Artikkel i Klassekampen, (dato)

Uventa samisk litteraturepris

Davvi Girjis litteraturpris for 1998 gikk til Berit Johnskareng for ein serie med lærebøker i samisk som andrespråk for grunnskolen. Arbeidet ho har gjort er kanskje noko av det viktigaste dei siste åra for bevaring og utvikling av samiske språk og kultur.

Av Svein Lund, Kárášjohka

I løpet av eit knapt tiår har Berit Johnskareng skreve 11 bøker, og dette dekker no heile undervisninga i (nord-) samisk andrespråk i grunnskolen med lærarrettleiingar til.

- Eg ser dette som ein pris til elevane, seier prisvinnaren. — No har dei endeleg fått stadfesta at dei er viktige og at det blir sett pris på at det blir laga lærebøker for dei.

Av dei omlag 1.500 elevane som les samisk i norske grunnskolar har vel halvparten samisk som andrespråk. Dette er oftast elevar som har samisk bakgrunn, men som på grunn av fornorskinga har norsk som heimespråk. Svært ofte er ein eller fleire av besteforeldra samisktalande, mens foreldra ikkje snakkar samisk. At desse elevane får eit godt tilbod er svært viktig, for som Berit Johnskareng seier: — Utafor Indre Finnmark er det andrespråksundervsininga som tel, ho er heilt avgjerande for om samisk skal kunne overleve i framtida.

Interessa for å lære samisk har tatt seg kraftig opp dei siste åra. For eksempel er talet på grunnskoleelevar med samisk som fag i Troms fylke auka frå 10 til 300 på eit tiår. For dei aller fleste av desse, er samisk andrespråk. Andrespråkselevane er spreidd rundt i heile det samiske busetringsområdet.

Forsømt gruppe

Andrespråkselevane har på alle måtar vore ei forsømt gruppe. I område der ein større eller mindre del av elevane har samisk som førstespråk har desse blitt prioritert først både når det gjeld læremiddel og lærarar. Samtidig har svært mange kommunar utanfor forvaltningsområdet til samisk språk gjort lite eller ingen ting for å legge til rette for samiskundervising. Det er eit utal av historier om kamp mot kommunalt byråkrati, stadig skiftande lærarar, ingen vikarar, samisktimar etter at skolebussen har kjørt og så vidare.

Det er mange år sidan det blei rekna med at det mangla 200 samisklærarar i Noreg. Sjølv om fleire har komne til, har etterspørselen også auka, så det spørst om ikkje det manglar like mange i dag. Mange lærarar har gjort ein stor innsats sjølv om dei har mangla formelle kvalifikasjonar, men nokre gonger har det vore sett lærarar til å undervise i samisk som kunne langt mindre enn elevane. Læreboksituasjonen har ikkje vore stort betre enn lærarsituasjonen. Dei gamle lærebøkene var prega av grammatikk og utfyllingsoppgåver og ingen visste eigentleg kva for skoletrinn dei var skreve for, sidan elevar har opplevd å bruke dei samme bøkene om igjen både i barneskolen, ungdomsskolen og vidaregåande. Med Berit Johnskareng sine bøker har ein fått bøker for kvart klassetrinn tilpassa nivået og interessene til elevar på dei ulike alderstrinna. Og ikkje minst tilpassa den situasjonen desse elevane lever i. Det nyttar ikkje å komme til elevar i Kåfjord, Steinkjer eller Oslo med ein samekultur som berre handlar om reindrift i Guovdageaidnu.

Andrespråk for vanskeleg?

I motsetnad til kva vi vanlegvis legg i omgrepet «andrespråk» (norsk for innvandrarar eller elevar med samisk som morsmål), er det slik at elevar med samisk som andrespråk ofte hører lite til språket utanfor dei få samisktimane. Samtidig er andrespråket det språket dei sjølve skulle ha snakka, om ikkje fornorskinga hadde tatt det frå foreldra deira. Dei kan ha eit kjenslemessig nært forhold til språket, samtidig som forholda rundt dei gjør det vanskeleg å bruke det aktivt og lære så raskt som ein ventar av andrespråkselevar.

I dei nye læreplanane for grunn- og vidaregåande skole, er undervisninga og eksamen i andrespråk lagt svært nær opp til førstespråket. For vidaregåande skole er det og rekna med at andrespråkselevar skal bruke dei samme lærebøkene som førstespråkselevar. Dette gjer at krava blir for høge og mange fell frå. Ein del elevar vel faget bort når dei kjem i ungdomsskolen, og Berit Johnskareng fortel at dei elevane som har samisk i vidaregåande skole i Oslo, har faget som B-språk. Ho spør seg difor om ein ikkje har gjort samiske ei bjørneteneste med å legge krava urealistisk høgt. Derfor kunne ho og godt tenke seg å gå vidare med å lage eigne lærebøker for andrespråk i vidaregåande og litteraturantologiar som passar for andrespråkselevar.

Enormt behov

Om vi går 30 år tilbake i tida, fanst det knapt ei bok å oppdrive på samisk. Ved sida av omsett religiøs litteratur var det berre kome ut ei handfull bøker med original samisk skjønnlitteratur. Når det gjaldt lærebøker var ein aldri kome ut over ABC-nivået. Når no samisk har fått offisiell status i tre land og skal vere undervisningsspråk frå barnehage til høgskole, er det eit enormt etterslep å ta igjen. Innanfor mange fagområde finst det ikkje samiskspråkleg litteratur i det heile. Dette blir ikkje lettare når det kjem nye skolereformer som gjer at dei gamle lærebøkene ikkje lenger kan brukast. Derfor er no Berit Johnskareng i gang med å oppdatere bøkene sine til den 10-årige grunnskolen og på samme vis må ein lage nye utgåver av lærebøkene i dei fleste fag.

Forfattarar treng hjelp

Prisvinnaren kan fortelje at ho sjølv kom i gang med å skrive lærebøker etter at ho deltok på eit seminar der ein forfattar fortalde om arbeidet med å lage lærebøker i norsk for andrespråk. No er både ho, forlaget og Samisk forfattarfo-ieining opptatt av at potensielle forfattarar må få hjelp til å komme, i gang. Difor har Davvi Girji i samarbeid med Samisk utdanningsråd heldt arbeidsseminar for potensielle lærebokforfattarar. Resultat har blitt 8-10 bøker som er laga eller på gang.

— Men det er ikkje nok å skrive lærebøker, seier forlagssjef Máret Sárá. - Skal vi få ungdommen til å lese samisk trengst det ungdomsbøker og i dag fmst det ikkje meir enn eit tital slike på samisk, ei handfull originale og omtrent like mang,é omsette. På nyåret planlegg vi difor eit seminar om ungdomslitteratur.

Det trengst også forlag som vil og kan gi ut bøkene og som har pengar til det. Det kan høyrast mykje ut når Davvi Girji aleine ga ut 53 bøker i 1997 og 44 bøker i 1998, men samtidig er ventelista lang. Dei har vel 120 prosjekt på gang, og her er det mangel på både pengar og kapasitet som gjer at det går seint. Det hender forfattarar må vente både 3 og 4 år for å få bøkene ut og Norsk-Samisk ordbok har no venta enno lenger. Med dei opplaga som er for samiske bøker, er ein heilt avhengig av produksjonsstøtte frå staten. Sjølv om løyvingane har auka til lærebøker etter dei siste skolereformene er det framleis langt igjen til løyvingane dekker behovet, både for lærebøker og original og omsett skjønn- og faglitteratur.


Til startsida

sveilund@online.no