Svein Lund:
— Det vi treng er ei halv stilling på del samiske sendingane og ei halv på dei finske, seier Rannveig Persen til Klassekampen. Ho var redaktør for dei samiske sendingane fram til i fjor, og har og ei tid vore styreleiar for Radio Porsanger.
— Det har vore veldig artig å jobbe med radioen, seier ho, men veldig arbeidskrevande. Alt har vore ubetalt arbeid, og det går ikkje i lengda. På det meste var vi 4-5 med. Sendetida har variert etter som vi hadde stoff, men stort sett har det vore omlag en time i veka.
— Kva slags saker er det dokker har tatt opp i radioen?
— Det blir jo mest lokale saker. Vi har tatt opp lokalhistorie og næringsspørsmål og smånyheter, men og hatt barneprogram og andakt.
— Korleis har reaksjonane vore på samisksendingane blant lyttarane?
— Vi har fått mange gledelige overraskingar, oppdaga at fleire forsto og snakka samisk enn vi visste. Men når vi ville intervjue folk var det eit problem at mange var redde for å stille opp fordi dei syntes dei snakka for dårlig samisk. Mange års hardhendt fornorskingspolitikk har gitt sine resultat.
— Men sjølv om dokker har jobba gratis så har det vel kosta å drive radio. Korleis blir drifta av Radio Porsanger finansiert?
— Mange har betalt frivillig lyttaravgift. Så har det gått på radiobingo og innsamlingar. Men innsamling krev mykje arbeid, og det blir for hardt å drive innsamling samtidig som vi skal lage program og alt skal gjøras på fritida av folk som gjeme er engasjert i mange andre ting og.
— Enn kommunen, er ikkje dei interesserte i å støtte opp om at her skal vere ein tre-språklig radio?
— Kommunen har gitt garanti for lån til Porsanger Radio, men når det gjelder samiske og finske sendingar er del lite interessert. Kommunen er fortsatt dominert av fomorskingspolitikarar. Det så vi tydelig i kommunestyret si behandling av samekulturutvalet si innstilling. Eit kommunalt utval kom med ei innstilling som var svært positiv til samisk kultur og språk, men denne blei forkasta av fleirtalet i kommunestyret. Så fornorskingsspøkelset flagrar fortsatt i høgaste grad i Porsanger.
— Kva må til om samisk sendingane skal komme igang igjen?
— Eg trur ikkje vi får folk til å slite seg ut utan betaling igjen. Vi må få minst ei halv lønna stilling og så kan ein ha frivillige medarbeidarar i tillegg.
Skal nærradioen ha ein kulturell funksjon utover å spille engelsk popmusikk, må det offentlege kulturmidler til. Dette gjeld særlig dei nærradioane som vil sende på minoritetsspråk.
Til startsida