To eller tre syn på vindkraft?

Knapt noko politisk spørsmål har klart å lage så mye debatt og strid i Noreg dei siste åra som vindkraft. Kløyvinga går gjennom så godt som samtlige politiske parti og også gjennom miljøorganisasjonar. Kva er det som gjør denne saka så vanskelig?

Enten - eller

Første gongen ei miljøsak sette Noreg på ende, var Altakampen, med høgdepunkt 1978-82. Denne saka var også ei mangesidig sak, det var snakk om energibehov (der utbygginga blei pressa gjennom ved å påstå ei kraftkrise), om landskap, planter, fugl, laksefiske, jordbruk, reindrift og samerett. I all hovudsak var det likevel ei polarisering mellom to syn, anten var ein for eller ein var mot den utbyggingsplanen som Stortinget vedtok.

Grøn kraft?

Vindkraftsaka er langt meir komplisert. Det er ikkje bare snakk om ei utbygging, men om hundrevis av anlegg og byggeplanar. Det er snakk om å legge beslag på store areal, i dei fleste fylke. Igjen blir det framstilt som vi må bygge ut, denne gongen av omsyn til miljø og klima. Dette argumentet blei først brukt av store delar av miljørørsla, og er så seinare plukka opp av utbyggingsinteresser og av politikarar av alle fargar. Alliansen for vidare vindkraftutbygging er stor og sterk, ikkje minst kapitalsterk. Blant dei siste utspela er den kraftkrevande industrien sitt "Prosess21", som tar til orde for dobling av kraftforbruket til smelteverka. Nylig sto LO og NHO fram med ein felles industri- og energiplattform, som er utarbeida utan å trekke inn miljørørsla eller vurdere miljørskader. Dette er støtta av fleirtalet i dagens regjering og etter alt å dømme fleirtalet i den neste. Det er snakk om opptil 4-dobling av dagens vindkraft, og alt tyder på at det i stor grad er inngrepsfri natur som vil bli ramma.

Motstand og snuoperasjonar

Samtidig har miljørørsla som tidligare heia fram den "grøne" vindkrafta, blitt meir og meir skeptisk ettersom ein har sett verknadane av den pågåande utbygginga. Motstanden mot vindkraftutbygging har i første rekke vore knytta til dei store naturinngrepa. Det er dei forventa skadane for natur, friluftsliv og reindrift som har ført til protestar, i form av høringsuttalar, organisering av lokale motstandsgrupper, demonstrasjonar i terrenget og rettssaker. For mange folk og organisasjonar er det bare dette vindkraftkampen dreier seg om.

Etter kvart har fleire og fleire stilt også andre spørsmål ved vindkraftutbygging. Mange av verknadane i inngrepsfri natur vil også vere aktuelle om vindturbinane blir plasserte i jordbruksområde eller i befolka og industrialiserte område, slik som mange har tatt til orde for. Det gjeld f.eks. støy, lysglimt, iskast, fare for oljelekkasje og samanbrot. Også i siviliserte område vil turbinane drepe fugl, flaggermus og insekt. Også der vil turbinblada skale av under bruk og spreie mikroplast, og utgjøre eit formidabelt søppelproblem etter bruk. Også der vil det vere ein stor risiko med å ha ei mengde tårn med 3-4 tonn olje på toppen av kvart. Også der vil dei bruke enorme mengder koppar, stål, neodym og ei rekke andre metall, noko som vil krevje store forureinande gruver i Noreg eller helst andre land. Miljøproblema frå vindkraft er altså ikkje løyst om turbinane blir plassert slik at lite inngrepsfri natur blir øydelagt. Og kvifor er det bare den inngrepsfrie naturen som er verdt å ta vare på? For både dyre- og planteliv og for menneska er det vi kan kalle rest-natur og nær-natur svært verdifulle og nødvendige område.

Treng vi vindkraft?

