Artikkel i Klassekampen,

Verdas største forlag (på samisk)!

DEATNU (Klassekampen): «Båteng» står detpå vegskiltet til ein plass som heiter Fanasgieddi. Her ligg verdas største forlag, på samisk. Sju arbeidsplassar finst det her, — halvparten av dei som finst totalt i bygda.

Bøker og plater skal komme ut i Oslo. Filmar skal lagas i Oslo. Trykkeri skal og helst ligge i hovudstaden, i alle fall i byar. Teksten skal vere på bokmål, eller til nød på norsk, men gjerne på engelsk. Slik ser Kultur-Norge ut sett frå departementet og frå redaksjonane i Osloavisene. Men snur vi kartet på hovudet er det mye som ser forskjellig ut. Klassekampen har besøkt det største samiske forlaget, som også trykker meir skrifter på samisk enn noko anna trykkeri.

Fanasgieddi heiter ei bygd i Deatnu (Tana). Båteng slår det på vegskiltet, men for folket som bur her heiter bygda Fanasgieddi. Her tar vi av frå E-6,og 100 m oppe i lia stoppar vi ved noko som ser ut som ein vanlig 1-etasjes enebolig. Om det ikkje var for fargane. For huset er malt i striper; blått gult og raudt. Vi er komne til hovudkvarteret til det samiske bok- og musikkforlaget Jårgalæddji. Inne finn vi ikkje bare bokutsal og kontor, men eit flunkande nytt offset-trykkeri. Her er 7 arbeldsplassar, det er halvparten av alle med lønnsarbeid i bygda.

På ei dør står det «Lemet-Jon Ivvar. Hoavdda». Odd Ivar Solbakk er det offisielle norske namnet til leiaren for Jårgalæddji. Odd Ivar er ein av 4 Solbakk-brør frå Fanasgieddi som til sammen har hatt ein finger med i spelet i ein stor del av samisk media- og organisasjonsarbeid. Sjølv har han bl.a. vore leiar i Norske Samers Riksforbund. Jårgalæddji har han bygd opp i lag med broren Aage, som nå skriv på radio og TV-kurset Sámás. Lista over bøker frå Jårgalæddji teller over 70 titlar og spenner frå bøker for småbarn til skolebøker, dikt og romanar. Del aller fleste er på nordsamisk, men dei siste åra har dei gitt ut fleire på sørsamisk og lulesamisk.

— Det aller meste som vi gir ut er samisk originallitteratur, seler Odd Ivar Solbakk. — Det er slutt på den tida da samiske lærebøker bare var ei oversetting av norske lærebøker. Nå skal vi gi ut omlag 20 nye lærebøker i vinter, og alt er originalstoff. Det vil bety eit stort skritt framover for samiske lærebøker. Her er fortsatt ein skrikande mangel, for vidaregåande skole fins i dag 4 — fire lærebøker på samisk!

— Men kjem noko av den litteraturen som blir skreve på samisk ut over dei som les samisk?
— Ja, historiebokserien «Boares áiggit Sámis» (Gamle dagar i Sameland) vil nå bli oversatt. Vi planlegg og å gl ut nokre barnebøker i norsk oversetting. Ei av dei vi ventar oss mye av er Arvedávgge mánát» (Regnbogebarna) av Ellen Marie Vårs. I denne boka samlas alle undertrykte barn i verda på regnbogen og så tår dei med seg alle verdas barn for å gjøre slutt på krig og undertrykking. Den boka kjem og som video og vi satsar på oversetting til både norsk og andre språk.

— Video? Så Jårgalæddji har kasta seg ut på den marknaden og...
— I lag med Nordisk Video i Kirkenes og Norsk Tekst i Oslo har vi danna eit firma som helter Samivision (ja, det skrivas på samisk-engelsk!). Den første filmen er under arbeid, den bygger på barneboka «Bluppe ja giđđadulvi» (Bluppe og vårflaumen). Ved sida av eigne produksjonar vil vi kjøpe inn norske og utanlandske filmar og dubbe dei med samisk tale.

— For nokre år sidan dreiv Jårgalæddji og ga ut plater, har dokker heilt slutta med det?
— Vi starta faktisk først som muslkkforlag i 1974, først 2 år etter begynte vi med bøker. Men vi måtte kutte ut musikken for 4 år sidan fordi støtteordningane blei forverra. Det er ikkje mogleg å drive lønnsomt med å gi ut samisk musikk. Marknaden er så liten at vi er heilt avhengig av kulturmidler frå staten. Men nå er støtteordninga blitt endra til det bedre igjen, så nå startar vi opp igjen med å gi ut nye plater med Amund Johnskareng og Deatnugádde Nuorat (Tanabreddens Ungdom).

Når vi i ei lita bygd på Finnmarksvidda finn eit heilt nytt og moderne offset-trykkeri, så må vi jo spørre:
— Korleis har dokker fått råd til dette? Dokker har vel fått ein masse støtte frå Distriktenes Utbyggingsfond og Samisk Utviklingsfond og ein masse andre fond?
— Ikkje eit øre, seier Odd Ivar. Det er heilt umogleg å få gjennomslag både hos næringsstyresmaktene i Finnmark og hos DUF. I DUF har del ikkje folk med peiling på samiske forhold. Del grunnga avslaget med at det er trykkeri nok i Finnmark. Men da ser dei ikkje at det trengs trykkeri som kan samisk. I dag er det vi som har det aller meste av trykking på samisk. Vi har oppdrag i mengder, og kunne gjerne utvida.

Vi har ei ekstrautgift på 40-50 prosent for å trykke på samisk, men får ingen støtte til det. Dei konsulentane som sit i DUF og departement har ikkje peiling på samiske forhold. Som bedrift er vi pliktig å få rekneskapet revidert av statsautorisert revisor. Men det fins ikkje utdanna revisorar som forstår samisk, og mye av korrespondansen vår er bare på samisk.

— Har dokker bra med fagfolk i trykkeriet?
— Nei, her er ingen med utdanning. Vi har 2 lærlingar, og for å tå godkjenning som lærebedrift må ein faglært trykkar sørpå reise fram og tilbake. Og gjett kem som må betale for det...

Vi har ikkje glømt at styresmaktene etter Altaaksjonane sa det ikkje skulle stå på pengar for å styrke samisk kultur. Men vi ser stadig at praksis er den motsatte.

SVEIN LUND


Til startsida

sveilund@online.no