Debattinnlegg i Klassekampen, 14.10.1997

Samlande kandidat?

KK-DEBATT

REDAKSJONSKLUBBEN og andre av tidligare redaktør Paul Bjerke sine forsvararar kjører no fram at ein må finne ein redaktør som alle partar kan godta. Men denne kan ikkje vere Jon Michelet fordi han allereie er «kompromittert» gjennom måten han blei lansert på. Eg er ein av dei mange som reagerte mot måten dette skjedde på. Dette var grunnen til at eg ikkje ville skrive under på oppropet for Jon M. før dei andre kandidatane var kjente. Når dei no er kjente må dei vurderas på sjølvstendig grunnlag ut i frå ka dei står for. Kritikken mot den linja som avisa har utvikla dei siste åra har no vore så overveldande at det må vere klart at denne ikkje kan fortsette.

Grunnen til at Paul Bjerke måtte skiftas ut var at han verken ville endre politikken med ei dvask avis for Oslo-intellektuelle eller delta i ein diskusjon om ka avisa skulle vere.

I heile denne prosessen har han ikkje kome med noko signal om at han kunne tenke seg ei anna utvikling av avisa, eller at skrivande lesarar skulle kunne vante seg anna behandling enn søppelkorga i framtida. Slike signal har heller ikkje kome frå verken redaksjonsklubben eller nokon av redaktørkandidatane med unnatak av Jon Michelet. Eg er derfor redd for at å tilsette ein av dei vil vere å seie at all kritikken har vore bortkasta, og at vi like godt kunne ha fortsatt med Paul Bjerke.

Forstår dokker ikkje at vi som i årevis har kritisert utviklinga i avisa og kjempa for å rette ho opp (det byrja vi med lenge før AKP-leiinga kom på banen), vi kan ikkje godta ein redaktør som vil fortsette den linja som har vore i ferd med å kjøre avisa nedenom og heim, både politisk og økonomisk.

Skal klubben og redaktørkandidatane ha eit truverdig alternativ må dokker diskutere politikk og lansere ideane dokkers for Klassekampen som politisk prosjekt! Når eg såg at redaktørkandidatane anten står for samme linje som Paul Bjerke eller enno verre, eller dei held kjeft, såg eg, trass i dei innvendingane eg har, ikkje anna alternativ enn å støtte Jon Michelet.

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no