Debattinnlegg sendt Klassekampen 28.01.2003. Prenta 13.02.2003.

Svein Lund

Kor går Klassekampen?

6 år har gått siden den store krigen om Klassekampen, som endte med redaktørkasting og påfølgande utskifting av neste heile redaksjonen. Kampen var hard og bitter, og alle sår er vel enno ikkje heilt grodd. No bør likevel tida vere mogen for eit par sentrale spørsmål:
- Kva dreidde kampen seg om den gongen?
- Kva for endringar skjedde etter redaktørskiftet?
- I kva for retning går avisa i dag?

Bjørgulv Braanen har fleire gongar gjort det klart at han var usamd i det som skjedde i 1997. Sjølv var eg blant dei som kritiserte utviklinga i avisa midt på 1990-talet, men eg vona i det lengste at det kunne vere mogleg å få ei endring utan å sparke redaktøren. Først da det blei klart at den dåverande redaksjonsleiinga avviste all dialog med kritikarane, slutta eg meg til kampen for ei utskifting. Eg skal ikkje her diskutere AKP si framferd, da det ville bli ein heil kronikk aleine, men konsentrere meg om den politiske kritikken. Kritikken frå ein stor del av avisa sine støttespelarar var ikkje eintydig og samla, men vi kan skilje ut nokre hovudsaker:
- Avisa var for intellektuell og akademisk.
- Kulturstoffet var i stor grad borgarlig i innhald
- Ein baserte seg ikkje lenger på KK-aktivistane, men på profesjonell marknadsføring
- Avisa var for Oslo-sentrert og dekte distrikts-Noreg dårlig
- Avisa støtta ikkje politisk grunnplansaktivisme
- Avisa knyta seg for nært opp til SV.

Eg oppfatta det som Jon Michelet forsøkte å gjøre noko på alle desse felta. Det var ikkje alt han fikk til, og han var ikkje like engasjert i alt, men retninga dei første åra var positiv. Etter kvart har ein falt meir tilbake til taktene frå midten på 90-talet. Med det siste redaktørskiftet er denne utviklinga aksellerert:
Kulturstoffet blei nylig i eit innlegg karakterisert som ”Overklasse-kampen”. Debatten på kultursidene i Klassekampen går ofte langt over hovudet på både meg og mange andre lesarar.

Oslo-sentreringa er trulig verre enn nokon gong, og det seier ikkje lite. Mens andre aviser, også på Klassekampens storleik (Nationen), ser seg i stand til å halde seg med eit nettverk av korrespondentar og kontaktar rundt i landet, har Klassekampen sin redaksjon avvist ei kvar desentralisering av redaksjonen, og ei kvar oppbygging av korrespondentnett. Dei frilansjournalistane som har skreve for avisa har stort sett gitt opp på grunn av den måten dei har blitt behandla på av redaksjonen. Konsekvensen av dette er at i ei tid da distrikta kjempar med ryggen mot veggen for å overleve, har dei ikkje noko organ i Klassekampen. Der er dei intellektuelle grubleria til urbanisteliten i Oslo viktigare. Fram til i haust var Magnar Mikkelsen sine vekentlige epistlar eit friskt pust frå den absolutte utkant. Han er no støytt ut i det ytterste mørke, og bytta ut med tirsdagsskribent frå Oslo.

Her om dagen fikk vi forsikring om at Klassekampen framleis skal vere ei Nei-avis. Tenk at det er naudsynt å fortelle det. Det er med sorg eg må konstantere at den viktigaste og beste nei-avisa i dag ikkje heiter Klassekampen, men Nationen. Kort oppsummert: Alt vi kritiserte Klassekampen for i 1997, har vi no fått tilbake i fullt monn. Men verken AKP eller Klassekampen sitt styre tør å meine noko. Og da Klassekampen-forum blei for kritisk, kutta redaktøren navlestrengen og lot kritikarane sigle sin eigen sjø.

Eg ser allereie for meg innvendingane frå redaksjonen. Eg er sur og antagonistisk og vil bare motarbeide Klassekampen. Men dette er skreve ut frå eit engasjement FOR avisa, som har vart i over 30 år. Eg har først forsøkt med konstruktive forslag, men ikkje fått spalteplass for dei. Om eg får lov, tar eg dei gjerne opp igjen i eit nytt innlegg. Denne gongen sluttar eg av og vonar eg har provosert og inspirert til ein debatt.

Svein Lund


Fleire innlegg om Klassekampen

Til startsida

sveilund@online.no