Debattinnlegg sendt Finnmark Dagblad 12.10.2012

Stadnamn, folk og finn

Under den fantastiske tittelen "Mangelen på norske stedsnavn på norske stedsnavn er farlig" gjør Aksel E. Johansen i FD 11.10. sitt beste for å heve temperaturen i debatten om samiske og norske stadnamn i Finnmark. Han vil ha seg fråbedt å bli belært av underteikna "hvemsomhelst" at "etniske nordmenn må ta samiskkurs for å lære seg de nye navnene på norske kart".

Det er så ein må takke Aksel E. Johansen for ei sjeldant klar demonstrasjon av kva det dreier seg om. Etniske nordmenn, som jo er herrefolket i nord, skal da sjølvsagt ikkje vere nøydd å lære seg eit einaste ord av andre språk, i alle fall ikkje eit så foraktelig språk som samisk, som ikkje har nokon tradisjon i våre område!

Kva om ein snudde det på hovudet: Etniske samar skal da ikkje trenge å ta norskkurs for å klare seg i storsamfunnet! Nei, dei treng ikkje norskkurs for å forstå ord som "fjell, vidde, elv, vatn, fjord og nes". Dei har fått norsken inn frå første skoledag i rundt 150 år. Men det er jo sjølvsagt forskjell på folk og finn. Johansen har virkelig gitt ein flott demonstrasjon av "etnisk og demokratisk likeverd" i praksis.

Eg har latt meg fortelje at Aksel E. Johansen held til i Alta. Det kunne vere interessant å vite korleis han i dagliglivet klarer å unngå alle dei samiske og kvenske stadnamna som omgir han på alle kantar, som Hjemmeluft (lokal samisk dialekt: Jiemmaluovta, dagens rettskriving Jiepmaluokta), Bossekop (Bossegohppi), Gakori, Kaiskuru, Russeluft (Ruoššaluovta), Peska, Raipas, Sautso (Čávžu) osv. osv., for ikkje å snakke om Áltá. Det må vere forsmedelig å vere etnisk nordmann og leve oppi slikt. Da skal vi vere glade for at svært mange samiske namn i Alta har norske parallellar (eller var det omvendt?), sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Samiske_geografiske_navn_%28Alta%29. Likevel er det nok av namn igjen å oversette for dei som kjenner seg kalla. Eller kanskje ein klarer å finne norske namn for alt om ein bare leitar lenge nok?

I følge Johansen er det snakk om "nye navn på norske kart". Dei samiske namna er altså nye, mens dei norske er dei gamle og opprinnelige. Til og med i Guovdageaidnu, unnskyld Kautokeino, har det blitt laga nye namn til erstatning for dei gamle gode norske som alle har brukt der i alle tider, slik som Breibuktnes, Skolebukt, Øverbygda, Økseidet, Østlia og alle dei andre. Ja, kor er alle dei andre forresten? Etter 25 år i Guovdageaidnu kan eg faktisk ikkje hugse å ha hørt fleire norske namn enn nettopp desse fem. Og det er jo rart, sidan det er dei norske namna som er dei originale overalt, både i Guovdageaidnu, Áltá og resten av fylket som så formastelig for oss etniske nordmenn framleis heiter Finnmark. Og fri og bevare oss for at nokon skal komme å fortelje oss kva fylkesnamnet betyr!

Svein Lund
etnisk nordmann og "hvemsomhelst"
Guovdageaidnu


Til startsida

sveilund@online.no