Innlegg sendt Klassekampen 05.04.2004

Svein Lund:

Klassekampens distriktsdekking: I prinsippet ja, i praksis nei

I avisa for 5. februar svarar Bjørgulv Braanen på kritikken min av Klassekampen for dårlig distriktsdekking. Eg takkar for svaret da det er betre enn ikkje noko svar, men dessverre høver det best som illustrasjon til det kjente folkeeventyret "God dag, mann - Økseskaft".

Braanen starta med å skrive at eg hevdar han ikkje har svara på mitt krav om distriktsdekking, men at det har han gjort, og at "slik jeg ser det ble alle spørsmålene han reiste og fortsatt reiser, besvart dengang."

Her må vi dessverre ta det med teskjeier: Det eg gjorde da har tiltrådte som redaktør var å vise til har han ikkje var nøgd med distriktsdekkinga og skrive: "Eg vil stille eit par spørsmål til redaktør Braanen, og eg vonar han vil svare på det her i avisa. Hovudspørsmålet er ganske enkelt: Du ønsker ei betre distriktsdekking. Kva for konkrete tiltak vil du gjøre for å oppnå dette? Deretter: Kva er di meining om desse punkta frå forslaget mitt til program for distriktsaksjelaget: (Her kjem 8 punkt som er referert nedafor)”.

Det er heilt rett at Braanen dengang svarte på dette, på KK-forum 29.10.02. Svaret startar slik:
“Svein Lund stiller følgende spørsmål til meg, og ber om rask svar.
Han spør om Klassekampen vil gå inn for:
1. Oppretting/gjenoppretting av lokalredaksjonar i alle landsdelar
2. Fordeling av nokre journaliststillingar / deltidsstillingar rundt om i landet
3. Gjenoppbygging av nett av frivillige korrespondentar
4. Gjenoppretting av ansvarlig i redaksjonen for tips / kontakt med lesarar.
5. Meir stoff på nynorsk
6. Fast spalte på samisk (Lova av redaktør Michelet for fleire år sidan)
7. Reportasjer frå det eksotiske Oslo, skreve av folk som ser byen utafrå.
8. Det skal vere ei prioritert oppgåve for avisa å avsløre og bekjempe den urbaniserte uforstand. "

Deretter går han inn på kvart av dei 8 punkta og avviser dei 6 første. Pkt. 7 og 8 seier han i prinsippet ja til, utan at det har ført til noko i praksis så langt.

Slik går han elegant utanom det eg i klartekst skreiv at var hovudspørsmålet: Kva for konkrete tiltak redaktørern vil gjøre. Det er dette eg har etterlyst i godt over eit år, og heller ikkje i dette innlegget kjem han med noko som helst konkret som kan gi von om betre distriktsdekking. Snarare tvert om.

I staden serverer han ei skryteliste over kor mye som er gjort og fortel at dei slett ikkje heile tida sitt lima fast ved kontorpulten i Grønlandsleiret. Mange takk for opplysninga, men det visste eg faktisk. Såpass har eg følgt med i Klassekampen at eg er klar over at journalistane ein sjeldan gong er ute på reportasjereise. Det er sjølvsagt betre enn om dei aldri var det. Mange av desse reportasjene er gode, men det er ikkje til å unngå at dei ofte blir prega av journalisten sin synstad og manglande bakgrunnskunnskap. Eg er langt i frå den einaste KK-lesaren som har opplevd å lese om miljø eg kjenner, framstilt like eksotisk som om journalisten var på sitt livs første besøk i Saharas ørken eller Amazonas regnskogar.

Det burde ikkje vere naudsynt å seie det, men: Nedslagsfeltet for avisa er folk spreidd rundt i heile Noreg. Innafor dette området bør både nyhende, bakgrunnsstoff og kulturhendingar bli behandla på ein nokonlunde likeverdig måte. Klassekampen kan og skal ikkje dekke folk sine behov for lokalstoff som bare har lokal interesse. Men lokale hendingar kan ofte vere av interesse langt ut over plassen dei skjer på, fordi dei er eksempel på politiske tendensar som også andre er eller vil bli utsett for, fordi dei f.eks. illustrerer klimaendringar, politisk korrupsjon, verkniadar av EØS-avtalen eller anna som gjeld mange stadar i landet. KK har nylig dekka kampen mot nedlegginga av ein bibliotekfilial på Nordtvedt i Oslo. Ei slik sak er av interesse også for andre, fordi bibliotek blir lagt ned over heile landet, og vi treng å vite om at nokon organiserer lokal kamp for å oppretthalde tilboda, anten det skjer i Oslo eller Berlevåg.

Nokre saker som skjer langt frå Oslo er av ikkje bare rikspolitisk, men internasjonal interesse. Eg trenker f.eks. på samane sin kamp for rett til land og vatn, og for ei utdanning på eigne premiss, begge saker som har vore svært ujamnt dekka, og som burde vere prioritert å ha ei jamn oppfølging av.

Vi som bur langt frå Oslo opplever ofte at det er langt til hovudstaden, ikkje bare i mil og kroner til billett, men og kulturelt og tankemessig. Det gjeld innafor dei aller fleste område, også for media, Klassekampen ikkje noko unnatak. Noreg er eit land med sterke lokale og regionale forskjellar; næringsmessig, naturmessig, språklig og kulturelt. Desse har ein tendens til å forsvinne når ein ser ting frå hovudstaden. Skal ei riksavis ha ei truverdig dekking av kva som skjer i landsdelane, må det skje i samarbeid med folk som held til i dei forskjellige kantane av landet, som har sitt daglige liv der, følger lokalaviser , lokalradio og gjerne deltar i lokalt og regionalt politisk arbeid. Dette kan aldri erstattast av journalistar på ekskursjon, kor flinke dei enn måtte vere.

Braanen skreiv i forfjor og gjentar det no at han på lengre sikt ønsker seg “lokale korrespondentar for eksempel i Bergen, Trondheim og Tromsø”. Eg trur ikkje det er tilfeldig at eksempla han brukar er dei store landsdelssentra og universitetsbyane, der levemåten og tankemåten er nærast til Oslo, og der det er mest folk med akademisk utdanning og tankemåte. Det er framleis det urbane Noreg som er interessant. Kvifor kan ikkje korrespondentar like godt bu i f.eks. Sauda, Ørsta, Tynset, Bodø og Karasjok?

Forslag om korrespondentar og deltids- / frilansjournalistar har vore reist sidan Klassekampen starta, og praktisert i langt større grad tidligare enn no. Og det einaste redaktøren kan stille i utsikt er tre urbane landsdelskorrespondentar "på lengre sikt". Eg må seie at visjonane her synast best eigna for studier gjennom mikroskop.

Eg starta med eit eventyr. Eg får og assosiasjonar til eit anna, H.C. Andersens udødelige "Keiserens nye klær". Nokon må seie frå at keisarar og andre maktpersonar er nakne. Nokon må og seie frå at Klassekampens redaktør er ein framståande representant for den urbane uforstand.

Svein Lund
uansvarlig abonnent og eks-korrespondent


Til startsida

sveilund@online.no