Distriktsaksjelaget - Forslag til Klassekampens generalforsamling

Distriktsaksjelaget, som består av 11 aksjonærar med tilsaman 43 aksjer, har sendt inn eit forslag til Klassekampens generalforsamling 12.06.03: Som dokker ser er det eit svært moderat og forsiktig forslag, som bare ekstreme urbanistar kan gå i mot.

"Ei av dei viktigaste utfordringane for Klassekampen i tida framover må vere å betre dekkinga av heile landet. Generalforsamlinga ber redaksjonen i samarbeid med styret om å utarbeide ein plan for utvikling av distriktsdekkinga gjennom tiltak som:
1. Betre oppfølging av tips og innsendte bidrag frå lesarar. Det må vere heilt klart for ein kvar lesar av avisa kor ein skal vende seg med tips.
2. Utbygging av eit nett av korrespondentar og frilansarar, der redaksjonen brukar korrespondentane aktivt og bestiller stoff frå dei.
3. Utbygging av redaksjonen utover landet gjennom tilsetting og/eller utflytting av journalistar til distrikta (landet utafor Oslo).
4. Oppretting av fast spalte om samiske spørsmål (på samisk og norsk) og andre faste spalter om distriktspolitikk.
5. Styrking av nynorsk språk i avisa."

Vi vil oppfordre andre aksjonærar og aksjelag til å diskutere desse forslaga og sjølv komme med fleire forslag om betring av distriktsdekkinga.

Dei som måtte ønske kontakt med distriktsaksjelaget kan kontakte underteikna på sveilund@online.no eller Sigbjørn Hjelmbrekke sigbjorn.hjelmbrekke@nynorsk.no.

For aksjonærar som har aksjer utan tilknyting til noko aksjelag er det framleis mogleg å registrere seg i distriktsaksjelaget. Det må meldast inn til marga@klassekampen.no.

Svein Lund

Etterskrift 14.06.2003: Forslaget er ikkje nemnt i Klassekampens referat frå generalforsamlinga. Eg har no etterlyst kva som skjedde og kva sentrale altørar meiner om dette.


Til startsida

sveilund@online.no