Debattinnlegg i Klassekampen 13.01.2004

Svein Lund:

Klassekampen - eit einevelde?

Klassekampen står i si politiske plattform og i spaltene fram som ein forsvarar av demokrati og ytringsfridom. Avisa har alltid vore flittig til å slå ned på alt som smakar av sensur i det norske samfunnet og i andre land, og på leiingar i politiske organ og organisasjonar som gjør eineveldige beslutningar utan å høre på dei det gjeld. Denne prisverdige haldninga står dessverre i sterk kontrast til det avisa praktiserer når gjeld utforminga av avisa. Her er det eineveldet som rår.

Den sittande redaktør har for å seie det mildt, vist svært liten interesse for å utvikle diskusjon om avisa og for å ta opp kritikk og innspel frå lesarar. Noko av det første han gjorde var å stenge alt samband til det kritiske KK-forum, samtidig som rådet for avisa blei nedlagt eller døydde ut. Når no Trond Andresen kjem med forslag om eit nytt internettforum for avisa, som skal vere for abonnentar, aksjonærar og medarbeidarar, fell heller ikkje dette i smak. Redaktøren vil ha debatten i avisa sine spalter. Det er ingen ting galt med å ha debatt i spaltene, men kvifor må dette stå i motsetning til eit fritt internettforum?

Ei nærliggande årsak til redaktørens motvilje er at ein ønsker styring over debatten. Redaksjonen har sjølvsagt både rett og plikt til å redigere ei debattspalte i avisa. Det er ikkje alt som har interesse for lesarar flest, og ein må og sørge for at ikkje injurier kjem på prent. Men med styring over debatten kan redaksjonen styre meir enn som så. Dei kan avvise innlegg som er for kritiske og lesarane vil aldri få greie på kva som blei avvist. Sjølv har eg sendt atskillige innlegg til avisa. Ofte har eg fått eit automatisk svar om at KK får omlag 50 innlegg pr. dag og at innlegget mitt ligg i kø. For deretter å få fleire aviser på rad utan debattspalte i det heile, mens innlegget mitt og 50 andre pr. dag ligg og blir uaktuelle. Tyder dette på at redaksjonen ønsker å styrke debatten?

I samband med aksjeutvidinga for eit par år sidan tok eg initiativ til opprettinga av eit distriktsaksjelag. Dette fikk oppslutning frå aksjonærar over heile landet, og vi sendte inn forslag til generalforsamlinga i vår, om tiltak for å styrke distriktsdekkinga. På generalforsamlinga blei alle forslag avviste, det vil seie dei blei ikkje realitetsbehandla men oversendte til styret. I dag, 08.01.2004, har eg endelig fått greie på at forslaga blei behandla av styret ein eller annan gong før 21.10.2003. Der blei forslaga om "Korrespondent og frilanser, utbygging av redaksjon(er) i distriktet og fast spalte for samisk" avvist med dette slåande argumentet: "Forslagene kan bare vurderes av redaktøren og i tråd med avisas redaksjonelle strategi". Med andre ord: Bare redaktøren kan vurdere noko som helst når det gjeld den redaksjonelle prioriteringa, sjølv i spørsmål som er heilt avgjørande for om avisa skal vere ei avis for heile landet eller ei Oslo-avis.

Etter dette må eg spørre: Kvifor har Klassekampen eit styre? Er det andre grunnar enn at lova seier at aksjeselskap skal ha det? For no omlag 7 år sidan gikk det ein hard kamp mellom redaktør og styre, der dåverande redaktør stilte ultimatum: anten fikk han styre avisa som han ville eller styret måtte kaste han. Som kjent endte det med at redaktøren blei kasta. I dag sit visst redaktøren trygt, fordi Klassekampen har eit styre som sjølv vedtar å ikkje meine noko som helst og at bare redaktøren har rett til å ha ei meining. Men korleis kan vi som lesarar ha tillit til ei avis som så til dei grader blir styrt stikk i motsetning til dei prinsipp som avisa hevdar å bygge på?


Til startsida

sveilund@online.no