meahcci eller friluftsliv?

I Guovdageaidnu har det i 3-4 års tid vore arbeida for å bygge opp ein ny institusjon, som har fått namnet Guovdageainnu meahcceguovddáš. Den heiter det og ikkje noko anna, ikke f.eks. Kautokeino natursenter. Det var et bevisst valg da vi valde eit samisk namn og også da vi tok i bruk ordet meahcci i steden for standard ordbokoversetting av natur, som er luondu. Meahcci er naturen eller utmarka som den ytre heimstaden, der ein går for å hogge ved, plukke bær, fiske eller leite materialer til duodji-produkt. Går du i meahcci gjør du det som regel med eit eller anna ærend. Ikkje alltid kjem du heim med noko fangst, men du har i alle fall hatt auga opne for om det er noko der du kan dra nytte av. Norsk naturforvaltning tenker ikkje meahcci. Norsk naturforvaltning deler natur i to: Villmarka som skal vernast, og resten som kan utnyttast kommersielt og brukast opp. For å seie det litt forenkla: Når nordmenn eller dáža går i naturen kallast det friluftsliv, når samar går i naturen kallast det meahcásteapmi.

Ikkje stykkevis og delt

Meahcceguovddáš har nokre prinsipp for vår dokumentasjon og formidling:
– Vi ser naturen som ein heilskap, utan grenser. Vi ser naturen utafor grensene av ein nasjonalpark eller eit naturreservat som like interessant og verdifull som innafor.
– Vi ønsker å dokumentere både sjølve naturen, naturbruken og naturinngrepa.
– Vi ønsker å styrke bruken av naturen, både den som bygger på gamle samiske tradisjonar, og anna hausting og bruk som ikkje har vore så vanlig i våre område, som sopp og medisinplanter.

Dette passar ikkje inn i tankegangen til norske styresmakter. Dei vil ha nasjonalparksenter, våtmarksenter, rovdyrsenter og villreinsenter. Allment natursenter har ingen plass i forvaltningssystemet, heller ikkje tamreinsenter. Vi har derfor stadig sterkare mistanke om at når alle våre søknadar til fylkeskommunale og statlige organ blir avslått, er det ikkje nødvendigvis bare fordi planane og søknadane våre er for dårlige, men det kan òg vere fordi styresmaktene faktisk ikkje ønsker ei naturformidling på det grunnlaget Meahcceguovddáš bygger på.

Møteplass og fredsorganisasjon

Meahcceguovddáš er ikkje ein stridbar og krigersk organisasjon. Den skal ikkje verken demonstrere eller sende høringsuttalelsar og resolusjonar, men i første rekke dokumentere. Om ein kan seie den har noko politisk rolle, må det vere som fredsorganisasjon. Vi ønsker å skape ein møteplass mellom alle partar med interesser i naturen i området vårt, mellom reindriftssamar og fastbuande, mellom gamle og unge, mellom lokalbefolkning og turistar og mellom naturbrukarar og naturforvaltninga. Vi håper at alle desse gruppene kan lære av kvarandre, ta omsyn til kvarandre og få større forståing for kvarandre sine ønsker og krav.

Seminaret som blei vekk

Dette var bakgrunnen for at Meahcceguovddáš i fjor ønska å arrangere eit seminar under tittelen „Naturforvaltning i Sápmi – strid eller fred?”. Dit ville vi invitere samiske naturbrukarar og organisasjonane deira, Guovdageaidnu og Kárásjohka kommunar, Nasjonalparkstyret for Øvre Anárjohka, FeFo, miljøorganisasjonar, samiske organisasjonar og ikkje minst den sentrale naturforvaltninga; Klima og miljødepartementet, Miljødirektoratet og Fylkesmannen. Da vi sendte ut invitasjon svarte alle dei sentrale organa at datoen ikkje passa. Da vi endra dato passa ikkje dette heller, og da vi kom opp med ein tredje dato kom endelig katta ut av sekken: Dei ville ikkje delta. Da satt vi igjen med bare innleiarar frå Guovdageaidnu som stort sett var enige med kvarandre, og hensikten med seminaret var umulig å oppfylle. Seminaret blei utsett på ubestemt tid, og vi har enno ikkje funne nokon utveg.

Det var ein bitter lærdom. Vi blei kvitt nokre illusjonar om at det skulle vere mogleg å få folk i tale og i alle fall forstå kvarandre litt betre, men det ønskar altså verken departement eller direktorat. No lurar de sikker på kor Fylkesmannen er i dette bildet. Jo, han var instruert av direktoratet til å ikkje delta på noko som helst i den tida fordi alle krefter skulle brukast på tvangssamanslåinga av Finnmark og Troms. Så same direktoratet som ikkje sjølv ville stille sørga også for at heller ikkje Fylkesmannen fikk gjøre det.

Gjensidig mistillit

Skal ein kort i tre ord oppsummere forholdet mellom samisk naturbruk og norsk naturforvaltning, må det bli: Total gjensidig mistillit. Dette er eit svært dårlig grunnlag for naturforvaltninga i samiske område i vår tid.

Vi står overfor eit stadig aukande press på naturen, både lokalt, nasjonalt og globalt. Ein skremmande høg del av det totale ville plante- og dyrelivet på jorda har blitt borte på få tiår. Seinast kjem varslet om at insekta i stor grad er i ferd med å forsvinne, noko som vil få katastofale verknadar for både planter og dyr og for oss menneske. Samtidig ser vi stadig sterkare korleis klimaendringar fører til endra natur og endra levevilkår for alt frå torsk til rein.

Vi treng ei felles forståing av at noko må gjørast. Vi kan ikkje leve som før, heller ikkje i Sápmi. Vi kan ikkje seie at vi skal fiske og jakte fritt fordi det gikk bra i gamle dagar. Rett og slett fordi dei samla belastningane no er mye større, mye frå faktorar vi har lite eller inga styring med, som belastninga på trekkfuglane på vinterbeitet (bárbmu), som luftforureining og turisme. Derfor treng vi ei naturforvaltning, derfor treng vi reglar. Men reglane må vere forståelige og rimelige og ta omsyn til lokale tradisjonar i den grad det er mogleg. Reglane bør i første rekke vere omforente retningslinjer som vi forsøker å følge fordi det er til felles beste på sikt. Dessverre opplever mange samiske naturbrukarar ikkje regelverket slik i dag. Dei opplever det som noko som er påtvunge utafrå, av folk utan forståing for lokal bruk, eller fordi andre interesser som turisme og gruver av styresmaktene blir overordna interessene til lokal utmarkshausting.

Respekt er nødvendig

Mitt syn er at eg ikkje er enig verken i motstanden mot alt vern, i kravet om uregulert andejakt eller i kravet om nedskyting av alle rovdyr i beiteområde. Men eg kan forstå desse reaksjonane, og eg trur at utan at sentrale styresmakter og naturforvaltning viser større respekt for samisk naturbruk, vil heller ikkje samiske naturbrukarar får større forståing for dei verne- og reguleringstiltaka som er nødvendige.


Til hovudsida