Svein Lund, GUOVDAGEAIDNU:
Det har brote ut open krig i samisk mediamiljø. Det nye samiske mediasenteret Telegoahti i Guovdageaidnu, som Klassekampen presenterte 24. april, har ikke blitt godt mottatt av redaktøren i den samiskspråklige avisa Sámi Áigi.
I ein krass leiar 14. april stiller redaktør Bjarne Store Jakobsen spørsmålet «Telegoahti vai goaradus?» — Tele-gamme eller skadegjørar?
«I Guovdageaidnu har nokon oppdaga at det er eit levebrød i avis og trykkeriverksemd. Men det nye selskapet sitt virkelige gjøremål er skjult bak namnet Telegoahti A/S. Namnet gir ein ei forståing av at bedriften skal arbeide med telematikk. Slik er det likevel ikkje. Bedriften skal konkurrere med noverande samiske bedrifter, som arbeider med informasjon, avisutgiing og trykking.»
Telegoahti kjem ikkje med noko nytt, seier redaktøren. Han spår at bedriften ikkje vil vare lenge, og avsluttar leiaren slik: «Om folka bak Telegoahti klarer å få penger frå staten til noverande føremål, så er dei virkelig flinke tiggarar. Spørsmålet er; er dei like flinke til å drive ei vanskelig forretning.»
I ein artikkel inne i avisa seier han at Telegoahti blir ein konkurrent til Sami Aigi, og hevdar at mange mediafolk alt har skreve seg på liste der dei lovar å kjøpe aksjer. Han seier og at journalist Inger M. Olsen (tilsett i Sámi Áigi til for få veker sidan) og Harry Johansen (fotograf i Sámi Áigi) ikkje bare har deltatt i arbeidet med å starte Telegoahti, men har vore aktive drivkrefter for at Telegoahti skulle satse på henholdsvis avis og foto.
«Både Johansen og Olsen har vore med på møte der Telegoahti-selskapet sine saker har vore fremma. Og til møtet var Sámi Áigi sitt Guovdageaidnu-kontor heilt brukbart. Verd å merke seg er og at Telegoahti har vurdert å kjøpe samme slags grafisk program som Sámi Áigi no har. Og i dette arbeidet har dei fått gode råd frå Sámi Áigi sine arbeidarar.»
— Enkelte medarbeidere i Sámi Áigi har dreve ei samansverging for å knekke Sámi Áigi, seier Bjarne Store Jakobsen til Klassekampen. — Nokre tilsette i Sámi Áigi har skapa samarbeidsproblem for å bli kvitt meg som redaktør, og så få flytta redaksjonen til Guovdageaidnu. I desember kravde fleire av dei tilsette at styret måtte gå av og at avisa måtte flyttas til Guovdageaidnu. Det lå også i korta at de ønska å bli kvitt meg.
— I fjor var Inger M. Olsen konstituert som redaktør mens eg var i Kanada. 24.8.88. sendte eg ein leiar over telefon. Dei tilsette nekta å trykke den, og vedtok å stoppe avisa. Dette gjorde dei trass i at Journalistlaget ikkje støtta dei. Dei sett spørreteikn ved retten min til å skrive leiarar. Det endte med at språkkonsulenten tok på seg redaktøransvaret. Styret sa da at dette var grunnlag for oppsigelse, og at Olsen ville bli oppsagt dersom noe slikt gjentok seg.
Dette er redaktøren si forklaring på dei motsetningane som har vore i avisa i det siste, som bl.a. har ført til at journalist Inger M. Olsen har slutta. Gunn Heatta som jobba i grafisk avdeling hevdar at ho er usaklig oppsagt da ho måtte gå to månader før den tida ho var lova jobb til. Begge disse inngikk avtalar med Sámi Áigi da dei slutta, der dei skulle få lønn i oppseiingstida, men ikkje få arbeide. Ein del av avtalane var at dei skulle haldas skjult. Men Gunn Heatta avslørte sin avtale overfor Sámi Radio da ho ikkje fikk den lønna ho var lova. Klassekampen kjenner til at også Inger M. Olsen fikk 3 månadars lønn utan arbeid.
Store Jakobsen vil bestemt tilbakevise påstanden Inger M. Olsen kom med til Klassekampen 13.2. om at nokon er blitt sagt opp på dagen. Han seier og at det ikkje er sant som Gunn Heatta sa til Sami Radio at seks tilsette har slutta siste året pga samarbeidsproblem. Dei einaste som har slutta pga samarbeidsproblem er Inger M. Olsen seier han. — Eg har fått skriftlig beklagelse frå NRK Vadsø, men ikkje kopi frå Sámi Radio trass i purring. Eg vurderer nå å gå til injuriesøksmål mot Gunn Heatta og Sami Radio.
— Eg kan ikkje sjå ka som er galt med å støtte Telegoahti, seier tillitsvald i avisa, Elle-Marja Vårs. Det må da vere bare positivt at det blir eit større samisk mediamiljø.
— Gunn Heatta var tilsett i eit vikariat. Meininga var at ho skulle ha jobben til 31.5. Dette blei slått fast i bemanningsplan i januar. Men i februar laga vi ein ny bemanningsplan, der vi måtte spare inn ei stilling på Karasjokkontoret for å beholde to journalistar i Guovdageaidnu. Da fikk Gun Heatta melding om at ho måtte slutte 31.3.
— Fikk ho denne skriftlig?
— Eg har bare gitt ho muntlig beskjed. Det framgikk av den skriftlige bemanningsplanen som blei lagt fram for dei ansatte sine representanter. Vi forhandlar med dei tillitsvalgte og går ut i fra at dei informerer vidare. Eg så ingen grunn til å orientere ho spesielt.
— Dersom ho måtte slutte før pga. at avisa skulle spare inn pengar, korleis kan det da ha seg at ho får
lønn, men ikkje får jobbe i april?
— Det har skjedd ting som gjør at vi ikkje vil ha ho her. Det vil eg ikkje prosedere på i avisa.