I Såmi Áigi sin redaksjon i Kárášjohka treff vi redaktør Per Olav Porsanger, og spør kva i all verden er meininga med dette.
— Sámi Áigi har to oppgaver. Den eine er å styrke det samiske språket gjennom å gi ut avis på samisk. Det andre er å spreie opplysning om samiske forhold til så mange som mogleg. Men svært mange samer kan ikkje lese Sámi Áigi på samisk. Avisa er skreve på nordsamisk og det blir ikkje forstått av samar lengre sør. På grunn av fomorskingspolitikken som er ført er det og mange samar som i det heile ikkje forstår samisk. Disse håper vi nå å nå gjennom den norskspråklige utgåva. I tillegg vil vi nå den norske befolkninga og dei norske styresmaktene.
Sámi Áigi er organ for dei samiske organisasjonane NSR (Norske Samers Riksforbund) og NRL (Norske Reindriftsamers Landsforbund). Vi opplever SLF (Samenes Landsforbund) lettare får gjennomslag for sitt syn i opinionen og hos avisa Ságat som kjem ut på norsk.
At det er eit stort behov for denne avisa ser vi av at vi har fått mange nye abonnentar bare på dei tre nummera som har kome hittil.
Den norske utgava blir redigert uavhengig av den samiske, og til denne jobben har dei fått Per Lars Tonstad. Han har dei siste seks åra vore journalist i Finnmark Dagblad (A) og der har han stått for mesteparten av stoffet frå Indre Finnmark og om samiske spørsmål. Han har skreve boka «Samerett — for framtida», ei samanfatning av Samerettsutvalet si innstillling. Nå er ikkje Tonstad same, men derimot søring og i Ságat blei han nylig presentert som «Søring på samiske barrikader».
— Har du møtt mange negative reaksjonar på det at du som nordmann redigerer ei samisk avis?
— Nei, eg har fått nesten bare positive reaksjonar. Nokre slengbemerkningar har det vore, men det er helst frå krefter som fra før er negative til Sámi Áigi, slik som Ságat.
— Du har jobba lenge i Finnmark Dagblad og tidlegare i Finnmarken. Kva vil du seie om dei norske Finnmarksavisene si holdning til samepolitiske spørsmål?
— Finnmark Dagblad er ikkje så verst no. Men eg har sakna ei klar haldning og ein plan for å arbeide med samepolitiske spørsmål. Det burde ein kunne vente av den største avisa i det største samefylket. Men andre aviser er verre, både Finnmarksavisene og Nordlys burde ha like stort ansvar. Het har til tider vore hardt å arbeide for samiske rettar innafor A-pressa. Særlig under Altasaka var redaksjonen i Finnmark Dagblad utsatt for kritikk frå Ap-miljøet på grunn av ting som eg skreiv. Og da eg skulle flytte til distriktskontoret i Lakselv protesterte Porsanger Arbeiderparti.
Som einaste samiskspråklige avisa som finnes kunne vel Sámi Áigi heller enn å legge ned dei to distriktskontora i Guovdageadnu og Unjárga (Nesseby) trengt å opprette en 10—20 nye. Når avisa i tillegg har dårlig råd til reportasjereiser, er faren stor for å ende som lokalavis for Kárášjohka. Nordisk Sameråd har tatt initiativ for at Sámi Áigi skal bli felles nordisk sameavis. Dette har ikkje redaktør Porsanger noko imot, men først må ein avklare kva ein ville kunne få i støtte frå den svenske og finske staten. Dei har hittil ikkje vore særlig spandable med løyvingar til samiske føremål.
Heile tida har Sámi Áigi hatt vanskeligheter for å få stabile og kvalifiserte medarbeidarar. Det er idag ingen av dei tilsette som har journalistutdanning. Det er stor konkurranse om dei få som er flinke å utrykke seg skriftlig på samisk, og flukten er stor til Såmi Radio og til samiske mediabedrifter som har vokst fram dei siste åra. På journalistskolen er det 1 plass for samiske søkarar ved kvart år. Skal det monne noko meiner Porsanger det må vere 4-5.
Strid har det vore om Sámi Áigi så lenge avisa her kome ut, og mye strid har det og vore innad i redaksjonen. Mens tidligare redaktørar har vore skulda for venstrevri, har Per Olav Porsanger ei fortid som fylkespolitikar for Høgre i Rogaland, og innrømmer at det nok kom som eit sjokk på mange da han blei tilsatt. Så kravde da og deler av redaksjonen han avsatt i fjor, men utan at dei fikk styret i avisa med på det. I staden var det fleire av journalistane som gjekk. Men nå har Porsanger sagt opp, for å gå over til det nystarta firmaet Nordkalotten Trykkeri i Kárášjohka og til helga skal ny redaktør tilsettas.
SVEIN LUND
Til startsida