Innlegg av Svein Lund, sendt til Klassekampen 11.12.2006

Takk til Mari Boine!

Mange takk til Mari Boine og Sissel Henriksen for eit sjeldant godt portrettintervju i Klassekampen 2.12. Det var mye å glede seg over, og særlig noko av det ho seier på slutten er verdt å merke seg: "Hun synes venstresida bryr seg for lite om det samiske. ... Jeg blir oppgitt når selv ikke Klassekampen klarer å prioritere det samiske. Det er vel og bra å intervjue meg, men jeg vil ikke være alibiet som viser at dere skriver om det samiske. ..."

Dessverre treff denne kritikken fullt ut, ja ho kunne gjerne tatt enno kraftigare i. Det er nok for ein stor del slik at venstresida og "venstresidas dagsavis" bryr seg lite om det samiske. Dei veit lite og gjør ingen ting for å sette seg inn i samiske forhold. For delar av venstresida er det enno verre, dei tar aktivt standpunkt mot sameretten slik store delar av venstresida i Finnmark har gjort. Kampen for samisk innhald i skolen blei heller ikkje lettare da SV overtok utdanningsdepartementet.

Klassekampen utmerka seg på 70- og 80-talet som den riksavisa som skreiv mest om samiske forhold og som samtidig hadde klare standpunkt. Dette er no ei forlengst tilbakelagt historie, som bare hugsast av folk som i likheit med Mari Boine og meg sjølv har blitt godt vaksne og har lest avisa i mange år.

Det er vel første gong på 2000-talet at avisa har funne ein same verdig til eit portrettintervju. Og det er slåande at ho først måtte bli verdskjent og så måtte det ein utanriksjournalist til for at det skulle komme. For i nyheitsavdelinga i Klassekampen synast interessen for samiske spørsmål å vere på eit lågmål og i kulturavdelinga er ho heller under enn over nullpunktet. Dei lar f.eks. heilt konsekvent vere å omtale samiske bøker, samiske filmar og samiske festivalar.

Under noverande redaktør er dekkinga av samiske spørsmål dårligare enn nokon gong i avisa si historie. Eg kan bare hugse at han ein einaste gong har uttalt seg om noko samisk. Som nytilsett redaktør trakk han tilbake forgjengaren sitt løfte om spalte på samisk. Sidan har det vore taust som i grava. Dette kan ikkje vere ei forglømming, det er ei bevisst politisk linje. Det har gjennom årevis vore retta sterk kritikk mot mangelen på stoff om samepolitiske spørsmål og elles saker frå distrikts-Noreg. All kritikk og konkrete forslag er avvist av redaktør, styre og generalforsamling, med reelle eller formelle argument.

Den einaste samiske spaltisten avisa har hatt blei for nokre år sidan sparka og erstatta med ein EU-tilhengar frå Oslo. Underteikna har vore med på å gi ut to bøker om samiske skoleforhold. Begge bøkene har Klassekampen fått for å gi bokmelding. Ingen av dei har dei sjølv funne bokmeldarar til, og dei har heller ikkje villa prente innsendte bokmeldingar. Det kunne vore nemnt haugevis av eksempel på samar og andre med interesse for samiske spørsmål som forgjeves har forsøkt å få noko inn i Klassekampen. Eg seier ikkje noko på at nokon av dei i dag omtaler Klassekampen som ei samefiendtlig avis.

I styresmaktene sin kamp for å utrydde samisk språk, kultur, samfunns- og næringsliv er ikkje lenger den opne samehetsen eit tjenlig middel. Derimot er forteiinga i dag hovudvåpenet. Og her er Klassekampen ein nyttig reidskap.

Er det ingen på venstresida som hører Mari sitt rop?

Svein Lund

Til startsida.

sveilund@online.no