Innlegg i Klassekampen 28.04.2003

Svein Lund:

Flytt dei ut!

For eit par veker sidan hadde redaktør Bjørgulv Braanen ein aldeles utmerka leiar under tittelen "Flytt dem ut!". Denne var så god at den fortjener eit par små sitat: "Det er åpenbart at flyttingen ut av Oslo er et godt bidrag til å utnytte hele landet. Mange av de argumenter som ... kaster opp mot flytting kunne like godt vært brukt for å støtte alle typer sentralisering i dette landet." ... ".... bør ut av Oslo - alle sammen."

Redaktøren argumenterer godt og prinsipielt mot sentralisering og for desentralisering og gjør det klart at argumenta mot flytting kan brukast som argument for all sentralisering. Eg vil snu det litt og seie at argumenta for flytting kan brukast for all desentralisering.

Ut frå dette ser eg fram til at redaktøen, som no ved fleire høve har argument sterkt mot sentraliseringspolitikken, gir si støtte til følgande konkrete forslag, som er både logisk og moderat: Flytt ut KK-redaksjonen!

I dag sit 100% av Klassekampens redaksjon i Oslo, ein by med omlag 10% av folketalet i landet og langt under 1% av arealet. I tillegg er det ein by som er alt anna enn representativ for landet som heilskap. Det er ein by totalt utan primærnæringar, snart utan industri, der offentlig kommunikasjon går fleire gongar i timen, der ingen vegar er stengt pga. uvær og der eit stort fleirtal av befolkninga er tilhengarar av medlemskap i EU. Med utsiktspunkt frå ein slik by er det umogleg å sjå mangfaldet i det langstrakte landet vårt, og like umogleg å skrive jamnt og godt om det. I beste fall blir det ei turistreportasje ein gong i blant eller eit telefonintervju.

Eg skal i denne samanheng vere litt mindre radikal enn Braanen var når det gjeld dei offentlige tilsyna. Eg skal vere med på at Oslo trass alt er ein viktig by, og at Klassekampen for å dekke heile landet utvilsomt bør ha eit distriktskontor der. For å dekke alle sprell våre alt for sentraliserte styresmakter og den like sentraliserte monopolkapitalen foretar seg bør dette distriktskontoret kanskje til og med ha 2 journalistar. I tillegg kan utanriksavdelinga ha ein person her, for å spare på reiseutgiftene når dei må ta fly frå Gardermoen til fjerne himmelstrøk.

La meg igjen sitere Braanen: "Selvfølgelig er det en belastning for de ansatte å måtte flytte med hele familien til en annen del av landet. Men tross alt er det ikke arbeidsløshet det er snakk om. De ansatte er sikret gode jobber dit de kommer. Og det kan vel ikke være så forferdelig å måtte flytte fra Oslo til Bodø, Trondheim..." For ikkje å snakke om kva ein kan spare. Her i Guovdageaidnu kan ein få husrom for halvparten av utgiftene i Oslo, og mindre skatt har vi og. Og buss til næraste flyplass har vi anna kvar dag.

Mange av KK sine tilsette har også bakgrunn frå andre landsdelar og vil sikkert lukte på eit flyttetilbod. Om nokon absolutt vil bli i Oslo, har vi tidligare sett at det ikkje er noko problem for KK-journalistar å få jobb verken i VG, Dagsavisen eller Dagens Næringsliv. Og rundt om i landetfinst det ei mengde skriveføre folk som gjerne overtar.

Som lesarane vil forstå, er dette eit svært moderat og forsiktig forslag, som ei radikal avis som Klassekampen og dens støttespelarar på venstresida ikkje burde ha noko problem med å slutte seg til. Dessverre er eg likevel noko tvilande til om Braanen & Co vil juble over forslaget. Tvilen bygger på dei røynslene eg og mange fleire som har forsøkt å skrive eller tipse frå distrikta har gjort dei siste åra og særlig det siste året.

Som tidligare korrespondent for Klassekampen blir eg stadig nedrent av folk som vil ha meg til å skrive eller hjelpe dei å tipse Klassekampen. Eg må dessverre bare svare at det kan eg ikkje, for stoff frå utkanten er ikkje interessant for Oslo-avisa Klassekampen, og eg ser ingen vits i å bruke tida på å skrive for ei søppelkorg i Oslo. I alle fall sit eg på eit lass med gode tips, dersom nokon vil ha dei.

I fjor tok eg initiativ til oppretting av eit distriktsaksjelag, og serverte eit utkast til program for styrking av distriktsdekkinga. Programmet var enno meir moderat enn forslaget over, men redaktøren avviste det punkt for punkt, med eitt einaste unnatak: Å lage ei reportasje frå det eksotiske Oslo sett utafrå. Vi er no i ferd med å organisere arbeidet i distriktsaksjelaget, og interesserte (med eller utan aksjer) som vil arbeide for styrking av KK som ei avis for heile landet, må gjerne kontakte meg.


Til startsida

sveilund@online.no