Debattinnlegg i Klassekampen 18.01.2006

Svein Lund:

Kva er galt med Klassekampen?

Den siste månaden har det igjen endelig blitt ein offentlig diskusjon om Klassekampens politiske linje. Det vil eg hilse velkommen, men dessverre har diskusjonen begynt på ein svært uheldig måte, noko som har ført til dei verst moglege resultat så langt. Jorun Gulbrandsen gikk ut med harde skuldingar om “Illusjonsfabrikk for AP” og flåsete samanlikningar med Se og Hør. Kritikken var lite konkret og utan idear til korleis avisa skulle kunne bli betre. Med det fikk den borgarlige pressa og andre tilhengarar av Klassekampen si høgredreiing utlevert gratis ammunisjon til årets utgåve av ønskereprisa: Kor lite AKP betyr, kor ille det er at AKP har aksjar i Klassekampen og kor viktig det er at partiet blir heilt og definitivt gravlagt så snart som råd.

Med straks å erklære kritikken som nytt forsøk på redaktørkasting klarte Bjørgulv Braanen å legge ballen daud og få AKP-leiaren til å legge seg langflat og erklære full tillit til redaktøren. Som på si side kunne innkassere ein full siger og avisa kan fortsette under mottoet “Ein kvar kritikk er mistillit”.

Det er som kjent ikkje noko nytt at Klassekampen sine lesarar engasjerer seg i avisa og har meiningar både om det som kjem på prent og om korleis avisa burde ha vore. Dei skiftande redaktørane har forholdt seg svært forskjellig til dette lesarengasjementet. Mens enkelte tidligare redaktørar har ønska kritikken velkommen og laga konferansar og forum for utvikling av avisa, har noverande redaktør hatt ei haldning prega av tankar frå eineveldet si tid. (Eineveldet er ikkje stort betre om det maskerer seg bak redaktørplakaten). Eit uttrykk for dette var at redaktøren kappa alle band til debattforumet KK-forum. Blant mange noverande og tidligare lesarar av avisa har det lenge vore misnøye med nokre sentrale spørsmål. Eit av dei peikar Jorun Gulbrandsen på: Haldninga til den noverande regjeringa.

Eg deler her ein del av kritikken hennar, sjølv om eg ikkje er riktig nøgd med måten han blei framført på. Haldninga til regjeringa er ein del av ei generell høgredreiing av avisa sin politikk. Denne slår gjennom i såvel i prioritering av kva ein skriv om, den politikse linja som blir uttrykt på leiarplass, i val av journalistar og spaltistar.

Avisa kallar seg Klassekampen, men innretninga er stadig meir på intellektuelle høgt utdanna og “kulturpersonligheter”. Den vanligaste yrkestittelen blant bidragsytarar er for lengst blitt professor og kronikkforfattarar og debattantar overgår kvarandre i å levere fine titlar med cand. og dr. ditt og datt. Det store fleirtalet som avisa skulle representere er fråverande både som bidragsytarar og stort sett også som intervjuobjekt.

Gjennom svært mange år har det blitt kritisert at avisa har vore for Oslo-sentrert. Denne kritikken har vore framført under alle skiftande redaktørar, men stoda har trulig aldri vore så ille som i dag. Dagens regime har ein klar politikk på at alle journalistar skal vere i Oslo, og ein ønsker verken å bruke korrespondentar eller frilansjournalistar. Ønsket om ei avis for heile landet førte for eit par år sidan til opprettinga av eit distriktsaksjelag. Dette stilte til generalforsamling med forslag om endringar, som blei fullstendig avvist, også av AKP sine representantar, met henvisning til det opplyste eneveldet (redaktørplakaten). Etter 4 år med noverande redaktør ser eg ingen teikn som tyder på at han verken ønsker å betre distriktsdekkinga eller innrette avisa meir på vanlige arbeidsfolk.

Diskusjonen om Klassekampens politikk og prioritering bør ikkje i første rekke bli ein diskusjon om AKP. AKP har i svært stor grad støtta redaktøren mot kritikk frå lesarar rundt i landet, bl.a. når det gjeld distriktsdekkinga. Kritikken min rammar derfor i stor grad også AKP. Misnøyen med avisa sine prioriteringar er langt frå avgrensa til AKP-miljø. F.eks. kjenner eg fleire SV-medlemmar som har sagt opp abonnementet i protest mot den klassemessige og geografiske innrettinga på innanriksstoffet.

Eg ønsker ikkje ei gjentaking av det som skjedde rundt redaktørskiftet i 1977. Derimot ønsker eg ein open diskusjon om utviklinga av avisa. I denne diskusjonen må det vere tillatt å tenke framover og minne om at stillinga som redaktør i Klassekampen er ei åremålsstilling. For oss som ikkje likar vesentlige sider ved utviklinga av avisa under noverande redaktør, bør det derfor også vere legitimt å tenke på at det kanskje vil vere ein fordel med fleire søkarar ved starten på neste åremål i 2007.

Svein Lund


Til hovudsida.

sveilund@online.no