Svein Lund:
Alle ungar må ha rett til undervisning, på morsmålet. Men ingen land i Europa har i dag gjennomført dette på skikkelig vis. Resultatet er at ungar frå nasjonale minoritetar får langt dårligare undervisning enn andre, dei blir i praksis utdanna til å ha dei dårtigaste jobbane og den høgaste arbeidsløysa.
Dette er noko av det vi lærte da vi var på kurs i Hammerfest om det å vere tospråklig. Det var den finske språkforskaren Tove Skutnabb-Kangas som heldt kurs for innvandrarar, lærarar og andre som kjem bort i problema med å ha to språk. Ho hadde tre kurs med tilsaman omlag 60 deltakarar, noko som syner at dette er eit stort og aktuelt problem for framandarbeidarane og ungane deira.
Hammerfest har kanskje fleire framandarbeidarar enn nokon annan stad i Nord-Norge. Her er ei stor gruppe med finske jenter som jobbar på Findus. Mange av dei blir bare eit år eller to og reiser så hjem igjen til Finland, mens ein del giftar seg med norske og slår seg ned i byen. Den nest største gruppa er tamilane, ein nasjonal minoritet frå Sri Lanka. Dei jobbar og mest på Findus, men til forskjell frå finlendarane har dei innvandra i heile familiar, derfor er det tamilar både i dagheim, grunnskole og videregåande skole i Hammmerfest. Ellers er her folk frå ganske mange land.
--- Bilettekst: Fra venstre ser vi Edith Rohini Marianaygam, Elisabeth Lønnå og Tove Skutnabb-Kangas. Elisabeth Lønnå er lærar og driv undervisning for framamdarbeidarar og var initiativtakar til kurset. ---
Dei opplysningane og synspunkta Tove Skutnabb-Kangas kom med skulle sikkert vere av interesse for alle som høyrer til eller er i kontakt med nasjonal minoritetar, enten det er samar eller framandarbeidarar. Derfor har vi fått lov å gjengi her eit samandrag av det som kom fram på kurset.
Skal ungane greie å halde på morsmålet sitt og utvikle det trass i presset utfrå, treng dei all støtte dei kan få heime. Det beste er at foreldra bare snakkar morsmålet med ungane. Dette gjeld sjølv om foreldra har forskjelige morsmål. Snakkar f.eks. mora finsk og faren norsk bør mora bare snakke finsk til ungane, sjølv om ikkje faren kan dette språket. Tidligare blei det sett på som ein dårlig ting å vere tospråklig. No prøvar mange å gå tilbake, å snu utviklinga. Dei vil ikkje la ungane miste språket til foreldrane. Over heile verda prøvar folk å finne tilbake til røtene sine. Vi ser at nasjonale minoritetar og undertrykte nasjonar vaknar og vil kjempe for kulturen sin og språket sitt. Dette er ei bra utvikling.
— Du har reist mye rundt og snakka om problem kring det å vere tospråklig. Kva for inntrykk har du
av kva folk veit om dette?
- Folk veit stort sett ingen ting. Dette kan ein ikkje kritisere folket for, myndighetene har sabotert all forskning og opplysning om disse problema.
— Kva slags bakgrunn har du sjølv for å kunne snakke om dette?
— Eg har sjølv vokse opp med både finsk og svensk. Så har eg jobba som lærar på ein
to-språklig yrkesskole i Finland, eg har sett mye av korleis skolen verkar som eit undertrykkings-instrument mot arbeidarklasseungane. Eg har studert språk, pedagogikk og psykologi ved universitetet, men der lærte eg ingenting.
Det eg har lært har eg mest lært gjennom praksis. Seinare har eg vore lærar ved universitetet i Finland. Der måtte eg kjempe for å få halde førelesningar om tospråklighet sjølv om dette er eit daglig problem for store delar av folket. Så eg slutta på universitetet, da eg syntes at dei ikkje dreiv med dei viktige samfunnsspørsmåla i det heile. Etter det har eg drivi mye og reist rundt og holdt kurs om to-språklighet. Mellom anna har eg hatt kurs for samiske lærarar og foreldre og eg har hatt mye kontakt med samisk utdanningsråd. Eg har inntrykk av at det jobbar etter omtrent dei linjene eg har streka opp her.
