ULTIMA THULE - Det ytterste Nord. Det er så vi frys opp etter ryggen bare av namnet. Så begynner da og plata «Ultima Thule» med ein vinterstorm på Finnmarkskysten. Og gruppa Thule som har spilt inn plata kjem frå det ytterste nord; Nordkapp kommune, nærare bestemt Honningsvåg, og har satt seg fore det umulige prosjekt å skildre Finnmarks historie i musikk. Resultatet føreligg i disse dagar på plate.
"Langt nedunder evig is et urørt land, skjult i mørkets dype favn.»
Thule fortel historie om Finnmark frå istida og framover gjennom steinalder og jernalder.
Historia om eit land der folk levde av det naturen ga, og levde i fred, men landet blei herja utafrå.
Kjølvannet til de første norske blei farga rødt som trusel om død. Med hevn og trusla, på jakt etter rikdom og makt. For saman - .... Rikt land, som va øde skjønt det romma en rikdom av rang.»
Slik skildrar dei historia slik ho var, den usminka historia slik ho blei opplevd av folket som budde her.
[Beklager, her har det blitt ein feil i skanninga av teksten, eg må få tak i originalen! SL.]
Når ei plate med ein slik tekst kan komme ut i Honningsvåg, seier det at noko er i ferd med å skje. Honningsvåg sin innsats i kulturlivet når det gjeld å ta opp samiske saker har hittil gjerne vore mest prega av minst eit innslag i kvar julerevy der ein kler samekofta på ein som så blir drete ut på scenen.
Kordan har dokker kome til å sjå det på denne måten, spør vi Peer-Einar Pedersen, tekstforfattar og vokalist i Thule.
— Eg har nå forsøkt å lese ein del historie. Det er bare ein måte å oppfatte det på kordan det har gått til. Det blir bare små brokker av historia som får plass på plate.
Opprinnelig er det ein lengre konsert, men dei måtte kutte ned for å få plass. Alt går i eitt, det vekslar mellom sang og tale, mens musikken varierer, frå tung-rock til sakte og klagande i «Shaman» der folket klagar til sjamanen eller åndemanaren fordi dei ikkje forstår kvifor gudane har sendt slike ulykker over landet.
(Ei lita innvending må vi få komme med her: kvifor bruke det tungusiske ordet «sjaman», er det ikkje meir nært at vi tar opp i norsk det samiske «noaidi»?)
Gruppa Thule har ikkje blitt sa kjent utover landet enno, trass i at del har mye å fare med. Det skyldas nok mye at dei har vore ramma av fråflyttingsbølgen og stor gjennomtrekk blant musikarane. For 2 år sidan debuterte del offentlig på Midnattsrockfestivalen i Lakselv, men sidan har det blitt lite konsertar.
Nå er del på leiting etter ny trommeslagar, og håper å kunne dra på turne med dette programmet. Til å gi ut plata har Thule greidd å få støtte frå både Nordkapp kommune og Finnmark Fylke. Peer Einar Pedersen virkar heilt forferda når han forteller det. 10000 og 8000 er ikkje så mye pengar, men gir tru på at dei når fram.
Tilbake til teksten. Til klangen av kyrkjeklokker startar «Kolonisasjon»:
.. Vi fikk norske lova, og kristendom og landsforviste nordmenn sendt opp. Og dæm styrte landet på nordmenns vis. Med lova og sverd. Så kom ei anna ti, med andre menn og alt sku bli bra igjen. Men dem tok med sæ fremtia, som hørte tel oss. Vi blei slava i våres eget land, mens dæm tok med sæ rikdomman som hørte tel oss. Og litt etter litt blei vi nordmenn aille som en.
Så er vi brått i vår eiga tid, og kjenner oss igjen. Rikdommane frå Finnmark blir fortsatt rana, som dei har blitt sidan vikingtida. Og ka gjør vi med det? Thule bare spør:
Og vi slutta å tru ???? - Og vi slutta å slåss ????
Ei plate verd å høre på, og tenke over. Du finn ho nok i få platebutlkkar rundt om, så det sikraste er å bestille frå:
Thule, Boks 278, 9751 Honningsvåg.
SVEIN LUND
Til startsida