Innlegg sendt Klassekampen 15.10.2002, ikkje tatt inn.

Svein Lund

Utfordring til nyredaktøren

Den dagen eg skriv dette overtar Bjørgulv Braanen som ansvarlig redaktør i Klasskampen. Da han blei tilsett for nokre månadar sidan, kom han med ei programerklæring. Da uttalte han at det var ein del spørsmål Klassekampen enno ikkje dekka godt nok, blant dei distrikta. Han sa ingen ting om kva han hadde tenkt å gjøre for å betre distriktsdekkinga. I dei siste månadane har Braanen hatt godt høve til å vise i kva retning han ønsker å utvikle avisa. Til no har det ikkje vore noko teikn å sjå til planen for styrking av distriktsprofilen.

Sjølv om Klassekampen redaksjonelt motarbeidar regjeringa og stortingsfleirtalet sin sentraliseringspolitikk, er avisa sjølv ein del av sentraliseringa og verkar i si daglige innretting av stoffet til å styrke Oslodominansen på kostnad av resten av landet. Alle journalistane sit i Oslo. Med dagens teknologi er det ikkje mogleg å forsvare dette ut frå økonomi eller kapasitet. Det er eit politisk val, det er der ein ønsker å ha dei. Nylig snakka eg med ein mangeårig og til no trufast abonnent i Finnmark. Ho fortalte at no skulle ho seie opp Klassekampen, ho orka ikkje meir av Oslo-dominans og at den virkeligheita vi opplever i distrikta ikkje er noko verd. Kva kunne eg svare? Det har blitt umogleg å forsvare Klassekampen i utkant-Noreg. Eg måtte bare oppmode ho til å skrive eit brev og grunngi oppseiinga når ho sa opp. Andre eg har snakka med har sagt opp abonnementet for ei tid tilbake, av same grunn.

Eg har i eit par tiår forsøkt å bidra med stoff frå Nord-Noreg, men sjeldan har det vore så vanskelig å få noko på prent som no. Korrespondentar og frilansarar rundt i landet kjenner seg som uønska plageandar når dei kontaktar redaksjonen og forsøker å få inn noko stoff.
Under siste aksjekampanja forsøkte eg å ta initiativ til eit distriktsaksjelag. Initiativet kom på prent, men forslaget til program blei sensurert bort.

Eg vil stille eit par spørsmål til redaktør Braanen, og eg vonar han vil svare på det her i avisa. Hovudspørsmålet er ganske enkelt:
Du ønsker ei betre distriktsdekking. Kva for konkrete tiltak vil du gjøre for å oppnå dette?
Deretter: Kva er di meining om desse punkta frå forslaget mitt til program for distriktsaksjelaget:
1. Oppretting/gjenoppretting av lokalredaksjonar i alle landsdelar
2. Fordeling av nokre journaliststillingar / deltidsstillingar rundt om i landet
3. Gjenoppbygging av nett av frivillige korrespondentar
4. Gjenoppretting av ansvarlig i redaksjonen for tips / kontakt med lesarar.
5. Meir stoff på nynorsk
6. Fast spalte på samisk (Lova av redaktør Michelet for fleire år sidan)
7. Reportasjer frå det eksotiske Oslo, skreve av folk som ser byen utafrå.
8. Det skal vere ei prioritert oppgåve for avisa å avsløre og bekjempe den urbaniserte uforstand.

Svein Lund
9521 Gokk

Denne artikkelen blei sendt Klassekampen, men ikkje tatt inn. Etter 14 dagar sendte eg innlegget til internettlista Klassekampen-forum, der redaktøren ga eit svært negativt svar, som kan lesast her:
Svar frå redaktør Bjørgulv Braanen


Til startsida

sveilund@online.no