Teatermelding i Klassekampen, 20.10.1987

Tyrkisk sagn på samisk

Ein tar eit gamalt tyrkisk eventyr, oversett det og hyttar ut nokre figurar, og vips, så har vi eit samisk barneteaterstykke. Gruppa bak den frie samiske teatergruppa «Beaivváš» i Guovdageaidnu er kjent for å satse dristig.

Om få dagar er det klart for premiere på det første stykket dei lagar etter dei blei etablert som fast teater under namnet «Sámi Teater».

«Ráhkástuvvan balva» (Den forelska skya) har blitt namnet på stykket, og etter premieren i Guovdageaidnu drar dei på turne rundt på vel 20 stader i samisktalande område i Nord-Norge, Nord-Sverige og Nord-Finland.

— Vi reknar med å nå dei aller fleste ungar som forstår nord-samisk, fortel teatersjef Svein Birger Olsen. - Men fortsatt er det ein del som manglar for å vere eit teater for heile det samiske folket. Pengane strekk enno ikkje til for å turnere i sørsamiske område.

Etter 7 år som fri gruppe i stadig kamp for å overleve er Beaivváš nå blitt til elt skikkelig teater, med gode øvingsforhold på teaterscenen til Kulturhuset i Guovdageaidnu. Der traff vi dei, og slo av ein prat i ei kaffepause.

— Skal ikkje Sámi Teater arbeide for samisk kultur? Så kjem dokker her med ett tyrkisk eventyr. Ka skal det bety?
— Det var eit tyrkisk eventyr, men nå er det samisk, svarar dei, og fortel at instruktøren, Alex Scherpf har oversatt det frå tysk til norsk, og så har gruppa sjølv oversatt til samisk, og lagt inn figurar frå samiske sagn og mytologi i staden for dei tyrkiske.

Instruktøren pratar umiskjennelig sørlending, og innrømmer tvert han ikkje kan eit ord samisk. Korleis kan nå dette gå bra?
— Ja, eg var jo skeptisk til å ta på meg jobben. Men samiske instruktørar veks ikkje på trær. Nå kjenner eg jo stykket ut og inn, så eg veit heile tida kor skodespelarane er. Det er klart det er ei ulempe å ikkje kunne språket, men det har faktisk sine fordelar og. Eg får konsentrert meg meir om arrangementet. Eg må få seie at dette er eit heilt fantastisk teater å arbeide for. Dei har noko dei fleste teater manglar: dei veit ka dei vil og korfor. Her fins liksom ikkje problem. Tenk at dei kan ta ei historie med mystiske tyrkiske figurar. Så går dei inn i samisk mytologi og hyttar dei ut med samiske. Den samiske jorda er ei god jord å så stykker i, fordi her er ein levande tradisjon. Ka om eg skulle prøvd å sette opp dette stykket f.eks. i Førde. Det hadde bare ikkje gått. Det ville fortsatt ha vore like tyrkisk.

— Eg trur ein eigentlig kunne satt opp ka som helst her, seier Halvdan Nedrejord, som er musiker ved teateret. Og så blomstrar det rundt kaffebordet med idear om ka ein kunne laga samiske teaterstykke av. Othello, Hamlet, Romeo og Julie.

Historia om den forelska skya startar med at ei skapande kraft gir ein hage til menneske og dyr, og ber dei å ta vare på hagen og leve i fred. Den vonde krafta (spela av Svein Birger Olsen) trer så inn og vil eige hagen, men menneska seier han er ikkje til sals. Da tenker den vonde at får ikkje han eige hagen, skal heller ingen andre ha nytte av han, og han hentar alle slags onde makter og sand og vind for å tørke ut hagen. Men skaparen har skapt ei sky (Sverre Porsanger) som forelskar seg i mennesket (Ann Jorid Henriksen). Skya regner seg tom for å berge hagen. Hagen er redda, men skya er borte, og mennesket sørger. Ka som så skjer vil dei ikkje røpe, bare at det går bra og at poenget har å gjøre med at kretsløpet i naturen må opprettholdas.

— Dette er heilt i samsvar med samisk tankegang, seier Ann Jorid Henriksen. Ein skal ikkje eige verda, men forvalte dei ressursane ein har fått. I samisk tradisjon er og eigedomsretten kjelda til det vonde.
Og det er vel ein tankegang mange av Klassekampen sine lesarar vil ha forståing for.

Utanom dei som er nemnt, er skodespelarane Mary Sarre, Åilu Gaup, og Mikka Gaup (hovudrolla i filmen «Veiviseren»), og Roger Ludvigsen er med å lage musikken.

SVEIN LUND I GUOVDAGEAIDNU


Til startsida

sveilund@online.no