Innlegg i Klassekampen 23.06.2003

Svein Lund:

Er Klassekampen redd for diskusjon om distriktspolitikken?

Til Klassekampens generalforsamling 12.06.03 hadde distriktsaksjelaget sendt inn eit forslag om å betre distriktsdekkinga i avisa. Forslaget blei forskriftsmessig referert i samband med innkallinga til generalforsamlinga, på sider som trulig dei færraste av avisa sine lesarar les. Eg oppmoda redaksjonen til å skrive noko om dette, fordi det er ei sak som interesserer ein stor del av lesarane, eg vil tru dei aller fleste med unnatak av ei lita kjerne urbanistar i Oslo. Eg foreslo at dei kunne intervjue nokon frå distriktsaksjelaget og ikkje minst nokon frå redaksjonen / styret om kordan dei stilte seg til forslaget. Ingen ting skjedde, og eg fikk helder ikkje noko tilbakemelding på kvifor ein ikkje ønska dette.

Laurdag 14.06. skreiv avisa om resultatet av generalforsamlinga. Her er det bare styresamansetninga som blir trukke fram, dei innsendte forslaga blir ikkje nemnt. Dette fell inn i eit mønster: Klassekampen ønsker minst mogleg diskusjon om eigen profil og eigne prioriteringar, ikkje minst er ein redd for ein open diskusjon om den katastrofale Oslo-dominansen. Det har heldigvis vore mogleg å få inn nokre få innlegg, men desse blir konsekvent ikkje besvart, og ein vil heller ikkje lage intervju med folk som har forskjellige syn på dette.

Sidan forslaget frå distriktsaksjelaget ikkje er referert, går eg ut frå at det ikkje blei vedtatt. Men vi som ikkje var tilstades på generalforsamlinga skal ikkje få nokon klar informasjon om dette. Vi skal heller ikkje få vite kvifor redaksjonen og den største aksjonæren AKP er mot å betre distriktsdekkinga. (No tar eg kanskje feil, men så langt er det ikkje noko som tyder på det motsette. Tar eg feil får dokker rykke ut og seie frå.) Av referatet i KK kan ein lese at forslag frå aksjelaga om styremedlemmar blei røysta ned. Ettersom AKP har fått 3 av 5 styremedlemmar, tyder alt på at det er AKP som med sin store aksjepost framleis sit med bukta og begge endane og demonstrerer at aktiviteten i aksjelaga ikkje er noko verdt, for det er makta, dvs. talet på aksjer, som rår. Her som i andre aksjeselskap.

Det blir i referatet gjort eit stort nummer av at den nye styreleiaren ikkje er medlem av AKP. Det er likevel ingen ting som tyder på at dette vil føre til eit utvida perspektiv i styret. Den nye styreleiaren er så vidt eg kan sjå identisk med leiaren for valkomiteen, og ingen ting tyder derfor på at han står for noko anna enn AKP og redaksjonsleiinga.

Det er ein ting som har undra meg. For 6 år sidan sørga AKP for å kaste dåverande redaktør. I dag har noverande redaktør, som var mot det dåverande redaktørskiftet, sørga for å føre avisa tilbake til der vi sto før redaktørskiftet i 1997. Likevel synast AKP no å vere såre nøgd. Ein vil ha makta i styret, men det er heilt uklart kva ein vil bruke denne til, ettersom AKP i dag ikkje meiner noko som helst om Klassekampen si linje. I alle fall ikkje offentlig.

Lesarane bør har krav på å få vite kva som skjer med forslag som er innsendt til generalforsamlinga, og vi bør få vite kor sentrale folk står i denne saka. Eg vil med dette oppmode følgande til å svare på kva dei meiner om forslaga frå distriktsaksjelaget:
1. Redaktør Bjørgulv Braanen
2. Styreleiar Geir Berdahl
3. AKP-leiar Jorun Gulbrandsen

Om nokon ikkje finn forslaga frå distriktsaksjelaget, står dei i KK for 31.05.03, side 12 og på denne adressa: home.online.no/~sveilund/media/distfors.htm


Til startsida

sveilund@online.no