Debattinnlegg sendt Klassekampen, 19.11, 2008

Synlige og usynlige minoritetar

Klassekampen slo nylig opp at bare 6 av 600 toppolitikarar har minoritetsbakgrunn. Eg hadde vona denne glippen skulle bli retta opp, men i staden blir han bare gjentatt på leiarplass 18.11., noko som tyder på at avisa virkelig ikkje ser lenger enn dette.

Av folkegruppene i landet er ei majoritet, dei etnisk norske. Dei andre er etniske minoritetar. Desse kan vi dele i tre hovudgrupper; urfolk (samar), andre innfødde minoritetar (kvenar/skogfinnar, roma/sigøyner, tater/reisande) og innvandra minoritetar (svenskar, polakkar, kurdarar, pakistanarar og mange fleire). Minoritet har i hovudstadsmedia i hovudsak blitt lik folk som stammar frå fattige land i andre verdsdelar, og gjerne har anna hudfarge enn dei etnisk norske.

Dermed usynliggjør ein at blant dei fremste politikarane i Noreg i dag med minoritetsbakgrunn finn vi namn som Helga Pedersen (fiskeriminister, samisk) og Olav Gunnar Ballo (stortingsrepresentant SV, kvensk).

Dette er kanskje ikkje noko stor sak i seg sjølv, men blir det likevel når dette er uttrykk for at dei samiske og kvenske minoritetane i Noreg er så godt som usynlige såvel i Klassekampen som i andre Oslo-aviser. Når har redaksjonen tenkt å byrje å løfte hovudet og sjå utover Oslogryta?

Svein Lund
Guovdageaidnu


Til startsida

sveilund@online.no