Mange har også byrja å stille spørjeteikn ved om vi treng vindkrafta. Dei har vist til at vi i Noreg kan dekke både dagens forbruk og elektrifisering av bilparken utan å bygge ut meir, og at vindkraftutbygging i første rekke er for eksport, elektrifisering av petroleumsnæringa og nye behov som blir skapt for å tene pengar. Dei har også stilt spørjeteikn ved det fornuftige i å bygge opp anlegg som bare skal stå i rundt 20 år, og i denne tida produsere straum ein tredel av tida. Dei har konkludert med å avvise heile grunnlaget for å bygge opp ei vindkraftnæring i Noreg, og sagt at vi må satse på heilt andre løysingar, som kombinasjon av opprusting av vasskraft, småskala solkraft, jordvarme, energieffektivisering og ikkje minst redusere vårt vanvittig sløsande forbruk.

3 syn

Oppsummert har vi altså grovt sett tre syn:
A. Ja til vindkraft – sjølv om vi må ofre natur
B. Nei til vindkraft som øydelegg natur, men elles ja
C. Nei til vindkraft – overalt på land og hav.
Dette er sjølvsagt eit forenkla bilde, alternativ B inneheld fleire grader av krav for å godta vindkraft, men felles er at dei reduserer vindkraftspørsmålet til eit spørsmål om plassering av turbinane, og kanskje storleiken på anlegga.

Naturvernforbundet sin plass

Mange organisasjonar er delte i desse spørsmåla, mellom syn A og B eller mellom syn B og C. Ein av dei som har flytta seg mest, men samtidig har hatt mest usemje, er Naturvernforbundet. Det var ein ivrig forkjempar for A frå rundt 1990, da det ga ut heftet "Det er energi i vinden", som gikk foran i uforbeholden hyllest til vindkraft. Seinare har Naturvernforbundet gradvis bevega seg i retning av syn B, som no er det offisielle synet til organisasjonen. Samtidig har ein aukande del av forbundet gått vidare til syn C. Dette var oppe til debatt på landsmøtet no i april, og endte med omlag 60 % fleirtal for B og 40 % for C. Samtidig var det for kanskje første gong i Naturvernforbundet si historie to kandidatar til leiar, der vindkraftspørsmål var sentralt.

Korleis tolke mellomstandpunkt?

Etter landsmøtet har det blitt stor debatt om korleis vedtaka skal tolkast. Skal dei som står for syn B oppfattast som vindkrafttilhengarar eller vindkraftmotstandarar? Det er ein versjon av det gamle kjente spørsmålet om korleis vi oppfattar eit glass som er halvt med vatn, er det halvtomt eller er det halvfullt? Har vi tre glass, eit fullt, eit tomt og eit halvt, korleis deler vi dei i to grupper: Dei som er vatn i mot det som ikkje har noko, eller dei som er drukke av mot det som ikkje er rørt? For ein utbyggar som vil bygge i norsk natur vil B-folka framstå som vindkraftmotstandarar, fordi dei ikkje vil godta desse planane. For C-folka vil B-folka framstå som vindkrafttilhengarar, fordi dei, i motsetning til dei sjølve, er tilhengarar av å bygge ut vindkraft under visse vilkår. På eine sida synest no alle å vere samde om at i inngrepsfri natur bør det ikkje byggast meir vindkraft. Derfor var det her vanskelig å velje, skulle eg omtale syn B som "Ja til vindkraft, men ikkje i naturen" eller som "Nei til vindkraft som øydelegg natur, men elles ja". Eg valde det siste, ut i frå at striden i dag mest står om den vindkrafta som er direkte naturøydeleggande. Skal vi stoppe denne, må alle som kan det stå saman, både mot det enkelte omstridde vindkraftanlegget og for å få sett grenser for kor vindindustri ikkje kan byggast, f.eks. i reinbeiteområde og i inngrepsfrie område (INON). Samtidig må vi, i Naturvernforbundet, i politiske parti og andre fora, halde fram debatten om det i det heile er forsvarlig å godta nokon form for vidare vindkraftutbygging i Noreg.

Korleis tolke Naturvernforbundet sitt landsmøte?

Etter Naturvernforbundet sitt landsmøte har det blitt stor debatt om korleis ein skal tolke vedtaka i vindkraftsaker. Mest sitert er dette punktet frå prinsipprogrammet: • Naturøydeleggjande vindindustri må stansast. Utbygging må avgrensast til mindre anlegg, i industrialiserte område. Der slike anlegg er bygd, må det bli stilt krav til sikring mot forureining og til garantiar for at område blir rydda etter at konsesjonstida går ut.