- Har det vore stor strid om dei ideane du kjempar for?
- Ja, i Finland har synet mitt vore møtt med harde åtak. Men mye av åtaka har kome frå folk som er kjøpt og betalt av Skolöverstyrelsen.
- Fins i det heile noko land som har ein bra språkpolitikk overfor nasjonale minoriteter?
- Når det gjeld innvandrarar: Nei! Når det gjeld innfødte nasjonale minoritetar har vi mye å lære av Sovjet og Kina. Sovjet gjorde mye bra i 20-åra, seinare gikk det tilbake. I dei siste åra har eg inntrykk av at der har blitt noko bedre igjen.
Alt i 1953 slo UNESCO fast at skriftspråkinnlæringa må skje på morsmålet - i minst 6 år. Men dette har ikkje medlemslanda tatt stort omsyn til. Nå i år er det ein UNESCO konferanse i Heidelberg i Tyskland. Til denne konferansen er det skrivi ein rapport om stoda til framandarbeidarane i Noreg. Denne er svært avslørande og kritisk til den norske politikken overfor framandarbeidarane. Derfor har den norske regjeringa forsøkt å stoppe han. Det skulle jo si seie litt om regjeringa si vilje til å bedre på framandarbeidarane sin situasjon.
- Det var veldig interesant å høyre på ho Tove, seier Edith. Det er heilt rett det ho sa at morsmålet er veldig viktig. Eg kjente meg sjølv godt igjen.
- Korleis opplevde du overgangen frå Sri Lanka til Norge?
- Det er vanskelig å lære eit heilt nytt språk. Da eg kom hit til landet byrja eg rett inn på skolen i 8. klasse. Vi har lært engelsk på skolen heime, for landet vårt har vore engelsk koloni.
Så dei einaste timane eg forsto noko på skolen her var engelsktimane og litt av matematikken. Men lærarane oversatte og hjalp meg og så fikk eg ekstraundervisning i norsk 8-9 timar i veka.
- Har du fått noko undervisning i morsmålet ditt etter at du kom til Norge?
- Ja, det siste to månadene har vi hatt tamil-undervisning to timar i veka.
- Kva synes du om det?
- Eg blei veldig glad da eg fikk lære meir tamil. To timar i veka er lite, men det er bra at vi får noko. Ein blir lei av å bare lese framande språk. Vi må lære morsmål. Mange tenker at vi vil bli svake i norsk om vi lærer tamil, men det er ein veldig misforståelse. Noen tamilar
meiner og at vi ikkje treng morsmålsundervisning, at det er nok med norsk. Dei skulle vore og høyrt på kva ho Tove sa.
- Korleis greier de å halde på kulturen dykkar når de bur i Norge?
- Alle vi tamilar bur i samme vegen. Mange spør oss: Kvifor kan de ikkje bu spreid omkring? Men vi må jo bu samla, for barna må lære kulturen og morsmålet våres. Vi kjøper mye mat som kjem frå Sri Lanka, og av og til brukar vi våre eigne klede heimafrå. Men etter at vi kom til Norge har vi finni mye dumt i kulturen vår, og det kuttar vi ut. Sånn som kastesystemet. I Sri Lanka er vi delt inn i 17-20
kastar, og folk av forskjellig kaste kan ikkje snakke med kvarandre. Det er stor forskjell på folk i Sri Lanka. Dei som jobbar hardt får kanskje 10 rupies i timen, mens ein som sit på kontor kan få 30 rupies. I Sri Lanka er det veldig strengt forhold mellom guttar og jenter. Her har vi ikkje så strengt, men likevel strengare enn norsk ungdom.
- Har du tenkt å bli i Norge eller trur du at du kjem til å reise tilbake?
- Det er vanskelig å reise tilbake. Det er ikkje lett å få arbeid men om eg får ein skikkelig jobb så trur eg at eg vil reise eingong. Men eg vil halde kontakten med Norge.
Til startsida