Artikkel i Klassekampen, 13.02.1989

Svein Lund:

Konflikt i Sámi Áigi

Styret i den samiskspråklige avisa Sámi Áigi har varsla permittering av den mest erfarne journalisten i avisa.

Dette er ei kamuflert oppseiing, dei vil bli kvitt meg fordi redaktøren ikkje likar det eg skriv, seier journalist Inger Margrete Olsen.
- Vi er nøydd å skrenke inn på distriktskontora for å få avisa til å gå, seier redaktør Bjarne Store Jakobsen.
I siste nummer annonserer Sámi Áigi etter kontorleiar, redaksjonssjef og journalist. Samtidig blir Inger Olsen truga med permittering dersom ho ikkje er villig å flytte frå distriktskontoret i Guovdageaidnu til hovudkontoret i Kárá¨johka.

Sámi Áigi er den einaste samiskspråklige nyheitsavisa, og ho har nå holdt det gåande i vel 10 år. Meir enn ein gong har avisa vore ute i hardt vær. Det har vore ein evig kamp for tilstrekkelig statsstøtte, og i tillegg har avisa vore ridd av store indre strider. Ein gong streika journalistane for å få avisstyret å ta verva sine på alvor, og for nokre år sidan kravde dei tilsette den då verande redaktøren avsett.
Heller ikkje under den nåverande redaktøren har det vore særlig ro i avisa, fleire tilsette har blitt sparka eller forsøkt sparka.

Når krybba er tom

- Når krybba er tom, bitast hestane, seier Bjarne Store Jakobsen. Han meiner det er den vanskelige økonomien sons har skylda.
- I 10 år har vi pressa oss så hardt for å få ut avisa at det må bli konfliktar.
- Ka er årsaka til den dårlige økonomien?
- Etter eg overtok i 1987 har vi slitt hardt for å rette opp ein skakkjørt økonomi. Da hadde vi eit akkumulert underskot på 822 000 og ei gjeld på ein million. I 1987 hadde vi overskot til å dekke det oppsamla underskotet, og i fjor gikk vi i balanse, trass i store investeringar. Dette har vi oppnådd med å kjøre svært stramt, og bl. a. for ei tid redusert frå to til ei avis i veka. Du må ta med at ein av årsakane til dei økonomiske problema er at Finnmark Fylkeskommune nesten har slutta å annonsere hos oss. Dei glømmer ansvaret dei har som det største samefylket.
Avisa har no ni tilsette, av dei to ved distriktskontoret i Guovdageaidnu og ein i Deatnu (Tana). På hovudkontoret er det i dag ingen journalistar, og alle er samde om at det ikkje kan fortsette.

- Men vi har ikkje råd å ha alt vi ønsker på ein gang, seier redaktøren.
- Derfor må vi samle kreftene. Styret for avisa har gitt Inger Olsen tilbod om stillinga som redaksjonssekretær eller journalist om ho vil flytte til Kárá¨johka.

Ingen medbestemmelse

- Eg trur det er andre grunnar til at dei vil bli kvitt meg, seier Inger Olsen.
- Redaktøren likar ikkje enkelte ting eg tar opp i avisa. Leiinga har visst aldri hørt om medbestemmelsesretten. Dei tilsette fikk ikkje sjansen til å vurdere omorganiseringa før styret tok avgjerda. For to veker sidan ga han ein av arbeidarane sparken på dagen. Han mistenkte ho for å ha gått til Sámi Radio med at arbeidarane i Sámi Áigi ba avisstyret å vurdere redaktøren si stilling som styreformann for den konkurrerande bedriften Jorgaleaddji.
Denne oppseiinga fikk vi stoppa, men slikt tyder ikkje på mye toleranse og demokratisk innstilling. Her har vore ein stor gjennomtrekk av journalistar, det kan jo ha noko med personalpolitikken å gjøre. Når det gjeld den påståtte dårlige økonomien, så rimar det dårlig med leiaren i nr. 1-89, der redaktøren skryt av at det går framover med avisa og at økonomien nå er god.

Ingen å miste

- Vi har ikkje råd å miste nokon journalistar, seier Harry Johansen, fotograf og tillitsvald i Norsk Journalistlag. Det er stor mangel på kvalifiserte samiske journalistar, og vi vil satse hardt på å finne ei løysing på dette. På styremøte 15. februar vil vi legge fram elt forslag frå klubben.

Fortsetting ei veke seinare


Til hovudsida.

sveilund@online.no