Distriktsopprop for Klassekampen, laga i samband med konferansen "Kem skal styre ressursane i nord", arrangert av AKP og RV i Troms og Finnmark 25-27.10.1996. Oppropet blei offentliggjort som debattinnlegg i Klassekampen 04.11.1996.
I ettertid kan eg (Svein Lund) påta meg hovudansvaret for utforming av teksten.
Når eg legg dette ut på nettet eit tiår etterpå, er det dessverre bare å konstantere at lite har endra seg. Avisa får den samme kritikken i dag.

Klassekampen - ei avis for heile landet?

KLASSEKAMPEN er ei riksavis, den einaste dagsavisa for venstresida i Noreg. Noreg er 387.000 km2. Av dette utgjr hovudstaden Oslo 454 km2, eller vel en promille. På denne ørlille flekken sit Klassekampen sin heile redaksjon med over 20 redaksjonelle medarbeidarar.

Nå det gjeld abonnentar, er dei derimot spreidde frå Lindesnes til Svalbard. Det samme er dei som gjennom 27 år har støtta avisa gjennom økonomiske og redaksjonelle bidrag, aksjer, kommandittistandelar og alt det som har heldt avisa i live.

Oslo er hovudstaden, men Oslo er likevel ikkje Noreg. Oslo er ein utpost av EU, der fleirtalet tenker forskjellig frå resten av landet. (Stort ja-fleirtal i to folkerøystingar.) Går ein bare rundt i Oslo ser ein ikkje ka som rører seg i landet, om ein proklamerer seg aldri så mye for distrikta og mot sentralisering. Klassekampen propaganderer rett nok ikkje sentralisering i ord. Avisa er sjølv ein del av sentraliseringa.

No har vi fåt nok av at riksavisa vår er ei Oslo-avis. Vi rundt i den såkalla "utkanten" treng og ei avis som følger med i ka som skjer hos oss, som kan vere ei støtte i den kampen vi fører. Derfor krev vi at avisa tar heile landet like alvorlig. Vi krev at redaksjonsleiinga og avisa sitt styre prioriterer stoff frå resten av landet i like stor grad som Oslo. Vi er 89 prosent av befolkninga, og bør derfor ha 89 prosent av innanriksstoffet.

Vi foreslår at
1. Det blir tilsett minimum tre journalistar utafor det sentrale Austlandsområdet. Inntil dette er oppfylt må ein prioritere å sende journalistar frå Oslo ut på lengre reportasjereiser i samarbeid med avisa sine venner lokalt.
2. Avisa prioriterer å knytte til seg frilansjournalistar og korrespondentar rundt om i landet. Det arrangeras kurs/konferanse for distriktskorrespondentar.
3. Nynorskandelen av avisa aukas.
4. Klassekampen lagar ei fast spalte på samisk f.eks. ein gong for veka, evt. med omsetting til norsk.

Tor Berg, Tromsø
Kato Johansen, Alta
Ragnhild Sandøy. (Tromsø)
Vigdis Korsnes (Alta)
Bjørn Eide (Tromsø)
Guri Skum, Guovdageaidnu
Aud Karin Bjørn (Tromsø)
Heaika Skum (Guovdageaidnu)
Eli Berg (Tromsø)
Svein Lund (Guovdageaidnu)
K. Sivarajah (Tromsø)
Magnar Mikkelsen, Lebesby
Jon Arne Jørstad (Tromsø)
Kjell E. Pedersen, Harstad
Jens Ingvald Olsen (Tromsø)
Frode Bygdnes (Harstad)
Gudmund A. Dalsbø (Tromsø)
Anne Marie Aag
Kari Torgersen
Magnus Bernhardsen, Oslo
Ulla Mikkelsen, Vågan


Til hovudsida.