Debattinnlegg i Klassekampen, 18.02.2004

Klassekampen fram og tilbake!

Mange av Klassekampen sine lesarar sperrar nok auga opp når dei opnar avisa for i dag, torsdag 11.februar. Tidligare redaktør Paul Bjerke er tilbake, denne gongen som spaltist. Slik grunngir han at han no vil vende tilbake til Klassekampen:
"Jeg vender tilbake fordi Klassekampen slik jeg ser det, nå følger samme redaksjonelle hovedlinja som vi sto for i 1997." For ein gongs skuld skal eg vere heilt samd med Bjerke. Med dette bekreftar han at Bjørgulv Braanen som redaktør i det stille har klart å føre avisa tilbake til den linja som Bjerke førte fram til 1997, og som førte til store protestar frå mange lesarar og tilslutt til redaktørskifte. I eit tidligare innlegg oppsummerte eg kritikken av avisa under Bjerke slik:
- Avisa var for intellektuell og akademisk.
- Kulturstoffet var i stor grad borgarlig i innhald
- Ein baserte seg ikkje lenger på KK-aktivistane, men på profesjonell marknadsføring
- Avisa var for Oslo-sentrert og dekte distrikts-Noreg dårlig
- Avisa støtta ikkje politisk grunnplansaktivisme
- Avisa knyta seg for nært opp til SV

Det aller meste av dette kan ein i dag seie om Klassekampen under noverande redaktør.
Etter Bjerke si erklæring kan ingen lenger nekte for at snuoperasjonen er fullført. Kor er i dag dei som kjempa for ein endring i 1997? Kan dei framleis late som ingen ting har skjedd? Har nokon gong avisa si generalforsamling eller styre vedtatt denne endinga? Eller er det slik at på grunn av den heilage redaktørplakaten så er avisa sine organ fullstendig forhindra frå å diskutere politikk?

Svein Lund


Til startsida

sveilund@online.no