Debattinnlegg i Klassekampen 08.05.2006

Klassekampen på begge sider av bordet!

(Desken i Klassekampen endra overskrifta til "Dobbeltrolle for avisa")

Tariffoppgjøret er igang igjen, og i mangt og mye er det «same procedure as last year». Men noko er likevel nytt av året. Dei statstilsette har for første gong fått ein SV-statsråd som motpart. Som kjent endrar meiningane seg raskt når ein får seg ein taburett, men at ein kvinnelig SV-statsråd skulle kreve at likelønn skal fjernast frå målsettinga med oppgjøret var vel kanskje meir enn dei fleste hadde venta.

Vi er vant med at mens andre aviser framstiller fagrørsla sine krav som urimelige og urealistiske, har Klassekampen har i alle år hatt ei hederlig dekking av tariffoppgjør. Sjølve grunnlaget for avisa har vore at ein har stått på arbeidsfolk si side. Men i år har det også her skjedd noko som ingen skulle tru var mogleg. Omsettarane har gjennom Norsk oversetterforening og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening for første gang på 15 år aksjonert for å komme opp på ei normal årsinntekt. Men kven er det så vi har i mot oss? Sjølvsagt forfattarar og omsettarar sin motpart, Forleggerforeninga. Og kvem sit som leiar der - jo samme person som er styreleiar i Klassekampen! I denne saka serverer han argument som kunne vere ein kvar NHO-leiar verdig; at norske omsettarane har betre betalt enn i mange andre land, at nokon kan tjene ekstra dersom bøkene dei omsetter blir plukka ut av ein bokklubb og at nokon er så heldige å få stipend! Grunninntekta kan altså vere låg, fordi nokre få er så heldige å få eit tillegg som andre enn arbeidsgivar betaler!

Eg hugsar ein gong da Det norske Arbeiderparti hadde parola «Trygghet for arbeid og inntekt». Ikkje ein gong dette gjeld lenger for Klassekampens styreleiar! Dersom Forleggarforeninga ønsker å skaffe seg dårlig forhold til forfattarar og omsettarar, har dei fått rette persom som leiar. Men kor lenge kan Klassekampen leve med ein slik styreleiar?

Svein Lund
Klassekampen-abonnent og medlem av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening


Til hovudsida.