Innlegg i Klassekampen, 03.02.2004

Svein Lund:

Einevelde eller samarbeid i Klassekampen?

Asgeir Bell svarar 28.januar på innlegget mitt av 13. januar med tittelen «Klassekampen - eit einevelde ». I svaret sitt bekreftar han at Klassekampen er eit einevelde, der redaktøren har all makt, og der verken styret eller generalforsamlinga kan vedta noko som helst som legg føringar på avisa si politiske linje eller geografiske og klassemessige prioritering av stoff. Som grunngiving for at det må så vere, viser han til redaktørplakaten. Eg kan ikkje finne noko her som er til hinder for at avisa sitt styre og generalforsamling gir uttrykk for kva for hovudretning dei ønsker at avisa skal utvikle seg i, f.eks. gjennom å sette som målsetting ei betre dekking av distrikta eller styrking av stoff frå bestemte felt. Dette er noko anna enn å “overprøve prioriteringer i den løpende driften av avisa”, som Bell skriv.

Bell kjem med ei viktig innrømming i svaret sitt: “Jeg kan med en gang si; mange av de saker Svein Lund brenner for, vil han finne stor sympati for i Klassekampens stab, styre, eiere og avisas venner.” Det er eg fullstendig klar over, og det er derfor eg held fram å mase på dette sjølv om det kan virke som å stange hovudet i veggen. Det er nemlig ein sentral person som ikkje har vist nokon sympati for dei sakene eg har tatt opp, avisa sin eineveldige redaktør. Da hjelper det lite at styret og dei største eigarane “toer sine hender” og uttrykker sympati, men at dei dessverre ingen ting kan gjøre. Staben har vel trulig munnkorg, som tilsette i mange andre bedrifter, når det gjeld å uttale seg om kva bedriftsleiinga gjør.

I eit innlegg som eg sendte Klassekampen, 15.10.2002, men som ikkje blei tatt inn, skreiv eg blant anna: “Den dagen eg skriv dette overtar Bjørgulv Braanen som ansvarlig redaktør i Klasskampen. Da han blei tilsett for nokre månadar sidan, kom han med ei programerklæring. Da uttalte han at det var ein del spørsmål Klassekampen enno ikkje dekka godt nok, blant dei distrikta. Han sa ingen ting om kva han hadde tenkt å gjøre for å betre distriktsdekkinga. I dei siste månadane har Braanen hatt godt høve til å vise i kva retning han ønsker å utvikle avisa. Til no har det ikkje vore noko teikn å sjå til planen for styrking av distriktsprofilen. ... Eg vil stille eit par spørsmål til redaktør Braanen, og eg vonar han vil svare på det her i avisa. Hovudspørsmålet er ganske enkelt: Du ønsker ei betre distriktsdekking. Kva for konkrete tiltak vil du gjøre for å oppnå dette?”

Det har gått over 15 månadar sidan da, redaktøren har ikkje svara og distriktsdekkinga har ikkje blitt betre. Forslaga frå distriktsaksjelaget er ikkje bare avvist på formelt grunnlag, dei er og politisk avvist i praksis gjennom at ein ikkje har følgt opp nokon av dei. Avisa si innretting på eit “kulturradikalt” akademisk miljø med sentrum i hovudstaden har knapt nokon gong vore sterkare enn under noverande redaktør.

Det burde ikkje vere naudsynt å seie det, men dette er faktisk heilt sentrale politiske spørsmål for folk flest i Noreg. Da bør ein kunne vente meir av både Klassekampen s redaksjon og styre enn at det blir forsøkt tidd i hjel eller at diskusjonen blir avvist med formelle argument.

Svein Lund
sveilund@online.no

PS. Dersom nokon av lesarane vil sjå tilbake på noko av det eg før har skrive i denne saka, så ligg ein del på internett under http://home.online.no/~sveilund/media.htm. Eg har i dette innlegget ikkje svart på alt i Bells innlegg som var verdt å kommentere. Årsaka til det er utelukkande at innlegg som skal komme inn i Klassekampen ikkje bør vere for lange. Dei som vil lese det fullstendige svaret mitt kan finne det på vevsida mi eller på det bannlyste Klassekampen-forum.


Her kjem i tillegg svar på dei sakene eg ikkje fann plass til i innlegget:

Bell skriv: “Lund unnlater å nevne at styret også oversendte innholdet i forslagene til den prosessen som pågikk i avisa for å utarbeide ny redaksjonell strategi.” Her virkar det som Bell meiner eg har unnlatt å nemne dette, fordi det ikkje passar inn i kritikken min. Einaste årsaka til at eg ikkje tok det opp er at ikkje alt kan takast opp i eit kort innlegg som ein skal kjempe om plass for å få inn. I eit tidligare innlegg har eg tatt opp denne oversendingstaktikken. Det er ein kjent taktikk på generalforsamlingar, landsmøte o.l. at ein oversender upopulære og vanskelige forslag til styret, så er dei ute av verda inntil vidare. Styret kan deretter sende forslaga vidare til ein komite, eller enno betre til ein “prosess”, der ingen kan vite kor dei har blitt av. Eg for min del gir ikkje fem øre for oversending både hit og dit, så lenge PRAKSIS viser av forslaga er avvist.

Vi har tydeligvis ganske forskjellig oppfatning av kva som skjedde rundt redaktørskiftet i 1997. Eg følgte saka sett frå Finnmark, der vi hadde ein eigen underskriftsaksjon for ny KK-leiing (og denne vedstår eg meg den dag i dag). Dengang var det for meg, og eg trur for dei fleste av dei som støtta redaktørskiftet, eit politisk spørsmål om kva slags avis vi vil ha. Derimot var AKP, som hovudaksjonær og den som gjennomførte redaktørskiftet, langt meir uklar både på kritikken av avisa og på korleis ein ønska ho endra. Det fatale med denne uklarheita ser vi i dag, når AKP støttar opp om ein redaktør som fører vidare den utviklinga som blei stansa i 1997.

“Avgjørelsen om å fjerne KK-forums formelle tilknytning til Klassekampen, kan gjerne tolkes som en avgjørelse til gjensidig nytte.” Denne setninga er så utrulig at eg måtte lese ho fleire gongar, og enno er ho like ubegripelig. Avgjerda om å bryte med KK-forum var eit einsidig brot frå Braanen si side, så vidt eg veit er denne til dags dato ikkje offisielt grunngitt, men ingen som har følgt forumet og avisa kan vere i tvil om at det var for å unngå den sterke kritikken som kom fram på forumet. KK-forum var oppretta for å diskutere avisa og for å bidra til å styrke denne. Når redaktøren heilt einsidig bryt sambandet, går det over min forstand korleis dette kan bidra til å utvikle KK-forum. Det kan sjølvsagt diskuterast om alle innlegga på forumet var like nyttige og konstruktive. Det var framme eit forslag om å dele forumet slik at ein fikk ein del som bare diskuterte avisa og ein annan som diskuterte andre politiske spørsmål. Men redaktøren var ikkje interessert i ei løysing. Når no Trond Andresen igjen foreslår eit meir innskrenka forum, kjem redaktøren med eit svar som eg tolkar som “i prinsippet tja, men i praksis nei.” Tyder det på ønske om å utvikle diskusjonen og samarbeidet med avisa sine vener (inkludert dei kritiske venene)?


Til startsida

sveilund@online.no