Men kva tyder det eigentlig? Kor store skal øydeleggingane vere for at vindkraftindustrien skal seiast å vere naturøydeleggande? Finst det vindindustri som ikkje er naturøydeleggande og som derfor Naturvernforbundet kan støtte? Kva er eit mindre anlegg? Eit av dei aller minste anlegga som no er sterkt omstridd, på Haramsøya, er på 8 turbinar. Kva er eit industrialisert område? Der det allereie er bygd ut vasskraft? Der det er rester etter gamle gruver? Om Stortinget hadde gjort eit like uklart vedtak, ville det kunne bli tolka til å godkjenne ei rekke utbyggingar, for den som ønska det.

Skal vi vurdere kva retning landsmøtet gikk, må vi samanlikne med det programmet som var før. I prinsipprogrammet av 2018 sto det: "Ny fornybar energi må verke til å redusere forbruket av fossil energi. Samstundes med energisparing må Noreg satse på ny fornybar energi, slik som bio- og solenergi, bølgje- og vindkraft og geovarme. Ved all utbygging må det takast særskilt omsyn til naturmangfald, folkehelse, landskap og tradisjonelle naturbaserte næringar."

Dette er no erstatta med denne formuleringa: "Ny fornybar energi må verke til å redusere forbruket av fossil energi, ikkje auke den samla energibruken. Ved all utbygging av fornybar energi må klimagassutsleppa og ressursbruken vurderast i eit livsløpsperspektiv for produksjonen, og det må takast særskilt omsyn til naturmangfald, folkehelse, landskap og tradisjonelle naturbaserte næringar og samisk kultur og næringsutøving." Det står altså ikkje lenger at Noreg må satse på vindkraft. Det er ei viktig endring.

For å vurdere vedtaka på landsmøtet må vi også sjå dei opp mot dei forslaga som ikkje blei vedtatt. Det gjaldt fleire klare formuleringar om nei til all vidare vindkraftutbygging på land og hav. Med å avvise dette klarte landsmøtet faktisk å ikkje meine noko som helst om ei av dei største vindkraftsatsingane som no kjem, nemlig vindkraft til sjøs.

Konklusjonen er at etter landsmøtet står fortsatt fleirtalet i Naturvernforbundet plassert i gruppe B, på eit mellomstandpunkt som er uklart og som blir utfordra frå begge sider.

Kva skjer framover?

Landsmøtet avslutta på ingen måte debatten, det bare bidro til å gjøre dei forskjellige alternativa litt klarare og slå fast kor styrkeforholdet no ligg, der B har ei lita overvekt i forhold til C. Det nyvalde landsstyret og sentralstyret, som begge har representantar for begge syn, bør no legge til rette for ein open og saklig demokratisk debatt. Begge sider bør produsere munnlige og skriftlige innlegg om sine syn, som blir gjort tilgjengelig for alle medlemmar som grunnlag for debattar i lokal og fylkeslag, fram til neste års landsmøte.

Eg vil avslutte med eit sitat frå det nylig vedtatte prinsipprogrammet, som seier noko om dei overordna spørsmåla som også må ligge til grunn for debatt og standpunkt i vindkraftsaka:
"Menneskeleg forbruk av energi og naturressursar kan ikkje vere høgare enn at det let seg kombinere med å halde oppe naturmangfaldet og naturen si produksjonsevne. Tekniske omleggingar er ikkje nok for å oppnå dette. For at alle menneske skal ha høve til å leve gode liv innanfor rammene av jorda sitt ressursgrunnlag, må dei økonomisk rikaste redusere det materielle forbruket sitt, og samfunnet kan ikkje vere avhengig av evig materiell vekst."
Om vi tar dette på alvor, kvifor i all verda skal vi da bygge ut meir vindkraft i Noreg?

Svein Lund
Delegat på Naturvernforbundets landsmøte 2021


Til startsida

sveilund@online.no